Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Monthly Archives: March 2006
Vis respekt, betal for heimturen din!
Eg har eit problem med deg. Du som ikkje forstår bil. Du som ikkje betalar når du blir køyrd. Du er ein utruleg kjekk person elles, men viser ei total mangel på takksemd og eit digert FUCK YOU når du skal heim frå fest. No skal eg svara spørsmålet du aldri har spurd; «Korleis skal eg té meg når eg blir køyrd heim og har spurd om det?»
Continue readingBusskvitteringen er visstnok feil…
Neinei. Eg er visst ein dumming som trur at ungdomskortet varar i 30 dagar. Det varar jo sjølvsagt så lengje bussjåføren meiner det skal vara! Har du eit øydelagd pappkort frå Kolumbus kan du aldri vera sikker på om den neste bussjåføren rundt hjørna vil skjella deg ut. Har du kvittering er det nemleg dei som skal bestemma om du får vera med på tur eller ikkje…
Continue readingGlaaaaaaaad i Rebeccapus
Oooh, eg er så GLAD i kjærasten min. Ho er superdupersøt og verdas beste kjærast. Ho er herleg, snill og veldig flink. Men mest av alt så er eg jysla glad i ho. No har eg ikkje sett ho på leeengje, og eg savnar ho faktisk. Eg ville vera med ho. No :(
Mimi er kjempesuperkul
Mimi er dritkul. Eg fraus 1.5 timar i det superkalde vêret, men eg ville ikkje gå; det var jo så koseleg. Mimi er ei veninne frå teateret, sjølv om eg ikkje hugsa ho igjen då eg traff ho for eit år sidan. No burde det vera motsett sidan ho er den store skodespelaren, medan eg ser på, og blir engasjert og impontert.
Ah, helsing er DIGG
AH! Han nikker til meg, helser. Syklar gjer han. Wohoo. Eg kjende meg allereie glad, men no blei eg heilt frå meg av glede. Eg helser tilbake. Han helser, …igjen rett før han er forbi meg. Hahah :D Eg er kjempeglad, ååå. Det er så flott å smila til folk som går forbi.
Korleis bruka JuiceRecorder for å lasta ned Triplet
Sidan fleire på aftenbladet.no ville vita korleis ein kunne lasta ned alle episodane til Triplet ned til datamaskina, har eg laga ei lita rask brukarrettleiing. Det vil vera litt annleis på din maskin, sidan eg brukar Linux (pluss ein gamal versjon av Juice), men det skal ikkje vera så forskjelleg.
Halvreferatisk framleggjing av årsmøte i Rogaland Mållag
Eg gadd ikkje skriva ein personleg tekst, eg gadd ikkje halda dei små meinigane mine vekk frå teksten. Så det er ein kvasitekst om årsmøtet som blei halde på Jæren Hotell i Time. Det var eit koseleg årsmøte, sjølv om eg kjende meg veldig åleine blant alle dei gamle i starten…
Continue readingI dag har eg blitt kontakta om altslag
Det var ikkje små avtalar eg klåra gjera i dag. Faktisk veldig mykje. Utruleg glad for at eg skaffa Filofaxen min (avtalebok) nett for nokon dagar sidan. Hadde ikkje vore det same utan orden i livet sitt. I dag har eg «skaffa» avtalar om å dra til andre sida av landet, skitur, avisintervju, redigering av video, heimesidemekking og stilling til styreval.
Continue readingEin fotoamatør tek overeksponerte bilete
Ååå! Vakkert bilete av den vakre kjærasten min Reb. Men AKK. KORLEIS INNI HELVETTE SATAN KLÅRAR EG TAKA OVEREKSPONERTE BILETE!?!?!? :(((( Nybyrjar :( Trudde eg heldt meg over slik standard.
Årsmøte i Målsiddisane
Eg drog litt ekstra tidlig frå ein elles stressande dag på jobben; måtte møta NMU-sivilarbeider Jens på togstasjonen. Han skulle vera med på årsmøtet i vårt lille koselege nynorske lokallag. Styret blei vald ut og me fann eit par hovudtrekk for kva me skulle prøva å gjera dette året. Etter dèt åt me på Peppes Pizza.
Continue reading