Sentralstyreinvitasjon frå NMU

Telefon frå valnemda i NMU, dei lurte på om eg ville stilla som sentralstyremedlem. Særs moro. No veit eg ikkje om valnemda ville tilrådd meg til stillinga om eg hadde sagt ja, men eg trur ikkje dei ringjer rundt til 4 folk for å berre taka ut ein. Det høyrdest ut som om det hadde vore relativt glatt om eg ville.

Dette er ikkje berre utruleg kjekt å få tilbod om, men òg jysla freistande. Mamma vil eg skal dra, Rebecca vil ikkje, eg vil vel heller eigentleg ikkje dra til Oslo. Men det hadde vore moro då! …Eg skal iallfall tenkja på det, grundig.

Ein tanke om “Sentralstyreinvitasjon frå NMU

  1. Odin

    Wow, eg hugsar ikkje at eg vart spurd um å vera i Sentralstyret eitt år fyrr eg faktisk vart medlem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.