Årsmøte i Målsiddisane

Eg drog litt ekstra tidlig frå ein elles stressande dag på jobben; måtte møta NMU-sivilarbeider Jens på togstasjonen. Han skulle vera med på årsmøtet i vårt lille koselege nynorske lokallag. Styret blei vald ut og me fann eit par hovudtrekk for kva me skulle prøva å gjera dette året. Etter dèt åt me på Peppes Pizza.

Eg såg Jens på Narvesen der han sniktitta i bladet «Mann», han blei lettare blyg då eg såg kva slag lesnad han studerte. Me gjekk opp på Metropolis, sidan eg hadde blitt sett ansvarleg for kaffi; tenkte om me fann ein kaffikokar dèr så hadde alt vore fryd og gammen. Me fann det me søkte, men kaffien som følgde med var ikkje superb – så me måtte ut å kjøpa dèt. Valet fall på Coop sin solidariske fair-trade kaffi, som ligg på kjøkkenbenken min no.

Arkologisk museum og opningstidane deira

Sist gong gode Jens var i byen ville han så utruleg mykje sjå Arkologisk museum, sidan dèt dei har i Oslo visstnok var forferdeleg dårleg. Han hadde trava dei lange bakkane opp til musèet, berre for å få vita at det var stengd. Difor skulle me no taka oss ein tur. Det gjekk ikkje bra. Forventningsfull bad Jens om billett; men det fekk han ikkje. Dèt han fekk var informasjon: «Me har stengd.». Ehh. «Det du ser her no er meir som kontortid, me slepp ikkje folk inn». Åneivel.

Så byrja Jens klaga på kor dårleg det var lagt opp; kor tid jobber folk? Jo, til 15/16. Kor tid har dei tid? Frå 16 og utover. Kor tid stengjer Arkologisk museum? Jo, dei hev stengd frå 16 og utover. Ravgale, meinte Jens. «Korleis skal du underhalda meg no?», sa Jens litt morkent og hinta til at det ikkje var moro meir. «Arh, nett no går me berre mellom alle dei kjekke tingene me skal gjera», svara eg utan å ha ein idè om kva me skulle gjera; eg vona berre transportetappa var lang nok slik at eg kunne finna noko.

Motmæle, eit heitt samtaleemne

Då me kom til byen spurde eg om kafè var mogleg underhalding, det var greitt. Me gjekk til Sting. Der såg me gjennom «Motmæle» som er den superfantastiske avisa som NMU gjev ut til medlemane sine. Jens er faktisk redaktør i denne avisa, og lagar stort sett alt utanom artiklane. Vel, han lagar visst ein god del av dei òg. Me diskuterte korleis avisa kunne vore betra, – Jens hadde bruka eit bilete som eg hadde take på forsida av avisa – det meinte eg ikkje kom til sin rett (som Jens var einig i). Avis er iallfall særs interessant.

Etter me hadde svidd av ein del pengar på Sting drog me til Metropolis. Me var alt for tidlige, men jaja, me måtte vel gjera kaffien klår til møtet då. Det sto to herlege jenter i inngangspartiet til Metropolis. Dei såg umiskjenneleg nynorske ut. Huuuummmm… «Er de her for årsmøtet i Målsiddisane?», det var dei. Kort etter kom Vebjørn, med to andre jenter. Jøss, eg som trudde det skulle bli meg, Vebjørn, Jens og kanskje Geir på møtet. Eg har alltid lurt på kven dei mange medlemane i målsiddisane er; for dei er iallfall ikkje særleg aktive.

Årsmøtet startar

Me sat oss inn, drakk kaffi – åt kake. Forresten var det berre eg som drakk kaffi, trass kor mykje eg hinta og bydde dei andre. Me hadde ein kort «om meg sjølv»-runde, som eg absolutt elskar. Men allereie innleiinga mi var lengre enn alle dei andre sine fulle «om meg»-talar, så eg stoppa der. Hadde vore jysla moro om alle ville ha snakka litt lengre då; eg synest det er moro å vita kva folk gjer og tenkjer om ting! Wohoo.

Me gjekk gjennom sakslista, medan Vebjørn stadig kom av tema (og me måtte hanka han inn igjen; den guten er glad i å tala!). Det var to stk som ikkje hadde stemmerett av oss 6 (pluss Jens, som ikkje hev stemmerett same kva), ho eine var ikkje medlem, medan ho andre, Frida hadde ikkje betala endå. Forresten klårar ikkje eg hugsa namn, eg stressa fêlt med kaffien då dei andre pressentera seg sjølv. Vondingen meg. Jaja, eg lerer dei nok snart. :-)

Eg betala for Frida (som seinare vart nestleiar, det trur eg ikkje ho kunne ha vore om eg ikkje hadde betala – det synest eg er kult ^^) og spurde ho andre (off, dumme meg, naaamn) om ho ville vera medlem. «Tja, kan vel det like greitt», sa ho og VIPS! Ein ny medlem i det nye året! Wohoo!

Vebjørn som likar å prata (+ han elskar media)

Me gjekk gjennom føråret. «Kan du taka det kjapt og greitt, Vebjørn», sa Jens. Me visste båe at dèt kom det ikkje til å bli; såpass kjenner me Vebjørn. Etter han hadde kome seg gjennom lefsa si med fleire anekdotar (nokon lange) på vegen, kunne me starta med dèt som hadde litt meir relevans; stemming. Var dette ei god årsmelding? Samstemmig, som faktisk alle sakene var… :-)

Eg hugsar ikkje kva me fann ut at me skulle konsentrera oss om i år; men me gjekk inn for møte annan kvar veke – anten i siddisstova (på lassa) eller der Natur og Ungdom hev sitt kontor. Så var det stemming av verv i styret; Vebjørn Sture blei leiar igjen. Frida Ur blei nestleiar. Eg, Odin, blei kasserar/økonomiansvarleg. Så blei, uhm, ho andre jenta (NEEEI, det namnet hadde eg på tunga!) styrelem, same blei Geir og Mats Indrefjord Høllesli (sjølv om dei ikkje var tilstades innstilde me på det).

Me fann ut kven som skulle sendast på årsmøte i NMU, det blei meg, Vebjørn, Frida (nei, ho kunne ikkje lell), Ingebjørg (?, som ikkje kunne vera på Målsiddisane sitt årsmøte) og… Vel, det er vår vørde leiar Vebjørn som hev oversynet på alt dette. Eg kan vel heller berre seia at eg iallfall blei med :p Eg sa meg òg villig til å vera observatør på Stavanger Mållag sitt årsmøte. Kven som skulle dra på Noregs Mållag sitt årsmøte (og 100—årsjubileum) i Oslo gløymde me; men får taka det på neste styremøte, torsdag kl 1900 om to veker. Eg har iallfall utruleg lyst :]

Slutt på dèn dagen

Me måtte slutta møtet raskt, sidan to måtte på jobb – eg tok kaffien min og rydda saman med Jens og Vebjørn før me stakk til Peppes. Det var koseleg, og tok lang tid. Eg var ikkje heime før i 22-tida. Akk. Etter dèt las eg avisa, sjølv om eg eigentleg ville skriva om møtet pluss jobba litt. Menmen. No er det flott vêr ute, og eg skal vera med Rebecca. Ut å gå tur visstnok. Hum. :-) Får dra.

Det var sjølvsagt ein hugnadsam dag, men herlege menneskje (som NMU-folk plar vera). Wohoo. Eg ser fram til eit år som kasserar i Målsiddisane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.