Vanskeleg å melda seg ut av Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund har vore til lite bry og jobba godt for sakar eg har vore dels einig i. No vil melda meg ut, men då er dei plutseleg utruleg vanskelege. Er ikkje dette organisasjonen som kritiserer statskyrkja for den same praksisen?

Eg har vore medlem i Human-Etisk Forbund i mange år og godt nøgd med det. Eg har sett på det som den rette organisasjonen til å motta mine statsstønadpengar. Heilt til eg for ei tid tilbake fann ut at eg vil passe betre i Buddhistforbundet.

Eg såg etter informasjon om dette på nettsidene deira (om enn, leita ikkje, så sei ifrå om du finn det), fann fort utmeldingsskjema frå statskyrkja, men ingenting om det motsette. Det er vel eigentleg forventa. Så eg fann ei epostaddresse til innmelding, og skreiv eg ville melda meg ut. Eg fekk inget svar, venta fleire dagar. Til slutt ringde eg Human-Etisk forbund og blei satt over til innmelding:

Ring-ring… Ring-ring… Ring-ring…
KLIKK
Dame: Hallo. Nei, ser ikkje ut som om dei er inne. Ring tilbake seinere.
Meg: Å, ok. Hm. Kor lengje då til?
Dame: Mange er sjukemelde. Veit ikkje om alle er tilstades.
Meg: Javel, hadebra då.
KLIKK

Tidligare hadde eg spurd dama om kvifor eg ikkje hadde fått svar på eposten min og sagt eg ville melda meg ut. Eg har ikkje ringd igjen endå. Dei er ikkje imøtekomande, men motarbeider heller ikkje. Så eg trur det går bra neste gong eg prøver. Skal gjera det imorgon.

Det som er litt moro er at HEF heile tida kritiserer kyrkja for at det er vanskeleg å melda seg ut. Så skal kyrkja vera utruleg enkle å ha med å gjera, medan dei godt kan unngå å svara på epostar? Det er ein liten dobbeltmoral ute å går. Det synest eg eigentleg gjennomsyrer heile organisasjonen no. Dei klagar litt vel mykje på alt og alle, men er komfortable med å sjølv ha monopol på diverse ting. At dei endra namnet frå borgarleg konfirmasjon til humanistisk er forsåvidt eit motsett trekk. Det var bra.

Men før det blir meir rotete sluttar eg.

3 tankar om “Vanskeleg å melda seg ut av Human-Etisk Forbund

  1. Espen Aarhus Klausen

    Eg hadde lignande episode me mitt abonnement på Boing (fotballbaserte tegnerseier så eg egentligt ikkje forstår koffår eg abonnerte på). Eller egentligt så hadde eg ikkje lignande episode. Det gjekk ganske smurt for seg.

    Det me sygdom begynne å bli et ganske landsdekkande emne. Fysst piloter, så folk så jobbe i Human-Etisk Forbund? Kor ska det slutta? Me kantinedamene?. Ellers må eg sei at du e ein bra resepsjonist/assistent når du ikkje vett om kem så jobbe eller ikkje.

    Stå på!!

  2. Egil

    Har du sett reportasjen de laga om Human-Etisk Forbund på Åpen Post? Den va jo bare genial. Når d e så vanskelig å melda seg ud så må d jo ver nesten så ille som de ska ha d te :p

  3. Odin

    Eg fekk ringd dei. Ei utruleg hyggeleg dame denne gongen; men ho måtte ha det skrifleg. Det hadde eg eigentleg tippa likevel. Må få fiksa faks no då. Har vel på skulen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>