Monthly Archives: February 2006

Største løysinga på minste problem

Eg fiksa nett ein skrivar på huset, men det tok tid! Meg og Terje har fiksa nokre ganske avanserte nettverksproblem er i bygget og lagt om heile strukturar.

Read more on Største løysinga på minste problem…

Posted in Kortnytt | Tagged , | 2 Comments

Kva er populært?

Kva er pop? Eg har no lagt til stønad for båe kortnytt (dette du les no) og listing av populære innlegg. Desse er ranka etter kor mykje dei er lese og kor mykje kommentert dei er. Eg tek berre med innlegg som er ferskare enn 90 dagar gamle.

Read more on Kva er populært?…

Posted in Kortnytt | Tagged | 2 Comments

Triplet med flau start

Triplet-logo, (c) TV­-Vest, Aftenbladet osb, veit ikkje heiltEg blei utruleg skuffa (og ein del av mistankane mine blei bekrefta) då eg såg opninga av Triplet. Off. Stavanger sitt nye ungdomsprogram var så «wannabe hipt» og «ungt» som det kunne bli. Men så betra det seg heldigvis ei lita smule. Dette innlegget var eigentleg skrive på Aftenbladet sine debatt­-sider.

Continue reading
Posted in Meining | Tagged , , | 18 Comments

UKM 06 i ueigna lokale

UKM var endå meir amatørmessig enn det nokon gong har vore. Eg synest å hugsa at det var ganske bra gjennomføyrd i gamle dagar då det blei holdt på Rogaland Teater. No har vel teateret alt for mykje å gjera til å driva med slikt. Det er eigentleg ganske synd, – sidan Metropolis ikkje akkurat er bygd for å halda slike tilstemningar. Må vel gå an å finna eit betre eigna lokale?

Continue reading
Posted in Meining | Tagged , | 5 Comments

Snakking på 2008-samling

I dag har eg snakka mykje, med mange. Det er i grunn utruleg morosamt. Det er rett og slett herleg. Mykje av det å snakka og få i gang ein god samtale er å tørra å dumma seg ut. Ikkje vera så sjølvopptake, men heller ha sjølvtillit – og ikkje minst vera interessera i andre menneskje. Då trur eg det blir enkelt å snakka.

Continue reading
Posted in Erfaringar | Tagged | 2 Comments

Opptake med barnepass heile helga

Eg må passa på lillesyster Kitty Karina i helga. Det tyder ei særs usosial helg. Meir usosial enn normalt. Eg må sitja å venta på ho medan ho er hos veninner. Ho kan ei koma heim til tomt hus. Kanskje eg klårar lura Rebecca til å invitera meg (+KK) imorgon. Så får eg sett menneskje (kjærasten min tilogmed! :D). Forresten, eg er veldig einsam. Hint, hint. Ein gladside er jo at eg er «far i huset» litt. Det er alltid moro, eg har fyra opp i peisen bl.a. Stilig.

Read more on Opptake med barnepass heile helga…

Posted in Kortnytt | Tagged | 2 Comments

Rare folk på Kiwi

Då eg nett valsa inne på Kiwi tok eg meg sjølv i å tenkja «Jøss, så mange rare folk det var her». I hendene bar eg ei pakke kattemat og to forskjellige ferdigpizzaer. Ein vakkert stabla haug. På føtene subba to digre halvfluffy tøfler, superskitne etter gåturen fra bilen og inn. Golvet på Kiwi var svart av skit utanfrå. Då forsto eg kjapt at tøffelhelten ikkje hadde mykje å seia om saka sjølv.

Read more on Rare folk på Kiwi…

Posted in Kortnytt | Tagged , | Leave a comment

Våt start på dagen

I dag sto eg tidlig opp. Frisk og rask. Kjendest ikkje ut som om eg sov noko stort (for ein gong skuld), men eg var frisk som en fisk lell. Veldig underfundig. Eg mistenkjer eg vakna i 6-tida og berre låg stille til eg sto opp kl. 7. Dette er høgst uvanleg, forresten.

Continue reading
Posted in Erfaringar | Tagged , , , , | 8 Comments

Forberedt?, filmlaging på ein skuledag

Inne i TV-Vest-studioet, i eit innslagEin stress dag kor det er rett før eg sovner flatt. Har take siste scene av ein film, laga musikk, redigert og vist filmen til Helene i dag. Det blei ein veldig lang dag. Men akk så kjekk. Kjempekjekk dag! Imorgon blir denne filmen vist på TV-vest (på Triplet kl. 17:00, sjå det!) – Helene var i studio i dag for å presentera filmen. Resten av dagen gjekk med til redigering (planleggjing) av den andre filmen… Produktiv dag.

Continue reading
Posted in Produksjon, Spesiell dag | Tagged , , , , , | 5 Comments