Halvreferatisk framleggjing av årsmøte i Rogaland Mållag

Eg gadd ikkje skriva ein personleg tekst, eg gadd ikkje halda dei små meinigane mine vekk frå teksten. Så det er ein kvasitekst om årsmøtet som blei halde på Jæren Hotell i Time. Det var eit koseleg årsmøte, sjølv om eg kjende meg veldig åleine blant alle dei gamle i starten…

Starta med ein kulturdel

Som start fekk me ei flott helsing frå ein Venstre-representant i Time kommune. Han snakka om kommunen som framleis var ein nynorsk vekstkommune. Me song Nordmannen før me fekk sjå vakre bilete frå Jæren. Desse var rektig gode, eg blei rett sagt inspirert. Me song «Den fyrste song» og Bjørg las og song frå Haugtussa. Det var så fint at eg fekk lyst til å lesa Haugtussa sjølv.

Pause. Eg snakka med Hege Lothe, bl.a. bladstyrar i Norsk Tidend – medlemsavisa til Noregs Mållag. Etter pausa var ferdig song me «Kjerringa i stampen» og hadde namnopprop. Tor Magne las opp året i korte trekk. Ålgård og Oltedal hadde hatt røysting om skulemål; båe kommunane valde nynorsk.

Melding frå sentralt

Hege Lothe skulle snakka litt frå sentralt. Ho var blant anna utruleg glad då VG og Se & Hør ringde oss for å melda seg på til 100—årsmarkeringa. Dei stilde opp og ville absolutt vera med. Normalt er det visst motsett. Avisene er meir på glid i forhald til nynorsken, VG hadde to heile sider der alt var skrive på nynorsk. Wohoo!

Slagordet som blei laga for kampanja mot forbodet i Dagbladet og VG vil bli bruka i fleire høve. «Slepp nynorsken til» kan ein dimed sjå i fleire høve frametter. NM vil ha ei kampanje retta mot butikkjeder som har butikkar i nynorskkommunar. Her er det rett og rimeleg å bruka «slepp nynorsken til»-slagordet. Elles har NM fått eit nytt slagord for jublieumsåret; «Mange røyster – felles mål».

Vil sleppa på prosentkrava (det høgst politiske) og heller fokusera på det positive med nynorsken. Korleis han kan bli bruka godt og med vèl vitande vilje. Slik meg og vørde leiar Vebjørn Sture gjorde då me byta over av di me syntest nynorsk var tøffare.

Årsmøtet til NM blir på kr. 2500, det er utan bo og billettar til morosame ting. Reise er dekka. Synest det var relativt stivt då; eg betalar kr.160 tur/retur Oslo, og har ikkje akkurat så mykje pengar for å dra på årsmøte. Men normalt sett dekkjer jo lokallaga slik.

Sjølve møtet startar

Me starta møtet. Klubba oss raskt gjennom dei fyrste sakene. Alle på deltakarlista fekk røysterett.

Me snakka om meir samarbeid med lokallaga, bokmålsinfluensaen (no i desse dagar kor fuglevarianten er så folkekjært) som infiserer nynorskkommunar og nynorske tekstmeldingar på debattprogram. Gu’ så herleg det var å sjå godt mål på dei små tikkande meldingane! Underteikna såg faktisk på dèt ordskiftet sjølv og las kommentarane på nynorsk med spesiell hug. Nynorskpositive kommentarar på bokmål var òg moro, men dèt målet ser ein meiningar ytra dagleg.

Ingeborg Mjør la fram eit (i mine augne, særs godt) forslag om ei brukardriven nettside kalla «nynorskklassar.no». Sida skal gjera organisering og samkøyring enklare for foreldre som vil at ungen deira skal ha nynorsk som hovudmål. Supert! Mamma og Pappa ville jo at alle me skulle gå i nynorskklassar, men det var aldri nok folk til å få laga ei parallellklasse (ein må vera 10 personar i ei klasse). Eg vil taka dette vidare opp i målsiddisane; eg trur dette er noko som berre må gjerast. Eg stoler ikkje på at det vil gå raskt nok (om i det heile take!) om det skal gjerast på den byråkratiske måten.

Lunsj, med dessert. Ahh. Og kaffi. Namnam.

Etter lunsj, målprisen 06 til Helge Torvund

Denne prisen gjekk til Helge Torvund, diktar og diktlerar. Han har skrive mange tips og mykje rettleiing til folk som vil skriva dikt. Raus og auser av si kompetanse. Han driv på i diktkammeret til dagbladet.no. Alltid skrive nynorsk, sjølv om det var i Dagbladet. Der hadde det avogtil skjedd at nokon i redaksjonen hadde skrive eit intervju (med målfolk) på nynorsk, men måtte omsetja det før dei fekk trykka det.

Same kva, diktkammeret – og Torvund si store rolle som lærar og tilsett der er positivt for nynorsken, difor fekk han prisen. Han var overraska over at folk hadde fått med seg arbeidet hans.

Rekneskap og budsjett

Alt saman godkjend. Me fekk utlevert flotte papir, gode og oversiktlige. Eit godt stykkje rekneskapsarbeide av Karl Marius Lillevik. Eit par små tips til pengar i organisasjon dukka òg opp. Hendig for ein ny kasserar. :-)

Noregs Mållag hev fått nye heimesider, og vil tilby lokallaga (og fylkeslaga) plass på publiseringssystemet. Friluftslaga rundt i ryfylke og nynorskkommunar skriv bl.a. «hytten er oppsatt av…». Forferdeleg. Ei skulemålsnemnd blei vedteke – skal ha ansvar over skulemålsarbeidet. Budsjett, trekkene er stadig mindre underskót. Likevel var dei fleste einige i at me bør ikkje vera redde for dèt; heller bruka av formuen (og Rogaland Mållag har mykje!).

Val av styre

To nye inn. Båe frå Målsiddisane (som har vist seg å vera ei god, aktiv gruppe ;-)). Styremedlem, vår vørde leiar Vebjørn Sture. 4. vara, Odin Hørthe Omdal. Det er meg. Alt gjekk samrøystes igjennom bland forsamlinga på vèl 25 personar. 9 menn i styret, berre ei kvinne; Ingeborg Mjør som 3. vara. Det var jo litt flaut.

Så tok me bilete og snakka litt laust og fast før me drog heim. Møtet vara frå 11 til 17

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.