Triplet med flau start

Eg blei utruleg skuffa (og ein del av mistankane mine blei bekrefta) då eg såg opninga av Triplet. Off. Stavanger sitt nye ungdomsprogram var så «wannabe hipt» og «ungt» som det kunne bli. Men så betra det seg heldigvis ei lita smule. Dette innlegget var eigentleg skrive på Aftenbladet sine debatt­-sider.

Du kan lesa heile debatten på aftenbladet.no.

Dårleg fyrste program, forbedringspotensiale

Eg sat igjen med ei kjensle av den «gode gamle» varianten der 40 år gamle tilsette i ein TV-kanal skal tene pengar på reklame mot ungdom: «Då må me ha någe kuuuult og ungdommeli åg trekka di te! Me lage et tøft programm!!!». Nett slik var det Triplet såg ut. Redigering og filming såg ut som om det var take av godt vaksne som eigentleg har grodd fast i kei lokal-TV, men som nett no skulle sleppa «ungdommen» ut i seg. Det ser flaut ut og er ikkje bra. Eg blei flau av å sjå denne episoda.

Men så såg eg like godt ei episode til. Denne gong i studio ­- og verkeleg, denne her episoda var mykje betre! Sjølve opninga på Metropolis var pinleg og dårleg. Det fekk meg til å ha utruleg låge forventningar til Triplet. Neste episode venta eg noko så dårleg at det faktisk virka litt betre.

Eg eeelskar sjølve tiltaket, det er heilt supert Lene! Men eg må seia gjennomføringa kunne ha vore betre. Men betrer det seg endå meir enn det har allereie, kan det henda det faktisk blir noko ein kan følgja med på innimellom.

Forresten, det er heilt enormt kult at de har podkast av programma! Makan til oppdatert lokal-TV har eg ikkje sett. (Men ein må ikkje ha ein iPod for å bruka podkastar, det er feilinformasjon og ikkje minst sterk marknadsføyring for eit allereie overhypa Apple­-produkt.)

Alt i alt, programmet har mykje forbedringspotensiale. Det kjennest veldig overfladisk og «hey, me vil vera kule». De skulle ha prøvd var å få nokre unge til å laga eit par innslag for dykk (Kyrre (søk) er ein utruleg god filmskapar, han hadde sikkert laga noko kult).

Debatten fortsatte, eg berre legg litt meir til. Heile debatten kan, som sagt, lesast her. Eg har skrive ein del andre innlegg der òg.

For såvidt enige, men…

Ja, du har heilt rett i det mesta du seie der, syns eg. Heilt te dette her: «…få nokre unge til å laga eit par innslag for dykk…» Dårr e jo allerede det der langtekkelige «Ein dag i mitt i liv»-greiene. Vil du verkeligt ha merr sånt, sånn at det kan ble ennå merr amatørmessigt preg på det heila?

Helge Larssen

Nei, eg meiner unge filmskaparar!

Neineinei :) Eg nemnde namn av den enkle grunn at eg her snakkar om kreativ skapande ungdom som kan laga film/innslag. Dei «Ein dag i mitt liv»-greiene er filma av ungdom som (ofte) ikkje kjenner filmmediet særleg godt og er redigert av ei som er tilsett av TV-Vest.

Eg pratar om at unge som kan det dei driv med blir engasjert til å laga skikkelege produkt, – frå idé til ferdig innslag. Det er særs avhengig av kva folk ein klårar dra inn, men ein kan vera heldig og få spreke ting. Nei, – men ein kan vera uheldig.

Forresten trur eg «Ein dag i mitt liv» kan bli veldig bra, problemet er at mykje kviler på personen som skal filme sine ferdigheiter. Eit eksempel på liknande (ofte bra) program er PS: Ung i Sverige. Eg har ikkje blitt skikkeleg imponert av nokon av «Ein dag i mitt liv»-innslaga endå, men eg trur det kjem. Dei har vald interessante folk, – dei burde berre hatt teknisk kompetente folk til å gjera resten. :)

Eg er einig med deg, – eg meinte at ein må få ungdom til å laga ungdommeleg innhald, ikkje vaksne til å laga innhaldet for å så lata ungdom «presentera det» eller berre vera deler i eit større puslespel.

Eg trur f.eks det der sex-programmet hadde vore mykje meir livlig og interessant om det ikkje hadde vore ei kei dame som hadde det. Ahvel, – det er ingen fasit i det heile, men eg kjenner mange flinke folk og eg trur det kunne blitt bra ;-)

Fortsett å utvikla konseptet iallfall, – om det får eit halvt år med betring kan det henda det blir veldig godt til slutt. Stå på :)

18 tankar om “Triplet med flau start

  1. nado

    Hmm, syns du virke litt hard mot de som har laga dette(har ikkje sett det). Forklar ka du meine va så «yea, yo, hippt» me d. Enig at det kan ble litt lamt om d e for møye av d, men d gjenspeile gjerne filmskaperne og medvirkende.

    Så må eg nevna eg ikkje lige måten Lene Klovning snakke på (fra tidligere programmer å dømma) Så falsk!!!

  2. Odin

    No har eg sett alle Triplet-episodane og blitt litt meir positiv. Dei hadde ein god episode der inne. Det eg har skrive er meint konstruktivt, eg synest det kunne bli retta opp ein del mtp. fyrste episode. Men det blir moro å sjå kor langt dei klårar å betra programmet. Kanskje det blir kjempebra til sommaren? Det hadde jo vore kjempemoro.

    Elles klåra dei lage eit stilig innslag med «Bommå». Underhaldninga og det kunstneriske blir kanskje betre når sjølvtilliten kjem og dei tør prøva meir eksperimentelle ting.

    Lene Klovning er herlig i programmet synest eg, – iallfall dei siste. Same med Kjartan. Og det skal eg ærleg innrømma at eg ikkje hadde trudd.

  3. nado

    eg dømme på det eg har sett av hu før. kjartan har eg ingen meining om, han har oppført seg som overlegen dust ovenfor venninne når hun jobbet på bar

  4. Odin

    nado: Då har du jo ein meining om han. Og ein ikkje særleg positiv etter kva eg leser, heller ;-)

    Du virker jo sørenmeg meir kritisk enn meg :p Last ned episodene og sjå dei. Den som gjekk onsdag er best til no, altså episode 2.

  5. nado

    nå har eg sett 2 episoder, og va heilt greit. episode 2 va vel en eg såg fyst. bedre enn episode 1. Programvertene jore en OK jobb, bler spennane å se koss d bler fremøve.

  6. Odin

    nado: Den aller fyrste episoda ligg ikkje ute. Den eg likar best er den der dei les opp den negative kritikken. Det er kjempemoro og stilig synest eg :-)

  7. nado

    då må d vel vær episode 2 og 3 eg såg, den eine va podcasta og den andre var activex streama. Såg ikkje det du snakke om :(

  8. Espen Aarhus Klausen

    Fysste episode av Triplet va latterligt. Rød løper, folk så kom i flosshatter, folk så sto me vinglass i baggrunnen og drakk brus. Innslag så va av den mindre bra typen. Nei, eg vett ikkje heilt. I utgangsponkte hadde eg ikkje di styste følelsane for Herr Salvesen heller. Eg tror flosshattane va liga stort poseringsmiddel så innslagå va. Prøva å ver någe det ikkje va.

    Andre episode starta bra. Lene og Kjartan så leste den negative kritikken. Må nok ha vært det einaste så har trokke på smilebåndet mitt fram te nå. Det va og ei linja Salvesen sa i «bommå» – «Vett du ikkje kem eg e?» – når han sko få tag i bensin. Det va løye pga det e sikkert sånn Salvesen e.

    Ellers må eg sei «en dag i mitt liv» e kjedeligt. Ein dude så filma honden sin så pisste på ein busk og hørte på techno (ikkje samtidigt). Folk legge bare fram interessane sine uden å gjør di interessante for oss. «Ja, eg lige musikk. Har ein pc kor eg lage musikken. Drømmen e å få sitt eget studio, kan eg laga så mye techno eg vil uden å bli avbrytt.». Kjeeeeedeligt! Virke og så folk ikkje vett ka di ska sei. For at dette ska bli kjekt trenge me overdrivelser.

    Sex-programmet e tørt og ubehageligt når hu gamla røyå på 70 år (ja, eg overdrive me alderen) ska snakka om kossen ungdommer te dags har det og virka interesserte. Ikkje minst e konklusjonen te hu ein mulig prisvinner i Amandaprisen for beste programleder – eventuelt spirende nykommer på lokal-tv-skjermen.

    Ellers syns eg at infomusikkvideoane e unødvendige. Eg seie info pga. faktatekstane så dokke opp av og te. Det e mange sanger så blir brukt på Triplet sine innslag ikkje minst. Blir dyr TONO-regning dette. Får se kati TV-Vest går konkurs :)

    Makeoverdelen av programmet e vel mer for jenter i 14årsalderen – så eg lage ingen lang undøvendig kommentar om det :)

    Eller ja, ehm. Stå på!

  9. Odin

    Espen: Veldig einig. Post innlegget på Aftenbladet sine debattsider!

    Men, altså, det er ein god tanke, det kan bli bra. Eg likte (som sagt) òg den delen med den negative kritikken, det har vore det beste til no. Det var spontant og ekte. Veldig bra. Ikkje wannabe-interessant, det var berre herleg underfundig.

    Det er òg mogleg å laga gode ein dag i mitt liv-innslag. Kan ikkje du skriva manus, Espen, så lagar me ein? :D Det hadde vore dritkult, – kan vera parodi eller ein over-the-top-versjon. Eller kanskje berre ein ekte, men interessant versjon. Så kan me senda han inn til Triplet og få vist han. Kva seier du? Det er kult ;D

    Makeoverdelen, med sminke og «mote»­ er mongo. Berre. Mongo. :-) Ingen treng det, ingen tek tips av det. Hadde vore meir moro å sett ein nerd prata om Linux (meg, meg, meg!!!). :D

  10. Espen Aarhus Klausen

    hehe, TV-Vest-folk tror vel mote har større appell hos ongdommer enn ka linux har :( Hadde styrefolkå i tv-vest tatt vekk musikkvideor konne kanskje folk fått snakka om linux!!

    Uansett, ja! det ville vært digg å lagt ein parodi på ein dag i mitt liv! Hadde me smilt og ikkje vært trøtte hadde me allerede klart å laga ein parodi på det (ganske lett me andre ord!)! Me får se ka grydå koge opp!

    Sist men ikkje minst – i slutten av «en dag i mitt liv» snakke alltid personane om kor mye di sette pris på mødrene sine! Ka skjer me fedrene? E det tabu å snakka om fedre på lokal-tv?

  11. Espen Aarhus Klausen

    Seint oppe som (nesten) vanlig. Såg dagens Triplet, eller gårsdagens Triplet så det nå blir. Det va mildt sagt ein ganske urovekkande episode. Det va synserne sin tur i denne episoden – det blei tatt opp et ganske uaktuelt emne, nemlig mobbing. Eg syns tv-vestfolkå konne hatt et emne så ikkje e så generelt og gjennomhulla som mobbing og seksualitet. Snakke du om mobbing drar du akkurat ikkje någen heilt utrolige teorier ud i loftå så ingen har hørt om før. Ikkje minst virka synserne veldig slappe. Det va slapp holdning. Eg blei ikkje særlig inspirert te å se på kossen denne debatten ville eskalera seg. Kan vel knappt kalla det ein debatt siden alle e enige me kverandre og ingen tørr å heva stemmen sin. Det va dårlig lyd på innslaget, det va ekkel filming.

    Den velkjente sterk og smart-konkurransen kom og. Navnvalget på innslaget må ver det fyssta tv-vestbesettningen bør omtenka seg på, siden det verken va fysisk styrke eller abnormal iq som va hovedtrekkå i dagens episode for å komma seg videre i den lukrative konkurranseverdenen tv-vest så fiktivt innehar. Du hadde ein hukommelsesleg og ein «boksekonkurranse» (jenta mod gutt) som i verste fall gjekk på utholdenhet. Hetland tapte (som vanlig) mens to andre affier gjekk videre.

    Aen ting så e ganske finurligt e at Miss Klovning (?) og Mr. Salvesen har store problemer me å forstå ka slags kamera ein ska se dybt inn i. Det plage meg ikkje – men e heller «løye» å se to programledere ha fokus på to forskjellige plasser.

    Ellers e det litt rufsete dialoger som ose av små prosentdeler av usikkerhet. Men ka vett vel eg :(

    Dagens musikkvideo: Ronan Keating – Life is a rollercoaster! For human etisk skyld – fjern unødvendige musikkvideoer. Heller åbn opp for innsending av hjemmelaga produkter!

  12. Odin

    Espen: Då må dei få noko innsendt ^^. Hint, hint :p

    Men, du bør skriva eigne innlegg på sida snart. Få opp til 12 innlegg i staden for 11. Medan du legg deg seint, er eg her tidleg oppe på ein laurdag.

  13. Miriam

    Vel vel, vet ikke helt hva jeg skal si. Er enig med at programmet kan forbedres. Jeg har selv tenkt å forbedre «En dag i mitt liv» (siden jeg selv er med på det :D). Noen forslag til hva jeg kan gjøre? Bra innslag:P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.