Oljeberget og Pingvinenes Marsj

Eg kom nett frå kinoen, var på ein visning av Oljeberget med regissør Aslaug Holm i salen. Etter det var det diskusjon om filmen og rundt temaet den hadde. Dette var ein særs hjarteleg og herleg film om Jens Stoltenberg, to år fram til valseier 12. september 2005. I går såg meg og Rebecca vår andre fantastiske franske film på rad; Pingvinenes Marsj.

Ordrimet var faktisk ikkje heilt med vilje, menmen. Kanskje taka ting bittelitt i kronologisk rekkjefølgje. Eg skulle møte Rebecca ein dag, så fann eg ut at eg ville på kino. Ringde ho, og det ville ho bli med på. Eg lurte på om ho ville sjå «Ein dag utan krig», sjølv om han virka utruleg klisjé og kei. Var ikkje stort anna å sjå. Me hadde sett det meste før.

Ein dag utan krig

Ein dag utan krig, (c) Oro Film

Fyrste gong eg har vore i luksussalen. Det var hyggeleg det, med gode stolar. Då me gjekk fann eg ut at dei har jo gratis kaffi og sjokolade(!!!), synd eg ikkje visste det frå før. Det fyrste som slo meg var kor roleg denne filmen var. Var få kameravinkler, men dei var haldt lengje. Herleg. Elles flotte bilete, eg forbinder fransk film med flott fotografi – og denne filmen var ikkje noko fråvik.

Eg tilrår denne filmen til folk som synest det er greitt å sjå litt rolege filmar. Altså, ikkje for dei som berre likar action og Hollywood. Ein veldig god film. Er satt saman frå ei rekkje hendingar som skjedde rundt julaften under fyrste verdskrig. Soldatar frå kvar nasjon av skyttergravane møttest på linja og blei vener. Utruleg flott, ikkje tåredryppande sentimentalt (då hadde eg nok ikkje likt det). Les linken om du vil vita meir.

Karakter: 5 av 6 (ooh, eg er snill)

Pingvinenes Marsj

Pingvinenes Marsj, (c) Oro Films

Denne hadde eg høyrd masse om frå diverse avisar. Alle skreiv om denne filmen. Det var jo enkelt å forstå, filmen var fantastisk. Eg gidd ikkje skrive noko stort meir om det, alle kan lesa det i si favorittavis (eg fann gode artiklar båe i Aftenbladet og i Dag og Tid).

Eg likte forresten musikken òg, han er lett pop-ete. I Amerika laga dei eigen musikk til deira publikum (Amerikansk krigsdrama­-musikk).

Karakter: 5 av 6 (Vakkert!)

Oljeberget

Oljeberget, (c) SF NorgeSå var det filmen eg nett kom frå no. Ein herleg film, sjølv om eg forventa noko litt meir politisk. Eg var invitert for tri dagar sidan som hovedrollemedlem i kinosonen. Det er rett og slett av di eg har bruka sjuke pengesummar på kino i det siste. Skal sei fast inntekt auker forbruket. Ein får hovedrollemedlem når ein kastar pengar på kinoen slik. Dei vanlege medlemene fekk gratisbillett til visinga og debatten etterpå fyrst same dag som han blei vist.

Eg tok opp det eg synest var ein svakheit i tittelen til filmen. Oljeberget høyrest ut som om ein meir politisk film, – korleis kan me leve i dette landet med så mykje pengar, medan fattigdom stadig auker o.l. Eg synest ikkje assosiasjonane eg hadde fått til filmen stod godt til det eg blei vist. Det som blei vist var utruleg herleg, – her har me møte mellom Kjell Inge Røkke og Jens Stoltenberg der dei forhandler under bordet, på ein måte. Det er heilt utruleg kult å sjå.

Karakter: 4 av 6

Sat ein ungdom på 12–14 år vedsidan av meg, han gjekk på Storhaug. Han spurde to spørsmål i forsamlinga med politikarar og andre vaksne farlege folk. Skikkeleg tøffing, sjølv om han såg roleg og grei ut. Stilig det der, eg skrytte av han. Bra med slike som deg, sa eg. Hihi. Vonar han kjende seg bra. Kule fyren.

2 tankar om “Oljeberget og Pingvinenes Marsj

  1. Espen Aarhus Klausen

    Javell, Maestro! Ka blir terningkaste te kver film?

    Me trenge flere dokumentarer om sånne folk så Mr. Stoltenberg! Kati komme dokumentaren om Thomas Giertsen eller Elin Tvedt? (ikkje ta det så seriøst :P)

    Eg regne nesten me at dette va ein konverteringsfilm om Stoltenberg og AP. Itte 90min va kommunismen vaska vekk fra håve ditt, og alt du klarte å tenka på va kor stor hunk Mr. Stoltenberg egentligt e. Hadde han vært singel ville sikkert båden kasta ankeret ner i vannet og avlevert fisken for å så hiva på påleggå. Gud eg elske metaforer.

    Klare du ikkje se forskjellen på ein 13åring og ein 16åring?

  2. Odin

    Espen: Eg skal setja på karakter frå 1-6 på kvar, men det er veldig enkelt og høgst subjektivt bla­-bla-bla.

    Det var ikkje ein politisk film i så måte. Diskuterte jo i kinosalen, ­- og det var ingen som hadde fått dette for seg som politisk. Aslaug sa ho ikkje ville laga ein partipolitisk film, og det lukkast ho i. Stoltenberg kjem ut veldig sympatisk, ­- men Holm ville laga ein slik film lell. Koma nær folkene ho arbeider med. Dette er ein film som kan vera med på å slå ned den politikerforakten som folk har (dumme folk).

    Men eg må seia eg sat litt meir AP­-ish igjen rett etter filmen. Og Stoltenberg ­er ein flott, flink mann då! Kan ikkje seia stort anna ;)

    Hum, kanskje ikkje 16, nei. 12-14 om eg skal vera slem, men nokon gutar på den alderen ser jo supermini ut. Eg skal endra litt på det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.