UKM 06 i ueigna lokale

UKM var endå meir amatørmessig enn det nokon gong har vore. Eg synest å hugsa at det var ganske bra gjennomføyrd i gamle dagar då det blei holdt på Rogaland Teater. No har vel teateret alt for mykje å gjera til å driva med slikt. Det er eigentleg ganske synd, – sidan Metropolis ikkje akkurat er bygd for å halda slike tilstemningar. Må vel gå an å finna eit betre eigna lokale?

UKM er eigentleg ein utruleg fin ting. Det er veldig viktig for dei som opptrer å ha ein slik plass. Det er viktig av di det får folk engasjerte og får dei til å gjera ting saman. Eg meiner jo at mykje av vitsen med å leva er for å gleda andre, veldig enkelt sagt – og då er slike medmenneskjelege tilstemningar utruleg viktige. Engasjement i andre menneskje får ein gjennom kultur på den måten, det er bra då at unge blir engasjert i tidlig alder. Her er UKM supert.

Men så skjer det noko når opplegget ikkje er godt gjennomført, meg og KK betala kr. 30 kvar for det som skulle vera ein time. Men plutseleg var det slutt, eg syntest dei hoppa fælt mellom deltakarane – det var ikkje rart då berre halvparten hadde kome. Det var berre 5 innslag, to av dei var magedans, to av dei var Helene sine (det eine var filmen eg redigerte) og det siste var fire 11–12 år gamle jenter som dansa til Amy Diamond. Det mangla stort med andre ord.

Men eg har berre rakka ned utan å seia kvifor. Metropolis er ein flott plass, eit utruleg godt tiltak, men eg synest ikkje UKM passar stort bra til der. Det fyrste er sjølve rommet i seg sjølv, det er vanskeleg å sjå scena med mange stoler satt opp. Eg såg ingenting, sjølv om eg er høgare enn dei fleste som ser UKM. Kitty Karina såg jo iallfall ingenting. Rommet er lite og mørkt, eg synest ikkje det er spesiellt innbydane. Stolane er provisorisk satt opp. Ja – det er ikkje laga til scenevisninger slik, det er eit rom som blir bruka til mykje forskjelleg. Men det er tingen; Metropolis er flott til det meste dei gjer der; men fungerer ikkje for UKM. Metro-miljøet er óg for det meste rundt Storhaug, eg har aldri kjend meg spesielt velkommen på Metropolis.

Konfransierane var vist via video. Det var veldig dårleg, – lyden fungerte ikkje særleg, kvaliteten på kamera var verkeleg låg. Kvifor ikkje ha to spenstige folk rett på scena heller? Ja, jo, scena såg me jo ikkje, så kanskje like greitt med video.

Videoen vår blei vist fyrst, – men lydanlegget var ikkje særleg å skryta av. No er ikkje eg ein mester til å leggja lyd akkurat, og eg hadde pressa mykje ut av UKM-versjonen på lydfronten (den som gjekk på Trigger hadde ikkje same lyden). Høgtalarane skurra noko fælt då dei enorme «boom­»-ane kom, dei som reiv hardt i subben då eg køyrde kortfilmen på skulen.

Som sagt, det er eit lite rom, likevel var det berre halvfullt. Såg litt synd ut. Det metropolis har betre enn bl.a. Rogaland Teater er lysanlegg, eg trur ikkje dei hadde gidda satt opp same systemet. Men no er jo interessene mine andre plassar. Eg trur faktisk band-delen av UKM er betre på Metropolis enn teater- og film-delen som eg bryr meg om.

Filmen kom ikkje vidare, det gjorde heller ikkje monologen til Helene. Men den eine magedanserinna kom vidare, men ho var kjempeflink óg då. Det var bra :)

5 tankar om “UKM 06 i ueigna lokale

  1. Espen Aarhus Klausen

    Eg lurte sjøl på kossen ein UKM-framvisning på Metropolis ville bli. Regnte me det ville bli dårlige greier på mange fronter. Ser ud som eg hadde rett igjen :) Sitteplassane må ver ganske urovekkande. Blir som et platt skolestykke i gymsalen me kunnskapslause teknikkere.

    Jada, Metropolis duge jafall te å leia ud lokale sitt for filminnspeling :)

    btw, magedanseren – eg tror hu e syster/slektning te Miliam.

  2. uuungdomer

    Komme aldri t å senda deg e-post din jævel. D må du forstå at du d, e ikkje e alle som har fedre langt oppi SAS!! Så må du ta å drikka den jævla brusen din t hælvette! åååhh eg meine d, sant vel! d må du forstå at d e andre som har andre problemer sant vel! Så må du lokka nebbe ditt å prøva å styra film-driden din å styra unnå fjortisane din jævla idiot!!!! Dessuden du stinge svetta ! for du e faen svede svend !

    F

  3. Odin

    Oidå. Fælt så sinte me var då? :) Diverre forstår eg ikkje alt du meiner.

    • Kva med at du ikkje vil senda meg e-post? Eg hadde heller ikkje forventa at du ville. (Ah, du meiner når du registrerte, ikkje gje meg epost-adressa?)
    • Eg forstår at andre ikkje har fedre i SAS, men ingen i min familie jobber der heller. Dei har heller ikkje god inntekt, om det er dét du pratar om.
    • Drikka brusen min til hælvette, – eg drikk helst ikkje brus. Likar det ikkje stort :) Kan evt. taka farrisen min til hælvette om det gjer deg glad.
    • Eg forstår at andre har problemer, eg har nærast ingen sjølv. Men har eg gitt utrykk for at alle er problemfrie utanom meg?
    • Lokka nebb, styra film-drid og styra unna fjortissar – notert, men kjem ikkje til å taka det til etterettning. Unnskuld.
    • Svette? Hum. Du må tydelegvis ha møtt meg, makan til svettelukt skal du leite lengje etter ;D

    Unnskuld sidan eg tydelegvis har fornærma deg «F», men eg synest ikkje du forsvarar saka di særleg bra. Vonar det betrar seg seinare. Hadde vore moro om du hadde sagt kven du var då, sidan du tydelegvis hatar meg så intenst. Så kan eg prøva å ikkje koma i vegen din med svettelukta mi meir ;-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.