Den fyrste busstur

Min fyrste busstur på nærast eitt år, teksten var skrive for ca 4 månedar sidan – men aldri lagt ut. Eg legg han ut no. Pappa har byrja sykla til skulen, medan eg sit på med Terje (min nye medarbeider i IKT på Randaberg) kvar dag til jobb. Så stoda har jo endra seg.

3. oktober 2005

Stormen uler som verst. Eg har pakka meg inn i dobbel jakke, utstyrt med regnbukse og fjellsko. Dei vanlege skoa har eg i sekken. Det er heilt svart ute. Trør lett ut. Blir fort våt. Det er kaldt, men herleg friskt. Traskar nedover.

Vatnet heng fast i skoen då eg løfter han frå bakken, men forsvinn med bevegelsen fram åt eit nytt steg. Eg forflytter heile tida vatn foran meg på denne måten. Skjerfet er alt for stort. Det er digert. Mamma sitt. Eg kjøpte det til ho på H&M. Ei julegåve. Eg mister alle luer/skjerf eg eig. Vonar ikkje eg mister andre sine ting like ofte, hum.

Bussen kjem opp av undergangen Nokas-ranarane køyrde gjennom. Nokon av dei iallfall, eg gjekk jo gjennom den andre. Spurde sjåføren om det var siviltenesterabatt. Det var det ikkje. Såg etter kjende. Ingen. Jo, Marita såg eg. Men akk, det er ikkje kjend nok. Tok opp boka mi og starta lese dryppande blaut. «Ambulanse» av Johan Harstad. Mange kjensleladde noveller.

Då eg tok ein rask titt opp frå boka fann eg meg nokre meter forbi den busstoppen eg eigentleg skulle av på. Måtte gå av neste. Jogga til 8-bussen. Det sto ein lang kø utanfor. Gjekk seint. Sto i regnet og såg ikkje vitsen med å pressa meg på. Alle kjem jo på, tenkte eg. Bussjåføren ropte at folk måtte gå lengre bak. Hm. Me var framleis ein del menneskje utanfor bussen, men det hadde stoppa seg til inni. Motvillig gjekk nokon lengre bak.

Eg sto no heilt sist. Framleis utanfor bussen, men eg stakk hovudet inn. Sjåføren klaga på passasjerane igjen. Dei rørte seg ikkje. Dei sto stille! Går det ann!? Eg blei heilt frå meg. Korleis kan folk vere så, ehm, teite og. Kjenslelause. Og. Vonde? Ikkje minst teite då. Det var heilt stille i bussen. Heilt stille. Eg sto jo ikkje inne i bussen, men eg høyrde det jo. Kjende kjensla. Det var tabu å snakke i bussen. Tabu å stikke seg ut i det overfylde rommet.

Men eg kunne ikkje halde meg. Eg måtte bryte normen. Måtte seie kva eg meinte. «Kan dåkkår flytta dåkkår bagøve!?». Då flytta dei seg. Faktisk. Når eg liksom hadde dumma meg ut slik (eg kjende ingenting, sjølv om eg kjenner bussreglane; ingen snakking – i slike situasjonar drit eg plent i den sanninga).

Eg kom meg såvidt inn i bussen. Eg sto rett med døra. Regnet slo mot frontruta. Det var utruleg moro å sjå ut. Spanande. Eg fekk litt meir plass då nokon gjekk. Endå ein fyr gjekk av bussen, han eg sto ved sidan av trengte seg forbi meg – skubba hardt til meg. Skulle vel ha plassen, eller koma lengre inn i bussen. Eg såg på han, slik: «Eh, javel kamerat?».

Det blei ein ledig plass, eg visste jo at fyren veldig gjerne ville ha denne plassen – så eg nikka til han då han berre sto å såg på meg. «Tak plassen», på ein måte. Eg sa han berre måtte taka plassen, men han sa «Nei, eg går snart av» med eit lite smil. Eg blei sitjande vedsidan av ei søt jente og kjende høgre halvdel av meg bli varm. Eg smilte lett og tenkte;

Sjølv om buss er noko dritt – så kan menneskja på han vera interessante nok.

Ein tanke om “Den fyrste busstur

  1. Espen Aarhus Klausen

    E det snakk om Auglend-Marita? Hu me gjekk i klasse me? Eg hadde nok heller ikkje tatt turen bort te hu for å konversera, siden eg egentligt aldri hadde ein varme dialog me hu :)

    Buss e någe drid. Sånn vil det alltid ver. Huske tebage te gromsedagene når eg måtte ta buss for å bli sosialt akseptert. Det va ingen glede. Ein fullspekka buss kor 3/4 av bussens menneskelige befestning va av det kriminella slaget. Ja, det stemme. Bergeland på Tasta. Mormi meinte at eg måtte bruga den skuddsikkre vesten hu kjypte te meg julen 2001, for å ver 50% livsforsikra i sånne situasjoner.

    Egentligt stemme ikkje dette så mye då. Eg bare skrive det Jon vil høra.

    Men ein ting så e sikkert e at buss e någe kver by trenge. Både for miljøet og større sosiale sammentreff. Men på den andra siå begynne bussbillettane å bli stive prismessigt, någe så kan føra te at folk velge å kjøra personbilen sin istedenfor. Ein busstur sko enten vært 10 kr, eller gratis for alle så ikkje e pensjonister. Sant så det ska ver treffe du mange merkelige folk på bussen. Någe så igjen trekke opp bussopplevelsen.

    Sirkus på hjul?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.