I dag har eg blitt kontakta om altslag

Det var ikkje små avtalar eg klåra gjera i dag. Faktisk veldig mykje. Utruleg glad for at eg skaffa Filofaxen min (avtalebok) nett for nokon dagar sidan. Hadde ikkje vore det same utan orden i livet sitt. I dag har eg «skaffa» avtalar om å dra til andre sida av landet, skitur, avisintervju, redigering av video, heimesidemekking og stilling til styreval.

Det starta ganske roleg. Eg hadde avtala med Geir at eg skulle henta han på Forus (stikk motsett av Randaberg frå meg, forresten). Eg køyrde ut å henta han. På veg til Randaberg VGS sa eg at eg ville på skituren RVGS hev på måndag.

Skitur på måndag, i boks!

På skulen fekk eg ei melding av Victoria. Me avtala at me skulle fortsetja (og gjera ferdig (vonar eg!)) heimesida hennar imorgon.

Heimesidejobbing med Victoria imorgon, i boks!

Vél heime (etter ein dag med jobbrelaterte avtalar) fekk ein epost frå vår vørde Målsiddis-leiar Vebjørn. Kan nokon vera viljunge nynorskungdom i Stavanger for Norsk Tidend? Jodå. Måndag landa dét på.

Intervju (saman med andre Målsiddis-vener) til Norsk Tidend (Noregs Mållag si avis) på måndag, i boks!

Espen ringde meg. Kva du vil? Jodå, etter mykje tull fann eg ut det eg trudde frå starten. Han ville redigera «Metakognitive». Sat opp avtale onsdag.

Videoredigering med Espen neste onsdag, i boks!

Eg fekk ein telefon frå eit nummer eg ikkje kjende. Det var Johan! Han som laga Pia Mi. Nett denne filmen hadde (velfortent ;-) ) blitt nominert til Amandus (filmfestival for unge under 20). Johan lurte på om eg ville vera med, sidan han var i USA nett den veka. Han hadde fått tri billettar. Sjølvsagt ville eg dèt. Eg hadde ikkje store rolla under laginga av filmen, der hadde Johan mamutrolla. Du kan lesa om innspelingsdagen og lasta ned filmen i innlegget Film, Pia mi.

Ei veke på filmfestival i Lillehammer som «crew» på Johan sin film, i boks!

No var eg allereie ganske overvelda. Plutseleg fekk eg endå ein telefon. Denne gonga frå valnemda til Rogaland Mållag. Dei lurte på om eg ville stilla som fjerde vararepresentant til styret. Rogaland Mållag er altså laget for dei «gamle» målfolka. Er fylkeslaget som har dei andre lokallaga i seg.

På nominasjonslista til Rogaland Mållag (langt nede då, der eg liker meg ;D), i boks!

Og dette var berre dei store avtalane denne dagen. Og berre avtalar. Eg hadde fleire andre sakar eg dreiv med, men denne dagen var prega av at eg blei kontakta og gjorde avtalar. Stilig ^^

2 tankar om “I dag har eg blitt kontakta om altslag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.