Då eg blei kjærast med Rebecca

9. Oktober 2005: Ah! Rebecca! :D Eg var på middag hos Rebecca og Miriam i går, etter eit «veddemål» eg hadde med Reb. Det var heilt utruleg koseleg, godt og intimt på slutten. Hihihih :D Heilt til slutt kunne eg ikkje dra; bilen var dau… Det var litt småflaut : )

Eg hadde vore med Hege og Monique tidligare på dagen. Skulle køyre Falke ut på Ølberg, så stakk eg innom i same slengen. Fiksa lett på datamaskina hennar som hadde alt for lite RAM. Supertreig XP-maskin. Rommet hennar var kjempefint, eg har berre sett det frå eine kanten før og ikkje særleg skikkeleg. Men det var særs flott :)

Etter me hadde truffe vonde klassekameratar av jentene på europris og dei hadde kjøpt hårfarge stakk eg til Reb og Miri. Tor Raymond hadde parkert bilen slik at eg hadde rundt 40cm klåring for å ryggje ut. Arh. Det blei mange fram- og tilbakekøyringar før eg var ute. :)

Eg fekk god varm klem av Rebecca då eg kom inn, Miriam rett etter. : ) Prata litt med mora før me tok maten opp. Reb og Miri et ikkje tomat, Reb åt ikkje guakomole (spelling!?).


Eg slutta å skriva dette innlegget der. Eg fann ut alle ville sjå eg var forelska i Rebecca (eg har endra tittel, han var kalla «Middag med Rebecca og Miriam» før). Hadde planar om å skriva det slik òg – for å så leggja det ut når me evt. hadde blitt samen. Heh.

Det var ei utruleg tid med masse usikkerheit, veldig spanande. Synd eg ikkje skreiv meir, eg hugsar sikkert ikkje like godt no, men kjenner eg må skrive litt iallfall. Om to år hugsar eg kanskje endå mindre. Ein del ting eg ikkje skriv, men slikt gløymer eg ikkje likevel ;-)


Tor Eirik: koss gjekk det igår? :)
Odin: ∗glis∗
Odin: Heheh :p

Me sat oss i sofaen etter litt, snakka masse. Lo og hadde det moro. Så gjekk me inn på rommet til Rebecca, det var ganske rart. Det var utruleg rart. Heh. Ok. Me sat på sengja, Miriam var så overtrøytt at ho hoppa rundt på golvet. Me hadde prikka litt på kvarandre, – så handa mi var plassert på Rebecca si. Me såg på Miriam som hadde show, medan me neesten heldt hender. Det kjem eit punkt kor slike ting blir flaue, men me haldt det stadig lengre. Då blei eg sikker på at Rebecca ville med ganske grei sannsyn bli kjærasten min.

Og, – hahahah – så Miriam det. Ho sto med hode på skakke, sto å lura på kva dette var for noko. «Javel?». Så gjekk eg, og bilen ville ikkje starta. Anita (mora) hadde lagt seg, men eg måtte vekkja ho. Det var kjempeflaut, men eg kan ikkje skriva om slike detaljar.

… Litt seinare la eg handa på kneet hennar, så la ho handa oppå mi, og slik sat me kjempelengje, haha, Miriam såg ned på det og smilte og fekk eit rart utrykk i fjeset; slik «eh, javel :|:p :)». Var så enkelt å forstå situasjonen då me nærast sat og haldt hender : ))

Meg, frå chatlogg med Tor Eirik

Neste dag

Dette var litt moro. Eg sende meldig til Reb om eg skulle vera med ho litt i dag. Eg kan eigentleg lima inn høvelege delar av chatloggen til Tor Eirik. Det blir enklere. Eg snakka med han rett etter eg hadde sykla heim frå ho.

Odin Hehe. Vel. Øhm.—Det var veldig rart. Veldig rart :)
Tor Eirik hehehehe, i’m all ears ;)
Odin Hah, er ikkje berre enkelt å vite kor å byrje. Ahvel, me sat i sengja – hadde massert ho tidligare, me hadde stirra kvarandre i augo utruleg lengje. Så klåra eg liksom ikkje meir skikkeleg, eg starta sjå ned, såg lengje ned – «hva tenker du på?». Såg opp. Smilte, såg ned.—Prøvde å sjå opp igjen, såg leeengje inn i augo. Snakka litt om det.—Så hugsar eg ikkje heilt; men til slutt sa eg noko som; Eg må seie deg noko. Det er litt, øhm. Rart.
Odin Eg er, … forelska i deg.
Odin Så blei det stille, og ho fortsatte å sjå meg inn i augo,—tri, fir,—«nei? (overraska glad)»,—så brukte me masse tid slik. Sa ikkje stort. «Jeg har jo likt deg lenge», sa ho.
Odin Ho hadde litt vanskeleg for å tru det, altså; spurde “seriøst?” eit par gonger.
Odin Snakka om at kjenslene der ho trudde det var slik eg var mot alle gode veninner o.l.—Men ho hadde tenkt mykje på det, om det var noko meir.
Odin Blei alltid utruleg glad då eg kom på MSN, eller då ho var med meg osb.
Tor Eirik hihihi :)
Odin Visste ikkje kva ho skulle seie osb : )) Tenkte mykje. Hm. Det var veldig rart alt det der. Såg mykje på einannan o.l.—Stakkar Miriam. : ) Var veldig rar stemning. Ikkje heilt godt for ho lille.
Tor Eirik hehehe, va miri og der? :)
Odin Ho var nede og såg på TV.
Odin Men ho kom opp eit par gonger.
Odin Då me sto på verandaen og ikkje klåra kysse einannan (stod næærme, ein mm nærare, ein mm vekk igjen—berre nokre få cm frå einannan, eg sto på føtene hennar) kom ho. Tok opp døra. “Eeehm, jeg tror jeg vet hva som foregår her…!”
Tor Eirik
Odin Ho ville ikkje gå, me sto ute, visste mora venta på ho inne osb. Snakka om det. Så sa ho bl.a. «Jeg vil kysse deg», men det gjekk liksom ikkje : p Så eg sa at me var så like at ingen ville take leiinga.
Tor Eirik aaaaaw :) litt synd at ingen av dåkkår endte opp me å ta iniativet då :)
Odin Nok av tid, sa det óg. : ))
Odin Tidligare på dagen gjekk me åt ytraberget… Eg bant foten hennar åt min, så gjekk me opp på eit lite fjell, heldt rundt kvarandre i ein time eller så då : ))) Me sto leeeeengje på toppen og såg utover, berre haldt om einannan. (dette var før sjølvsagt)
Tor Eirik hehehe, skikkelig søtt!
Tor Eirik avtalt å møda na igjen snart? :)
Odin Ho skal på overnatting imorgon, så, nei. Har ikkje det.
Odin Eg vil ikkje trø ned dørene heller :P Sjølv om eg ikkje trur det er eit problem for ho, så er eg redd for Miriam. – Og vil ikkje at mora skal synest eg er plagsom : ))
Tor Eirik hehehe :) går jo an å møtast andre plasser enn hos hu og, vettu ;)
Odin Ja. Ho må få vitje meg her neste gong kanskje : )
Tor Eirik mhm! :)
Tor Eirik regne med du e rimelig peppa nå? ;)
Odin Peppa? Hm. Eg må sove. Jobb imorgon! Masse framover.
Tor Eirik hehehe :) hmm, ikkje mye eksessiv energi? :P
Odin Soveenergi. : ) Det var veldig roleg alt saman der. Superroleg.
Tor Eirik hehehe :)
Tor Eirik du har litt å sova på inatt :)
Odin Lange klemmar, sto i utallige minutt : ))

Så blei me saman

Ho var i Haugesund, sende eit par meldingar. Ho tenkte mykje på det.

Riktig det, men jeg fikk tross alt melding av deg først der du sa:» Eh. Korleis går det? Tenkte eg skulle sende melding til deg siden eg har tenkt så mykje på deg no», eller noe sånt. Ta med det òg ;)

Kommentar frå Rebecca

Traff ho i byen, dro til meg. Alt var så kaldt. Kaldt og overfladisk. Veldig ekkelt. Sto der i mørket og steikte pannekakar. Ho på andre sida av komfyren. Eg gjekk på do – tenkte «aghrrr!!! :((( Dette er for dumt, eg vil ikkje stå heile 30cm vekk frå ho, eg vil vera nær». Kom inn, – ga ho ein klem. Slik blei me ståande. Det var herleg. Endeleg, etter nærast ein heil dag med skulte kjensler.

«Er vanskeleg å lata som ingenting», sa eg. Og kjende eg, veldig sterkt. Litt seinare kyssa me. Så, er resten historie og noko må ein halda for seg sjølv (om ikkje keier eg dykk meir allereie enn eg har!).

6 tankar om “Då eg blei kjærast med Rebecca

  1. Rebecca

    Weeee! Dette er så moro å lese! Brings back reeeally good memories :) Ikke at jeg hadde glemt det, asså. Det hadde vært veldig rart :P

    Haha, Millam ja…Hun var ganske så hyper den kvelden, for ikke å snakke om etter at du hadde gått dagen etterpå! Hihihi, åå! Det var en utrolig spennende og herlig tid, det der:) Kjempebra innlegg, kjærst’n min! Kleeem!:)

  2. Odin

    Neophus: Heheh. Du må leggja deg på eit meir høveleg tidspunkt. Kva du er oppe 3:30 (klokka er ein time feil, må fiksa det) på ein torsdag for?

    Og elles, uhm, takk ;] Heh.

  3. Joey

    Hehe… Søtt! Blir glad av å lese slikt. Kjenner meg igjen i den utfolig pressa situasjonen som oppstår i slike øyeblikk. Nå ble jeg glad :)

  4. Odin

    Joey: Å, så herleg at du blei. Eg var sjølv usikker på kva folk ville synest. Dette er typisk slik mamma skuler på meg når eg legg ut på internett. Ho vil at eg skal halda meir for meg sjølv og ikkje gjera meg sårbar ved å skriva på nettet.

    Ahvel, sårbar, meg? Trur det er meir moderleg omhug og skånsemd på hennar side.

    Eg blei glad du blei glad. :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.