Snakking på 2008-samling

I dag har eg snakka mykje, med mange. Det er i grunn utruleg morosamt. Det er rett og slett herleg. Mykje av det å snakka og få i gang ein god samtale er å tørra å dumma seg ut. Ikkje vera så sjølvopptake, men heller ha sjølvtillit – og ikkje minst vera interessera i andre menneskje. Då trur eg det blir enkelt å snakka.

Men dette er ikkje om retorikk. Kunsten å tala. Ikkje det. Eg er ikkje flink å snakka, men eg synest det er moro. Og eg hadde ein liten «ah, det må eg!» nett då eg tok bussen heim.

Mesteparten av dagen sat eg inne. Eg har lese om Web 2.0, xhtml 2.0, html 5.0 og masse anna. Eg heldt på å daue til slutt. Eg visste eg måtte ut. Etter masse om og men (melding med Rebecca, skreiv smått med Yvonne på MSN) stakk eg i dusjen. Skulle eta ute, på den Thailandske restauranten. Eg dusja og kledde på meg. Kontramelding: det var visst 2008-møte i dag. Pappa er påmeldt med 3 filmer, ein spillefilm (Ego), ein kortfilm (Univers, saman med Odveig Klyve ) og ein dokumentarfilm om barne- og ungdomsteateret i Rogaland. Mamma har to andre prosjekt som er litt meir avanserte. Pappa ville ikkje gå, dimed gjekk eg som hans stedfortredar.

2008-møte/kveld

Vél framme i Sandnes Kulturhus. Masse folk. Meg og mamma gjekk rundt for å finna folk etter me hadde take vin (Ariel, alkoholfri kvitvin (eg drikk ikkje alkohol), var utruleg godt). Mamma fann folk, eg fortsatte. Eg traff Sigrid Bekholdt, ho hadde vore styrar for 2008-mønstringa for ungdom som eg var på. Tydeleg skuffa av at det ikkje var fleire ungdom tilstades. Eg hadde ikkje fått med meg at ungdom kunne søke direkte slik, trudde det måtte gå gjennom ein eigen ungdomsplass.

Eg traff Bjørn Ravn Carlsen, som er sjef for barne- og ungdomsteateret. Teateret hadde 3 herlege prosjekt. Vonar alle går gjennom. To av dei veit eg vil skje lell, då ­­­­- men det siste med ungdomsteateret er usikkert. Dei vil ha skrive eit nytt stykke til ungdomsteateret med utgangspunkt i norrøn mytologi. Hehe, kuuult.

Underhalding

Ja. Starta friskt med ein utruleg flott sang, med ein fantastisk songar. Håra på kroppen reiste seg simultant i dei siste delene av songen. Wooooh. Så la endeleg klappinga seg, og den lille guten (trur han går på Rogaland Teater, har sett han før) proklamerte at han skulle vera konfransiér i kveld, sidan nokon hadde så fint spurd han om det. Stavanger sin kulturelle elite (ehh :p) lo og kosa seg. Søt fyr. Men frå der gjekk det nedover. Skal dette vera representativt for 2008?

  1. Ordføraren i Sandnes opnar, faktisk ikkje så keitt som det plar vera. Flink mann med humor.
  2. Bra song av flott songar og konfransiér (braaa! :D)
  3. Ei ifrå Afrika som snakka litt om korleis det var å vera i Europa (ok? Kven veit ikkje dette frå før – det var greitt nok, men… ja)
  4. «Årets stavangerkunstner», ei dansedame. Dette var langt, keitt og eg såg ikkje vitsen i det. Dans kan vera moro, så lengje dei ikkje skal gjera det til enorm høgkultur med modernistiske preg og whatnot; det er KEITT!
  5. Hugsar ikkje eingong. Var vel så keitt. ÅÅ, jo! Dette var SUPERKEITT. Fyrst Mary Miller (som var FLINK, ho snakka kort óg). Så kom den superkeie programdirektøren Rolf Noraas og snakka treigt og alt for lengje med ein kei presentasjon. Hekkan så drit det var. Var difor dei fleste var der, for å sjå tala hans – men kan jo ha litt karisma og forteljarglede lell, vel!? Akk, det der var til å sovna av.
  6. Yohoo. Endå eit nummer av dansedama. – Men dette var mykje betre då, var ein flink musikar på scena. Blei meir interessant. Framleis alt for langt og keitt, då.
  7. Så ein operasongar og pianisten hans, dette var bra i slutten. Men dei song nokre greier på svensk fyrst, som sikkert var veldig morosamt, berre eg forsto ikkje eit kvekk. Fantastisk då pianisten spelte Mozart. Aaahhhhhhhh. Det var digg!

Det skal leggast til at eg var relativt trøytt og endå meir svolten, men mamma var einig med meg – berre ikkje like sterkt. Ute igjen fekk me mat. Ingen alkoholfri vin igjen, berre ekkel Munkholm – eg likar ikkje øl.

Snakka med faren til Erlend. Ola. Dei hadde levert noko med koret sitt, – dei hadde ingen von om at det skulle gå gjennom. Eg såg Torstein, gamle leraren min på Ullandhaug. Han satte meg alltid ein karakter lavare enn kva eg fortente (4 i staden for 5 i engelsk, 3 i staden for 4 i KRL). Traff ei eg prata med då eg var 7 år eller noko. Rocketrollet eller noko :) Ho fortalde historiar på Sølvberget. Eg hugsa ho faktisk, utruleg. Så snakka eg med Marita, ei utruleg herleg dame. Ho driv med tusen forskjellege ting og var utruleg energisk. Veldig smart og kreativ. For dei som kjenner Victoria Stensø, så er ho ei vaksen utgåve av ho :) Kjempeherleg.

Prata masse med ho. Fekk hallvegs kodingsoppdrag av ho óg, – eg treng ikkje gjera designet, det gjer ho sjølv – men eg får koda! WOhooo!! Det er jo nett dét eg elskar. Designdelen er moro den, men eg er ikkje ein supermann der, akkurat. Medan programmeringa er kjempemoro og kjekk! :D Ho har ikkje tid før uti sommarferien diverre, men det kjem. Nett no må eg få Victoria si side ferdig, – men der har eg design å laga fyrst òg.

Så ringde Rebecca. Veldig seint. Og spurde om eg kunne koma. Mamma køyrde meg bort. Var koseleg å gå ut med mamma. Fin kveld, beste var drøset etter då. Hehe. Var utruleg koseleg hos Rebecca, men det er det nærast alltid. Spesielt koseleg denne dagen då, om eg hugsar rett.

Bussen heim

Eg hadde gløymd busskortet der eg sprang alt for seint opp frå Rebecca. Ugh. Hadde dusja, skulle eigentleg ikkje til Rebecca. Hadde korkje pengar eller kort. Eg hadde ikkje stort mykje tid å tenkja over det, måtte nå bussen. Han kom, eg gjekk inn og peste venleg:
«Eg har ikkje med plastlomma mi me…»
«Berre gå inn, du», braut bussjåføren av og smilte.
Ahh. SÅ HERLEG! :D Eg er sikker på at eg slapp gjennom av di eg var oppgitt, sliten og hadde ei usikker stemme. Tingen er å vera ydmyk og ikkje krevande og bedane i slike stoder.

Då eg gjekk bak såg eg eit kjend fjes. Han hadde eg sett i ein film på nettet. Ein film Kyrre hadde laga, ein film som heiter «I slett lune». Eg satt på musikken og høyrde på «­Internasjonalen». Ahh. Eg burde seia hei til han fyren. Tok lang tid før eg gjorde. Men eg tenkte; ahh, det er jo så mykje koselegare å snakka med folk – og om det ikkje går, så går det ikkje. Det er aldri farleg. Må ikkje vera så sjølvopptake at ein ikkje tør snakka med folk. Nyttårsforsetta mine førre år har alltid vore ­«bli tøffare» og sjølv om eg har blitt myykje tøffare, så kan eg jo alltids fortsetja å bli stadig tøffare.

Der hadde eg ein plan, ein god ein. Eg tok av musikken, snudde meg rundt og sa;
«Unnskuld…?»
Han snudde seg.
«Kjenner du Kyrre?»
«Ja.»
«Åja, eg synest eg hadde sett deg, ja»
«Å, unnskuld å måtte seia det, – men kven er du», svara han lettare forvirra
«Eg har berre sett deg i ein film han har laga»
«Å, då må eg berre beklage at eg er ein så dårleg skodespelar»

Og slik fortsatte det. Veldig hyggeleg. Ganske kort etter måtte eg av då, hadde drøya snakkinga litt for lengje. Men, hekkan, kor glad eg var for at eg faktisk starta å snakke. Det hadde ikkje vore det same elles. Eg gjekk heim frå tjensvollskrysset syngjande saman med Amy Diamond, utruleg lukkeleg og glad. På vegen ut takka eg sjølvsagt bussjåføren høgt for turen, slik eg plar gjera no igjen. Det gjorde eg alltid i Oxford, og gjorde ein del etter eg kom heim. Så slutta eg taka bussen. No gjer eg det igjen og eg elskar det! «Takk for turen».

Eg må bli flinkare å gje folk kompliment og takka. Det er så herleg. Og ikkje minst; bli betre å snakka.

2 tankar om “Snakking på 2008-samling

  1. Espen Aarhus Klausen

    te tross for nyttårsforsette om å snakke me nye/gamle/generelt folk – vil du alligavel ikkje snakka me din manerte engelsk/krl-lerar Torstein? Her skuffe du stort :(

  2. Odin

    Espen: Eg har berre eitt nyttårsforsett, og det er å taka opp mediteringa igjen. Der tok du nok feil min ven.

    Men Torstein er spesiell, eg kjenner ikkje slik for å snakka med han. Han var alltid så innelukka og lite imøtekomande. Lurer på om han pla sjå ned på meg òg. Eg likar ikkje slikt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.