Forberedt?, filmlaging på ein skuledag

Ein stress dag kor det er rett før eg sovner flatt. Har take siste scene av ein film, laga musikk, redigert og vist filmen til Helene i dag. Det blei ein veldig lang dag. Men akk så kjekk. Kjempekjekk dag! Imorgon blir denne filmen vist på TV-vest (på Triplet kl. 17:00, sjå det!) – Helene var i studio i dag for å presentera filmen. Resten av dagen gjekk med til redigering (planleggjing) av den andre filmen… Produktiv dag.

Dette må bli kort, sidan mamma seier eg må leggja meg. Klokka er 20:15. Nei, korkje meg eller mamma er blitt gal; eg er berre utruleg trøytt. Det heng sterkt saman med dagen i dag. Sidan han var så spesiell må eg skriva litt om han lell. Det starta kl 07:40, då Terje (min jobbkamerat) sto på vegen utafor huset mitt medan eg låg i sengja mi og sov. Pappa sa klokka var 07:40 i den vanlege du-din-sløve-idiot-du-kjem-for-seint-i-dag-óg-stemmen, og då fekk eg fart på meg. Av med pysjamas, på med klede, hallvegs på med sko, jakka i handa og rett ut døra. Eit minutt seinare sat eg i bilen til Terje.

Start på racet

Eg hadde nett satt meg ned foran laptopen då eg fekk ein telefon frå administrasjonen. «Det er nokre jenter her som seier du skal hjelpa dei med ein film». Jepp, fann fram alt utstyret og starta setja opp eit klasserom til filming av den aller siste scena. Eg treng ikkje seia stort om det, viser heller eit bilete.

Filming til bokkastingsscene. Med kamera på «dolly» og alt ;-)

Dagen før hadde Helene (Stenhaug) ringd meg og sagt noko slikt som;

Åååå!!! Eg stresse syygt! TV-Vest ringte nettopp, sant? Filmen te gruppå vår e einaste påmelde film te UKM, sant? Så ringte di og ville visa filmen min på senning imårå! Og du vett jo kor lide me e kommt. Me har josje redigert feri ellår någe.

Stressa Helene i telefon, sagt veldig raskt

Eg braut ho av og sa det var greitt. Eg skulle hjelpa til. Setja av dagen imorgon til arbeidet. No var den dagen der, – seinare skulle denne filmen som me no skulle filme ein scene til bli vist på TV. Helene kom for seint, men me hadde allereie jobba og fått ein god del ferdig til då ho kom. Me gjorde opptaka ferdig, med hjelp frå Terje til «dollyen». Det hadde take oss ca. to timar å skyte den siste scenen.

Plutseleg fekk eg vita av Helene at ho skulle vera på TV-Vest kl. 1500. … BLÆÆÆÆÆÆÆ!!! DET går jo ikkje! Eg klikka heilt der. Så sa ho; også må eg gå 1330 då for å rekkja det. HAHAHA. Det visste eg var umogleg – nei, ho måtte gå 1430, med masse blod og svette kunne me klåra det til då. Eg sprang fram og tilbake for å setja opp alt utstyret til redigering – fekk god hjelp frå Desirée som er del av gruppa til Helene. Stjal nokre høgtalarar frå eit klasserom, fekk Yvonne til å kjøpa mat og drikkje til meg og lot Terje taka over alle IT-pliktane mine på skulen.

Musikk

Me digitaliserte klippa (la dei inn på pcen/macen) og såg på det me hadde. Me trong musikk. No. – Hadde laga noko tull i «Soundtrack», eit program til å laga musikk ut frå enkle lydsnuttar, men det var ikkje bra. Det er tullete med «sjuk» musikk i slike program. Han blir alltid så flat og kei – manglar dybde og detalj. Så heller laga musikk med munnen enn eit program, sa eg og spurde Yvonne om råd. «Det er jo instrument, og lydstudio på skolen», sa ho. Sant nok. Me sprang inn og laga avtale. Trass i at dei eigentleg ikkje kunne. Dei fekk ikkje spela i timen, måtte spela i storefri.

Javel, då speler me det inn i storefri, sa eg. Jaaaa, veeel. Sa dei, gjekk med på det – så ivrig og styrande som eg var. Nokon minna meg på at dei hadde eigne greier å spela inn. Aaahhh. Sidan dei berre har 30min lovleg speletid i dag så må dei nesten få bruka det på sitt eige prosjekt. Eg skulle heller skaffe særavtale til vårt prosjekt. Me trong 4 min med musikk til filmen vår, det skulle me få klåra å taka opp på eit kvarter. Eg tenkte å gå til rektor, men det var ikkje han som hadde problemet fekk eg vita. Lyden forplanta seg noko sjukt ned til trykkeriet/klasserommet. Eg stakk ned til Einar (trykkar/lærar) og forklåra stoda – han sa ja nærast før eg hadde spurd. Kjempemoro. Me fekk 10/15 min til å bråka og laga musikken.

Me hadde fått ein teknikar (hekkan, hugsar ei namn), ein trommis (Thomas) og ein pianospelar (Dag Øverland, lærar på M&K) til å laga musikk til oss. Starta regien, – forklåra om filmen og korleis me ville ha det. Eg visste nett korleis Helene ville ha det og me snakka relativt mykje i munnen på einannan. Eg var så gira og oppsett på å få det ferdig at eg sikker køyrde over ein del andre folk. Men det var vel litt naturleg i den stoda. Me fekk laga musikken, (heilt fantastisk! At me klåra laga 4 min (5 forskjellege tema/deler) musikk på 25 min inkludert utmiksing var ikkje anna enn storarta! All ære til gutane på M&K som hadde alt klårt til innspeling allereie.

Dag leita fram nokre enormt kule effekter og lyder til oss og spelte inn – me forklåra berre om filmen og kjenslene så kom han fram med nett det me leita etter. Dét er stilig! Kjempekult, eg heldt på å daua då. Så kult å jobba med flinke folk.

Redigering

Så sprang me tilbake til redigeringa. Fekk take inn lydane og starta på redigeringa for fullt. Klokka var no 12:30, me hadde høgst to timar på å redigera heile filmen ferdig (frå botn!). Eg skal ikkje gå nærare innpå dei intensive timane, men Helene dikterte medan eg redigerte og kom med forslag. Det var nervepirrande, me gjorde mykje kult. Det var kjempemoro sjølv om eg hadde feber og ikkje eigentleg var i slaget. Men moro kva adrenalin og vilje kan gjera.

Redigering på gang, på Mac-en

Laga rulletekst raskt (VELDIG raskt, gløymde minst halvparten av folka(!)) og fargekorrigerte den 2,5 min lange filmen. Så prøvde eg køyra det ut (klokka var 14:50, klokka tikkte…), men det hang seg på eit punkt i filmen heile tida! Då blei eg frustrert. Hadde ordna avtale med Terje om at han køyrde oss til TV-Vest (:D), men måtte få ut filmen fyrst. Eg tok ut den ikkje-fargekorrigerte filmen (ser billigare ut, den andre ser meir proff ut) og det fungerte. Låste ned utstyret og sat meg i bilen 15:00. Ugh. Ringde pappa, nokon på RVGS trong nøklane eg hadde i lomma. Obs. Jaja, dei må spørja den andre personen på skulen som har nøklane til video-skapet.

TV-vest

Me sprang inn. 15:15. Whooo. Ingen problem, for dei var forsinka lell. Me traff Melanie som går på RVGS og er vidare i Idol. Dei hadde nett take opp dagens episode, og stakk litt etter me kom. Det var særs moro, men skriv ei meir om det. Fortalde historia om filmen til div. folk og etter 45 min (lang ventetid, ja – men moro) var Helene i studio og eg inn og ut av kontrollrommet og studio.

Kjartan speler gitar, medan Helene og Tom ser på

Dei hadde sagt dei ville visa 2 min av filmen. Men han var jo 2,5 – så anten måtte dei visa 30sek, eller heile filmen. Dei viste heile. Lene Klovning sa «Her skal me sjå eit klipp av filmen» lell, då. Me hadde sagt til Kjartan at heile filmen blei vist. Eg gjekk 1645 for å dra til byen å registrera meg med Rogland Barne- og ungdomsteater. Om ikkje ville eg mista medlemskapet. Sa til teknikarane at dei måtte køyra filmen i 16:9 – dei skulle fiksa det til imorgon (blir moro å sjå om dei hugsar det ;D ).

Inne i TV-Vest-studioet, i eit innslag

Teateret

Mamma henta meg, me køyrde til teateret – grunna kø var eg der 1655. Fem minutt seinare og eg hadde ikkje vore del av teateret lengre. Men det var eg. «Lovleg seint», merka Bjørn. «Som vanleg», sa eg.

Utanføre traff eg yngre Bjørn (som sa ja til å vera med i neste film (ei gruppe med bl.a. Ole Magnus Totland) me laga på skulen, fortel meir om det ein anna gong!) og helsa stort på han. Ein utruleg dyktig skodespelar, kanskje med sin styrke på improvisasjon (???). Og – DÅ – kom – CAMILLA JENSEN!! :D Wohoo! Ho har eg ikkje sett på evig lengje. Mi gode, gode veninne frå Hetland. Oh. Ho kjøpte billettar til teateret. Eg hang med ho og snakka med Sissel i mobilen medan ho dreiv med billettkjøp.

Huset mitt, leigd ut

Eg skulle bli henta av Sissel på teateret, – eg skulle skriva under slik at ho fekk depositumet sitt ut. Men det var framleis tull med skadane på huset. Difor fekk ho det framleis ikkje. Var mykje telefonering. Eg ringde mamma for å høyra kor ho var, og kor lengje eg kunne hengja med Camilla før ho køyrde heim. Det var ikkje lengje. Eg fekk snakka litt med ho før eg måtte stikke etter mamma (som eg såg i undergangen med teateret). Ååh. Så kos å sjå ho.

Middag

Var god middag. Pølser i kvit saus. Mm. Pappa som laga.

Monica-redigering og -drøs

Eg skulle snakka med Reidar Larsen, som lagar musikken (og lydane) til «Hva er det med Monica». Me snakka, drakk kaffi (medan eg nærast sovna). Så gjekk me opp og såg filmen to gongar, diskuterte masse og fann ut korleis me skulle gå fram. Me vil vera ferdig til mondag. Uuughh. Jaja, – ikkje så stort mykje igjen anna enn å laga ein betre slutt, pluss meir finpuss.

Innleggskriving

Så sat eg her. Og har bruka ALT for mykje tid. Eg må leggja inn bilete óg. Ugh. Har snakka litt med folk óg då. Typisk. Eg skulle jo leggja meg. No er klokka 22:00! :|—Ferdig. Ok, klokka er – NEEI, 22:40! MÅ SOVA. Trykk publiser.

Alle sjå på TV-vest, Triplet kl. 17:00 imorgon (03. februar 2006)!

5 tankar om “Forberedt?, filmlaging på ein skuledag

  1. Karlsen

    heh, bler stressa av å lesa dette ;)

    dessverre e det uaktuelt for meg å se programmet ditt i mårå :(

  2. Odin

    Eg skal be gruppa om løyve til å leggja filmen deira ut på nett. :­-)

    Då kan du iallfall sjå den. Trur ikkje eg kan taka med intervjuet, grunna det er jo © TV­-Vest. Hm, men det er vel ikkje så mykje vits.

  3. nado

    hørtes utrolig stressane og samtid kult! mye på ein dag, men må få lagt ud den filmen, legg inn link på inlegget eller noe. Du hørres ud som reine regisørren :P

  4. Odin

    Eg er ein liten regissør, sjølv om eg ofte seier eg berre vil vera fotograf. Men det er vel meir ein måte å ikkje skuffa meg sjølv på. (Eg las den flotte psykologiboka og fann ut av det).

    Eg elskar slike dagar, dei er supre. Eg vil ha fleir av dei! Eg skal leggja ut filmen, men ikkje i natt. Får prøva imorgon.

  5. Skjalg

    Jysses – eg blei anpusten av å lesa dette. Jo eg hugsar denne dagen ja – det var ein sliten kar som kom heim den dagen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.