Busskvitteringen er visstnok feil…

På busskvitteringen min for ungdomskortet står det dato kortet blei kjøpt, 14 februar. Vel og bra, sjølv om skrifta er litan og kvitteringen er omtrent ubrukeleg etter ei tid. Det same gjeld forresten den gule papplappen me får som pass – eg har nærast aldri bruka han sidan han ikkje fungerer etter nokon dagar. Denne kvitteringen varar i 30 dagar, står det på han. Javel, 14.feb+30 dagar er 16. mars. Sidan det er 28 dagar i februar, og ikkje 30, blir dette eit enkelt reknestykke.

No var eg så heldig å få ein agressiv bussjåfør denne dagen, med same køyrestil. “Nei! Det er ikkje slik det fungerer”, utbrøyt han då eg forklåra kvifor kvitteringen framleis var gyldig. Neinei, eg var visst berre ein idiot som skulle snike meg på ein ekstra dag. Anten måtte eg betala, elles hadde eg det med å koma meg ut or bussen raskast mogleg. Då betala eg sjølvsagt raskt og blei med på ei humpete blanding av akselerering og bremsing til byen.

Tingen er ikkje at ein dag har så utruleg mykje for meg å seia, her. Det er meir prinsippet om at

  1. Lera bussjåførane korleis systemet dykkar fungerer (30 dagar, ikkje til same dato neste månad), eller
  2. Skriva korleis det visstnok “eigentleg er” på kvitteringen.

Eg har ikkje noko ynskje om å bli skjella ut på bussen som start på dagen. Eg er den som glad takkar bussjåføren for turen når eg går av. Eg kjem alltid inn i bussen med ein glad mine, og får normalt sett flotte smil tilbake. Men denne bussjåføtren tok kaka. Off. Slemme bussjåfør.

4 tankar om “Busskvitteringen er visstnok feil…

  1. Teirik

    heldigvis e på langt nær alle bussjåfører så ille som han her… og det me busskortet e någe som har irritert meg lenge.. ska det vara ein «måned» (aka.30 dager), så ska det vara 30 dager, og ikkje 28. Viss ikkje e det grov utnytting av kunder, når det står det ska vara 30 dager!

  2. Odin

    Det høyrer med til historia at den neste bussen eg kom på var dau. Sjåføren klåra ikkje starte han igjen. Prøvde iherdig med ein buss full av folk. Var borte og slo på startmotoren, men det gjekk ikkje. Etter eg hadde sitte der og lese i 15 min fekk han endeleg start på han igjen; eg kom for seint på jobb pga dèt.

    …men det plaga meg ikkje! Alt eg kunne sjå var ein stakkar bussjåfør som stressa som få andre for å få det til. Det var ein hyggeleg, ung fyr. Eg såg at han var veldig ny og smilte ekstra mykje då eg kom inn. Eg takka sjølvsagt høgt for turen då eg gjekk; han hadde sikkert ein traumatisk dag, stakkar.

    Men han var eit godt menneskje, i forhald til han andre surpompen i bussen før.

  3. Teirik

    Aah, uheldig for bussjåføren, og alle passasjerene, men ikkje någe sjåføren kunne någe for. Sjøl, så smile eg altid, og hilse når eg går på ein buss, det e jo tross alt yrket dis, og de e jo som regel alltid blie sjøl, så då skade det ikkje å smila litt :) spre någe glede :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.