Ny skjerm, 20″ Widescreen LCD

Ohh. Det ser så mykje betre ut, no er faktisk skrivebordet mitt blitt litt sexy. Det stygge dråget av ein 19” Hansol CRT er endeleg vekk, forvist til Acona, tenaren min som i seinaste «utgåve» har fått skjerm og Gnome installert. Kitty Karina har spelt mattespel på Acona etter eg fekk den gamle skjermen opp, men det er ikkje hovudnyhendet; sexy skjerm ér!

Gammal til ny LCD 20"-skjerm

Så må eg liksom skriva litt meir for at dette ikkje skal vera «Kortnytt», men eit ekte innlegg. Ahvel, sjølve biletet gjer det vel meir viktig. Eg kan jo seia oppløysinga er 1680×1050, som passar meg særs bra. Andre skjermer eg har sett på har vore 1024×768 (ÆSJ!) eller best 1280×1024, som var det eg hadde på Hansol-skjermen. Eg måtte gå opp i oppløysing, ikkje ned. Eg vil ha meir plass på skjermen, ikkje mindre.

Elles rydda eg litt. No kan de koma på vitjing! Wohoo! Ah. Treng ikkje seia slikt, sjå på biletet. No har eg liksom skrive tusen ord, må jo vera verdig eit innlegg?

5 tankar om “Ny skjerm, 20″ Widescreen LCD

  1. Espen Aarhus Klausen

    Eg lige windows xp-baggrunnen. Lige og at båse forsvant me den nye skjermen din. Lige og at du har sentralisert nokian din for incoming messages. Men alt i alt så ser skjermen smooth ud!

  2. Teirik

    Stor forbedring på pulten din odin! nå har du plass t å ha tallerkener og sånn på pulten istedenfor sofaen! :P I tillegg så må eg sei at skjermen ser smooth ut :D

  3. nado

    KONGE! Heilt råe skjerm! Apropos rot så ser d heilt jevli på min pult… hadde aldri klart meg me en så liden pult, må ha et bord! Uansett sleek setup du har fått deg! :D

  4. Egil

    Xp-bakgrunnen hadde sett virkelig ille ud me den oppløsningen, an e jo 800×600. Kor mye gav du for den skjermen Odin? Va jo meget nice. Eg har fortsatt min gamle Eizo på 15″ og 1024×768. Brillen min knakk forrige uga så d blei jo ein streg i regningen på 4000. Jaja, får venda meg te å koda på laptopen som har 1400×1050. Hadde jo vært d sama som din om d var widescreen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.