Practical Mono (ny bok) og eit mista innlegg

Då har eg tinga bok. « Practical Mono » frå Amazon.co.uk. Eg mediterte ei stund før det i dag. Trong det då eg mista 2 timars arbeid med eit innlegg her til bloggen.

Det var herleg,—mediterte i går òg. Så nyttårsforsettet mitt er godt støtta opp ;-) Før det skreiv eg eit langt, veldig kjensleladd innlegg om haldningar til alkohol, – då med utgangspunkt i kommunen sin haldning. Eg las nett ein artikkel i SA som ganske enkelt sa noko om korleis utestaden New York hadde tedd seg i det siste. Pluss at dei hadde fått utsett straffa (3 veker utan sjenkebevilging) si til januar istadenfor desember grunna økonomiske omsyn. Den der blei eg seriøst tent av.

Eg skal ikkje prøva å skriva han slik eg gjorde. Er kanskje til det beste at han ikkje kom ut. Men, off, så frustrert eg blei då eg mista driten. Tenk, – eg er så vand med overlegenheten til Linux + FireFox at eg ikkje tok den normale ­«lagra kvart kvarter» som eg er van med å gjera når eg brukar drittprogram som Internet Explorer. Eg tenkjer eg vil skriva det om igjen; men då vil eg ikkje vera så engasjert/irritert/sint/kritisk. Dimed vil eg ikkje prøva å skriva eit likt innlegg. Kanskje eit meir objektivt og mykje mindre kjensleladd eit.Truleg kjem eg ikkje til å skriva det då. Eg har framleis igjen å skriva om alkohol,—eg trudde del 1 av det skulle koma i dag. Men, akk – etter å ha ferdigskrive den greitt lange artikkelen og brukt masse tid på det gidd eg ikkje starta på ny.

Min baklengs-dag

Eg måtte som sagt roa meg ned og meditera for å kunna setja meg på pcen igjen. Då starta eg lesa masse om meditasjon på Wikipedia, pluss den vanlege surfinga rundt på linkar etter det. Typisk. Tek lang tid. No er det to timar sidan eg sat meg på pcen igjen (15). Eg brukte ein time på å meditera, så brukte eg før det to timar på å skriva, eg brukte ein time på å eta (11) og så til slutt ein halvtime på å stå opp (10:30). Det er dagen min så langt, fortalt motsatt veg.

Seinare (kl 19:00) skal eg treffa Rebecca og nokon veninner av ho, – me skal på Okkupanten i Sandnes. Det er visst ein café. Eit av nyttårsforsetta til ei av veninenne til Rebecca var å gå oftare på Okkupanten og finne på meir med resten av gjengen. Så. Hm. Ho held vel på å gjera nyttårsforsetta til praksis, nett som meg ;-)

Mono haxx0rz (:p)

< @Velmont> Practical Mono. $60 frå USA på ~20 dagar eller £40 frå England på ~4 dagar. < @Velmont> Place your recommandations gentlemen. < @jurg> England < @Velmont> usa ~= 402kr, gb ~= 468kr < @Karlsen> 4.13 pr dag, det e verdt det < @Velmont> Hehe, OK. Takk ;) < @Velmont> Thank you for your order.

Etter tilråing av mine to gode vener kjøpte eg altså boka frå England. Det er eg godt nøgd med. No får eg Practical Mono innan fem dagar. Sist gong kjøpte eg bok frå Amazon USA (det var gåver til Rebecca). Fått sansen for Amazon, kult å kjøpa bøker der :p Ai. Dei må få han inn skikkeleg fyrst ja, – dei har ikkje kopi av han der dei sender frå. Så det går raskt når dei fyrst har fått han inn, men må venta såpass lengje. Jaja, – same hadde skjedd i USA med ei så ny bok.

Boka er for nybegynnarar. Det passar jo meg bra. Det finst to typar folk som er interessera i Mono-bøker, dei som kan C# og .NET frå før, men vil no lera seg Linux og Mono. Eller dei som kan Linux, men vil lera seg Mono. Dei fyrste treng avanserte bøker som fortel kva som er spesielt med Mono i forhold til .NET, det treng ikkje eg. Eg må lera meg C# språk-syntaks tilogmed. Difor må eg ha ei god, lett bok ;-)

Planleggingsfasa av eit nytt program :]

Berre sei ifrå om nokon vil låne han etter eg er ferdig. Forresten har eg eit par prosjekt i baklomma no! Det blir spanande om eg klårar lera meg språket godt nok snart. Då kjem eg nok til å koma med ei kunngjering om at eg slepper eit program som skal ha ei faktisk nytte for andre folk. Eg vil ikkje røpe kva det er for noko endå (mohaw, tension!). Einaste som veit det er vel Pappa, Rebecca og Yvonne. Så eg for halde munn litt lengre for å hypa det :P Òg kalla vaporware (vel, ikkje eigentleg, for eg har ikkje sagt kva det gjer – men det er eit utruleg enkelt program (men nyttig for nokon få, vonar eg)).

Forresten, kan seia at eg vil utvikla det med/på/til Linux, men når det er brukbart skal eg passa på å få ein Windows-pakke slik at folk med Windows òg kan installera/bruka det. Men fyrst og framst eit Linux-program. Så, få opp forventingane folkens! :D

4 tankar om “Practical Mono (ny bok) og eit mista innlegg

  1. Karlsen

    Eg kjypte ei algebrabok fra amazon, forvente at den ligge i trondheim å vente på meg nå!

    Når det gjelde programmet ditt; vil eg som hardcore windowsbruker ha nytte av det?

    Eg har ingen nyttårsforsetter… kanskje eg og ska begynna å meditera ;)

  2. Odin

    Karlsen: Kult! :D Det er så stilig at du er så hax i matte. Herleg, blir glad av det.

    Programmet vil vera nyttig for hardcore Windowsbrukarar, ja. Om enn, kanskje ikkje deg. Det har ei avgrensa brukarmasse, men eg vil tru dei fleste i massa brukar OS X eller Windows. Likevel fokuserer eg på Linux i fyrste omgang, det er eit mykje meir opent og hyggeleg utviklarmiljø. Folkene som brukar Linux er òg mykje flinkare å gje tilbakemelding og hjelpa til. Dessutan trur eg OS X og Windows allereie har spesialprogram for dette (eg veit det er eit til Windows, men kostar jo pengar som vanleg – dessutan synest eg sjølv det er for stort/avansert)

    Hehe. Eg hadde blitt seriøst imponert om du hadde, – eg hadde aldri forventa noko slikt av deg ;-) Du er jo generelt kritisk til alt eg gjer, alt unormalt. :]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.