Ingen vatn! …og resten av turen til Sirdalen

Midt i snøødet. Stranda. Like ironisk som sjømannen som døyr av tørst midt på havet. Eg er, saman med franskmennene, omgjeve av snø. Dyp, kvit, kald snø. Men vatn har me ikkje. Utanom 10-litersgryta med snø som etter særs mykje stress blei ein skvett vatn. Straum har me heldigvis, men dette vatnet ein elles tek for gitt savnar eg fælt.

Måndag. Eg er på tur med Tim, Matthieu og Aureliè. Peisen eg sit med byrjer døy ut. Eg lurer på kor dei fann ved. Hytta er diger. Ei flott hytte. Coop Obs! si firmahytte i Sirdalen. Eg inspiserte sikringar og trykkmålarar medan dei laga kveldsmat. Kjenner eg er veldig svolten, men mest av alt vil eg ha noko vatn å drikkja. Akk.

Dumme snø, eg vil ha vatn, ikkje snø. Pumpa vil ikkje gå. Eller, me får iallfall ikkje vatn. Tim og Matthieu sit og speler kort medan dei pratar groggy fransk, det blir meir som lyder for meg enn noko anna. Det er ein miljølyd nett som knitringa frå peisen.

Litt historie før hytta

Dei kom i går. Med flyet frå Frankfurt. Der har meg og Espen òg vore. Då me vitja dei. Denne gongen var det motsett. Det var nydeleg ve^r då eg henta dei. Lurte på om eg var sikker å køyra med. Jadå, eg fortalde dei at eg var ein meister i å køyra bil. Brorparten av Noregs sjåførar meiner jo dei er over gjennomsnittet, så kvifor skal ikkje eg?

Me dro til byen og sat oss på Kult.kafèen. Kjøpte den vanlege dyre kaffien og eg ein brownie. Betala 115 kr for det. Whoo. Må hugsa det, slik eg kan få pengar tilbake. Vel, om dei betalar mat eit par dagar så…

Sengene me sov i var for det meste madrasser slengt rundt diverse stadar i rommet mitt. Eg tok den minste, snill og liten som eg er. Dei la seg før 22 og sov til langt utpå dag. Det kan eg ikkje vera sikker på då, sidan eg var på jobb på den tida. Då me kom heim bruka me masse tid på å dilla (og mamma tid på å diskutera Islam og anna religion, som ho rett og slett eeelskar) før eg til slutt protesterte og sa me måtte dra.

…så måtte dei venta på at eg skulle bli ferdig med å pakka. (Eg hadde jo ikkje gidda gjera det medan dei sat der og gjorde ingenting). Med iRiveren/mp3-spelaren min i anlegget via kassettadapteret starta turen i den skranglete Toyotaen. Han rista seg av stad med til tider skurrande lyd frå høgtalarane. Det blei fort mørkt, og då me køyrde av hovudvegen augna eg fort eit problem; EG SER JO SØRENMEGIKKJE VEGEN!

Det gjekk litt seinare i svingane då. Med enormt dårleg sikt og leddgikt i samtlege ledd ensa eg ein bil bak meg. Sjølv om han låg bak meg med vanlege køyreljos på, så ljoste han vegen betre opp enn meg! Eg synest han låg litt tett oppi meg, ville ha han forbi. Då eg endeleg hadde fått han forbi la eg meg kloss i raua hans. Medan han trudde eg var ei gamal bestemor på måndagstur, fekk han fort vita at han ikkje ville miste meg av syne med det fyrste. No skulle eg få tjuvlåna ljosa hans!

…Etter litt køyrde han av til Gilja då. Det var surt. Men no hadde eg fått nattkøyring i blodet igjen, då gjekk alt betre. Snart kom snøen òg. Blei litt skliing på isen innimellom. Men det gjer ein jo berre meir vaken, iallfall når det er så udramatisk som det var. Verre var det med bensinnivået, som no var trugande lavt. Med Thomas Dybdahl i kupèen og ein tiger på tanken var me klår igjen. Bensinen kosta den nette sum av 440kr, Tim råda at me skulle betala 110kr kvar. Fin den.

Hytta er diger. Pappa sa han er for 50 personer, eg vil ikkje sei det er overdirve – heller motsett. Dei andre er i seng no, noko eg òg burde gjeve kor trøytt eg er. Matthieu laga nett litt saft av vatnet me har bruka så mykje tid på å laga. Det var godt å få litt veske i kroppen. Dei klagar fælt på vatnet, eg seier me har snø og kan kjøpa vatn imorgon. «Men me kan ikkje dusja med dèt», svarar dei. Dette ordskiftet har me hatt før. Eg forstår faktisk ikkje kvifor ein absolutt skal dusja heila tida når ein er på ferie/hytta. Eg klårar faktisk fint gå ei uke og meir utan å dusja eg. Er det berre eg som er ein sjuk sjuking?

Nei, dei ser fornuften min til slutt. Vatn bør me fyrst og framst bruka til å drikkja, dusjing kjem langt bak i mi overlevingsliste. Trur faktisk det ikkje er med. Eg dusjar slik kvar andre/tredje dag ettersom eg kjem på det. Luktar eg ein del (nei, det treng ikkje vera vondt) kjem eg ofte på det. Om eg likevel ikkje gidder dusja når eg lukter, seier mamma i frå. Det er jo ganske greitt. Poenget er at dusjing er fint og bra, men gidd å få abstinens om det ikkje finst på staden! Det er då utruleg mykje viktigare ting å tenkja på… :S

No trur eg Tim skal leggja seg òg. Trur eg tusler inn sjølv. Har gjort mykje moro i dag. Hadde vore herleg om me hadde vatn i springen imorgon, sjølv om eg ikkje trur på det. Me får sjå. God natt! Forresten har eg ikkje prata med Rebecca korkje i dag eller i går, sjølv om eg har tenkt mykje på å gjera det. Rart korleis eg kjenner eg vil prata/vera med ho så kort tid etter me sist såg einannan.

Sola skin inn medan me ventar på at alle skal vakne

Tysdag. Vasstrykket er på 4. Det er tusen gonger betre enn då det sto på null i natt. Men me har framleis ingen vatn. Dag Bjørnsen trur det er fryse imellom pumperommet og huset her, så eg har sat ein ovn i gangen mellom dei. Trur ikkje den nye eg sat inn har særleg effekt då, sidan han ikkje fungerer. Slo opp den andre ovnen, og tetta eit par hòl i gangdøra. Bør bli litt varmare der inne no. Vonar det er nok til at me kan få vatn i hytta.

Meg og Matthieu sit og ventar på at dei andre skal vakne. Klokka er 1000. Me vil bort på butikken å kjøpa etterlengta mat, og kanskje ein dunk vatn. Tim laga omelett med bacon i går. Kjempegodt, men lite. Ingen frukost i dag, me gløymde taka med brød og har ingen mjølk til frukostblandinga. Fann litt godteri i hytta i går, no har me nesten ete alt. Frukosten min var saltsild. Forresten er det jysla kaldt her. Eg bør skru på noko varme i stugo her.

Vatn!

Då me kom heim frå butikken fortalde dei meg at vatnet nede no rant med konstant trykk. Eg såg i pumperommet og trykket låg på 3.8, litt under 4 no. Det var framleis ingen vatn oppe, så eg gjekk inn der varmtvatnet til kjøkkenent blir laga. Eg skrudde på hovudkrana der, og høyrde lyden av vatn som byrja straume. Wohoo. Vatn! Gjekk opp og lot vatnet renne litt, men plutseleg slutta det. Ughhh… Gjekk inn i straumpanelet og fann at pumpa stod av. Hum. Rart. Slo han på igjen, inn i pumpehuset – trykket steig medan eg såg på. 0.5, 1.0, 1.5, 2… Stilig. Det er verkeleg smelta til i røyra no. Oppe igjen fungerte vasken med lavt trykk. Ahvel, kva gjer det – me har jo vatn!

Pizza for massene

Nett no har me ein Pizza Originale Mozzerella i ovnen. Har tri andre me skal eta, så skal me ut å finne utav lån av ski osb til imorgon. Kjenner eg er godt svolten no. Wohoo. Me kjøpte berre eitt brød. Eg trur det går bra.

Alpint!

Me køyrde til Ålsheia for å finna prisar o.l. då Tim kom på at me kunne like godt leiga ski i dag og gå resten av dagen. Det gjorde me, så me har vore på ski frå 14–16. Etter det kom me heim og laga Taco. Fulgte ikkje oppskriften, så det blei utruleg godt.

Eg vann littebitt då me spelte kort. Elles har eg skrive om sist laurdag då me starta filminga til hyttefilmen til Ole Magnus og co. Imorgon skal me tidleg opp og prøva eit anna trekk. Skal prøva å stå heile dagen. Blir stress, og ikkje minst dyrt. Eg var skutt etter to små timar i dag. Formen er ikkje slik han ein gong var. Men, leggjetid 0:00! Forresten fungerer vatnet bra no.

Ny, full skidag

Onsdag. Eg vakna av meg sjølv og sto opp kl.0830. Det var nett då eg hadde tenkt eg skulle opp, eg slo av alarmen som ville gått av litt seinere og vekka dei andre. Dei er framleis ikkje oppe og klokka er no 0850, me skulle liksom ete 0900. Vel, eg et frukostblanding no og har skjært opp brød til dei andre. I dag skal me prøve eit anna trekk, får sjå korleis dét går. Det er overskya i dag, ikkje like fint som i går då det var vakker sol heile dagen. Eg tok av meg stilongsen, kanskje det ikkje var så lurt i dag. Me får sjå…

Ahh. No er klokka 1940, me har vore på ski på Tjørumfjellet eller kva det var og ete. Tjørum har stolheis og hadde mykje flottare løyper enn Ålsheia. Då me kom opp var det omtrent ingen i løypene og me kunne køyra ned heilt nypreparert. Rundt 12 måtte Aureliè tilbake, så eg køyrde ho. Tilbake på fjellet hadde meg, Matthieu og Tim det utruleg moro. Eg fekk dei med på å køyra off-piste til slutt, det var utruleg moro. Hoppa ein god del og Matthieu skada seg så han blødde stygt. Falt på nasa.

Heime laga Tim spagghetti. Me åt med stor apetitt og så drog me til Ålsheia igjen for å levera tilbake skia. Dei har kveldskøyring, så sjølv om det var heilt mørkt hadde dei stilige ljos på. Eg tok tilfartstrekket opp med sko, kunne bruka dei som ski – moro. Sidan eg hadde kjeledress på sklei eg ned bakken på raua igjen. Supermoro. Eg stakk opp igjen, men då såg dei alle veldig sint på meg. Dei ville tydelegvis heim att. Æsj. Eg rant ned igjen med enorm fart og køyrde dei heim.

No har eg klåra fått skikkeleg fyr i peisen, som ikkje var 100% triviellt. Sjølv om eg ikkje stressa alt for mykje med det. No skal me snart spela kort trur eg, når Matthieu kjem opp frå dusjen. Eg har endå ikkje dusja. Viser kor hard, norsk viking eg er. Hm, eg veit ikkje kor mykje meir det eigentleg er å skriva om skituren i dag utan å bli kei. Turen var supermoro, utan at eg treng utdjupa det meir.

Eg har verkeleg fått superfyr i peisen no (2330). Me skal snart eta kvelds. Eg har skrive ein sint tekst om korleis folk bør té seg når nokon køyrer dei heim frå fest/byen. Det er noko eg har hatt sterkt lyst til sidan russetida, då eg ofte kjende meg utnytta sidan eg var fersk med lappen og folk ikkje bryr seg om å raupule andre. Ja. Så slemt er det. Krever sterke ord. Men, no blei varmen frå laptopen + peisen litt for mykje. Dessutan må eg på do…

Heimreisa

Torsdag. Ååå, i dag skal meg og Rebecca på teater! :D Skal sjå Ungdomsteateret sitt «Et dukkehjem». Wohoo! Eg elskar simpelthen teateret! Blir moro å sjå Rebecca igjen òg, eg har ikkje sett ho sidan laurdag (og då var det kort). Hum. 4 dagar. Eg drøymde at Matthieu var blitt kjempesjuk, slik at dei insinuera at me måtte dra seinare. Eg sa at han måtte liggja bak i bilen, for me måtte koma heim til 18. Dei har spurd meg eit par gonger kvifor det er viktig at me absolutt vera heime til då, men dei har vel skjøna det no. ;-)

Eg sto forresten nett opp. Eg vakna kl 0800 med eit hopp i senga, eg sat der med skyhøg puls og tenkte «Eg er forsinka!!!». Så såg eg på klokka og hugsa at me ikkje skulle opp før 1000. La meg ned igjen og draumde ein morosam draum om ein hybrid av Havanna Badeland og ei ekte bykjerne. Hmm. Kl 0900 var eg lei og vekka dei andre før tida. «But you said we should get up at 1000», sa Tim litt halvtrist spørjande. «Well, I got bored waiting», svara eg og bråka litt meir berre for sikkerheits skuld. No skal me eta og vaska ut av hytta. Eg må få raua i gir!

Javel, no sit eg heime. Det er eigentleg fredag sidan klokka er så mykje, menmen. Eg såg «Et dukkehjem» med Rebecca i dag. UTRULEG bra! :D Elles var me på Okkupanten i Sandnes, ein flott subsidiert ungdomskafè. Men no går eg og legg meg. Snart. Jobb imorgon. Natta!

Ein tanke om “Ingen vatn! …og resten av turen til Sirdalen

  1. Skjalg

    Eg synes det er for gale at ingen har kommentert den fine turen. Dette set eg pris på, ungdom som tek seg ut på tur i den fine naturen me har rundt oss. Eg var mykje på tur då eg var ungdom, men det ser ut til at fleire og fleire blir så urbane at dei ikkje får flotte opplevingane dei kan ha med å ver litt meir friluftsmenneske.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.