Mohaw, litt dansing ein ikkje kan styra

Så er me tilbake her frå huset der ein heng meldingar med feite krigstypar oppå fastteipa ljosbrytarar. «HUSK LYSET!». Javel? Skal eg hugse ljoset? Det er vel kanskje alt me kan gjera, etter at badet no er dømd til evig mørke av ein ljosbrytar som ikkje lengre gjer jobben sin. Slikt skjer når ein teiper han fast.

Det er Pappa som har gått berserk. Falke (ja, eg skulder på han) har det med å gløyma slukkja ljoset, det tåler ikkje Pappa. Han har irritert seg grenselaust over dette i lang tid no. Det heile har som vanleg enda med ein forhasta løysing. Han blir utruleg irritert og dummer seg. Ahvel.

Eg har gjort noko veldig moro i dag. To gonger tilogmed. Det varte ca eit sekund kvar. Var ca. ein halvtime mellom dei. Det var som å fly. Virka som om det vara utruleg lengje, og det var superherleg. Det eg nesten gjorde var å svime av.

Nesten svime av er herleg

Slik er det berre. Hadde eg aldri trudd. Men akk, for ei kjensle. Det var som eit dansetrinn, – eller, hm, nei. Meir som ein karusell! Og eg hadde ikkje noko kontroll over kroppen, men eg var stadig medviten i sekundet. Beina svikta, hovudet rulla rundt og bak, kroppen vridde seg og eg såg rett opp i taket med den herlegaste kjensla. Det er som å dansa utan å kunna styra det. Ein blir berre ført. Alt blir meir spanande slik. Hoho.

Så undrer du kanskje, avhengig av kor mykje du bryr deg om meg, korleis inni fiskebåten eg klåra nærast svima av. Veeel. Det er eg ikkje sikker på. Men då eg var hos Rebecca i går var eg ikkje heilt god. Eg var trøytt, utan å vera trøytt. På ein måte. Eg har ikkje hatt mykje søvn i det siste, så det kunne vore det. Har vore lange periodar med for litan søvn. Ikkje slik døgning her og der; nei, det har gått føre seg litt lengre. Men ikkje ekte trøytt.

Me fiksa det etter litt. Så var eg bra. Tenkte på andre ting og hadde det moro. Pappa trudde det var at eg hadde fått for lite væske i meg. Det kan vere noko. Eg tenkte over dette. Jo. Eg hadde drikke utruleg lite dei to dagane. Ein skal jo drikkja rundt 3L dagleg, eg hadde vel drikke ein tiendedel. Og over halvparten av det var kaffi. Kombinert med ikkje alt for mykje mat i det siste heller. Sjølv om eg ikkje meinte det måtte ha storte innvirknaden på det. Eg har jo trass alt levd med utruleg mykje mindre mat enn dette. Kombinasjonen av alt kan likevel vera av tydig.

Hm. Yvonne fortalde meg det alle seier (og det eg ville sagt til meg sjølv); legg deg. Hm. No er klokka 00:00. Eg hadde tenkt å runde av. Men eg kom på ein liten ting.

Omelett sånn i 11–01-tida.

Eg kom heim i går, – tidlig heime frå Reb. Tenkte eg skulle leggja meg tidlig sidan eg var litt rar. MEN! Ingen heltar kan – ehm, driva på – utan mat! Så eg tenkte; skikkeleg mat til skikkeleg dårleg gut. Så laga eg omelett. Eller noko liknande. Tok masse mjølk, eg tok originalt litt, men tenkte eg liksågodt kunne brukt all mjølka. Heile feilen med denne maten min var for mykje mjølk, så der blei feilen gjort…

No sat eg at pcen skal slå seg automatisk av om 5min av di mamma byrja klaga. Så eg må runde raskt av slik at eg får lagra dette. Ahvel. Fina vere osb. Eg hadde ikkje tenkt å runda av så tidleg, men det er vel til det beste… :) Jaja. Natta. Pass på dykk sjølve ;D Hihi.

3 tankar om “Mohaw, litt dansing ein ikkje kan styra

  1. Egil

    Brukte ikkje du pc’en te vekkerklokka før? Å slå an av ekje bra, software suspend e tingen :) 5 kopper kaffe om dagen (2,5 kopp i et krus that is) gjør godt for magen ;)

  2. Rebecca

    Offa! Syns du var litt rar, ja, men jeg trodde ikke at det var sånn nesten-svime-av-rar! Jaja, flotte greier at det føltes så herlig for deg da :) Håper bare ikke det var så herlig at du forsetter å spise, drikke og sove for lite. Tviler på at du gjør det, men jeg bare sier det. Vil jo at du skal ha det bra! :) Hihihi, glad du er bedre nå. Klem!

  3. Odin

    Rebecca: Eg var ikkje slik då eg var hos deg. Dette var nærast eit døgn seinare som sagt. Ugh, eg er framleis trøytt då. Tingen er at eg legg meg 0100 og vaknar 0700, det er 6 timar søvn. 2 timar for lite. Det er jo greitt over ein viss tid, – men no har det vore eit underskudd så lengje at eg byrjer merka det ganske hardt.

    Uhhr. På jobb. Eit par oppgåver, ein pc å fiksa, to pcar å setja meir ram i. Men alt eg vil er å drikkja litt vatn (stress å henta), så leggja meg ned og sova. Elles er det jo mange elevar i den andre GK­-klassa på Media som eg skulle ha hjulpe med xhtml+css. Men, akk. Zzz.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.