Monthly Archives: February 2006

Supernatt på byen

Beste natt på byen. EVARRR!!! Omglolololol!!!! Hahah. Eg er så tullete teit at det er heilt mongo. Eg kan ikkje skriva stort. Men hekkan pekkan smekkan så superfantastisk strålande bakketoppherleg har eg ikkje vore med på i Stavanger by før! Wohoo!

Read more on Supernatt på byen…

Posted in Kortnytt | Tagged , , | 2 Comments

Ingen vatn! …og resten av turen til Sirdalen

Midt i snøødet. Stranda. Like ironisk som sjømannen som døyr av tørst midt på havet. Eg er, saman med franskmennene, omgjeve av snø. Dyp, kvit, kald snø. Men vatn har me ikkje. Utanom 10-litersgryta med snø som etter særs mykje stress blei ein skvett vatn. Straum har me heldigvis, men dette vatnet ein elles tek for gitt savnar eg fælt.

Continue reading
Posted in Dagbok, Innenlands | Tagged , | 1 Comment

Misslukka filmdag på sørlandet

Ei gruppe på skulen trengte skodespelarar. Dei ville gjera ein skikkeleg kortfilm. Dei spurde om eg kunne finna nokon, og seinare om eg kunne vera med å hjelpa til. Det ville eg sjølvsagt. Laurdag sist veke blei eg henta nedpå vegen kl. 11. Vèl nede på bensikken der bilane skulle møttast fekk me kontramelding; problemer med å finna Bjørn, guten i filmen.

Continue reading
Posted in Produksjon, Sivilteneste | Tagged , , , , , , | 2 Comments

Franskmenn på tur

Eg har vitjing av tri franskmenn for tida. Tim, Matthieu og Aureliè. I dag, måndag, skal me dra opp til Obs-hytta i Sirdalen. Me kjem heim att torsdag, då meg og Rebecca skal sjå «Et dukkehjem» på teateret.

Read more on Franskmenn på tur…

Posted in Kortnytt | Tagged | 11 Comments

Fest med Rebecca

I dag skal eg på fest med Rebecca. Ei i klassa hennar har bursdag og har invitert høgt og lågt. Veninner har ymta på at dei skal sjenka Rebecca. Slikt blir eg særs sint på. Me får sjå korleis det går. Vonar det blir moro! :D

Read more on Fest med Rebecca…

Posted in Kortnytt | Tagged | 9 Comments

Wohoo, pappa skriv nynorsk i brev

Nynorsk filmsøknad. Pappa har skrive eit brev til Stortinget ved Målfrid Meltveit Kleppa. Han søkjer om pengar til eit informasjonsprosjekt kalla «Den flerkulturelle skole». Fyrste utgåva var superbyråkratisk kommunenynorsk, så han var regelrett rauda ned av pennen min. No er ikkje eg kjempeflink til å skriva, men det flyter mykje betre no!

Read more on Wohoo, pappa skriv nynorsk i brev…

Posted in Kortnytt, Norsk målungdom | Tagged , , | Leave a comment

Sentralstyreinvitasjon frå NMU

Telefon frå valnemda i NMU, dei lurte på om eg ville stilla som sentralstyremedlem. Særs moro. No veit eg ikkje om valnemda ville tilrådd meg til stillinga om eg hadde sagt ja, men eg trur ikkje dei ringjer rundt til 4 folk for å berre taka ut ein. Det høyrdest ut som om det hadde vore relativt glatt om eg ville.

Read more on Sentralstyreinvitasjon frå NMU…

Posted in Kortnytt, Norsk målungdom | Tagged | 1 Comment

Maria Mena – En jomfru i nød?

Kver jenta me ein semi-forståelse for listepopens musikalske kjærne i Sandnes-distriktet hadde samla seg opp på rekka og rad som små blinker for muslimske terrorister. Koffår? Jo, for å ha ein ilter demonstrasjon som muligens konne ført te syrisk flaggbrenning og for å få me seg helgås musikkbegivenhet. Ein konsert avholdt av Sandnesvennen Maria Mena. Av personlig erfaring har eg ingen erfaring me Maria Mena, någe så gjør det lett å ikkje la følelsane ta overhånd og heller holda et subjektivt fokus. Konserten blei avholdt på det fasjonable kultursenteret Sandnes nettopp har oppreist. Ytterligere informasjon kan du få i skranken eller på 51 60 20 00.

Read more on Maria Mena – En jomfru i nød?…

Posted in Espen | Tagged | 2 Comments

Maria Mena-konsert

Maria Mena-konsert i Sandnes Kulturhus, seinare i dag. Skal gå med Rebecca, Espen og IngaTor Eirik. Inga er ei veninne av Rebecca, og ei veninne av syskjenbarnet til Espen. Eg har hatt ho på MSN før eg blei kjend med Rebecca. Victoria Stensø skal òg på konserten. Ho var på frukost her i dag, me jobba vidare med heimesida hennar.

Read more on Maria Mena-konsert…

Posted in Kortnytt | Tagged , | Leave a comment

Ny skjerm, 20″ Widescreen LCD

Gammal til ny LCD 20"-skjermOhh. Det ser så mykje betre ut, no er faktisk skrivebordet mitt blitt litt sexy. Det stygge dråget av ein 19″ Hansol CRT er endeleg vekk, forvist til Acona, tenaren min som i seinaste «utgåve» har fått skjerm og Gnome installert. Kitty Karina har spelt mattespel på Acona etter eg fekk den gamle skjermen opp, men det er ikkje hovudnyhendet; sexy skjerm ér!

Continue reading
Posted in Datarelatert | Tagged | 5 Comments