Sidan fleire på aftenbladet.no ville vita korleis ein kunne lasta ned alle episodane til Triplet ned til datamaskina, har eg laga ei lita rask brukarrettleiing. Det vil vera litt annleis på din maskin, sidan eg brukar Linux (pluss ein gamal versjon av Juice), men det skal ikkje vera så forskjelleg.
Du treng litt datakjennskap for å gjera dette, guiden er ikkje laga for analfabeter :-)
Last ned JuiceReciever
Du kan lasta programmet ned på sida deira.
Installér programmet, opna det og trykk på fanen / tab-en «Subscriptions».
Kopiér Podcast/RSS-URLen frå aftenbladet sine sider
Denne URL-en er http://aftenbladet.no/podcasts/triplet/rss.xml, for dei som heller vil kopiera han frå meg.
Legg til ein ny «kanal» i Juice
Lim inn addressa til Triplet-podcasten
Og trykk «Save».
Trykk på den nye «feeden» og vel kva du vil ha
Du kan eventuelt trykkja på den eine store oransje knappen til venstre for å velja alle dei episodane du ikkje har lasta ned. Trykk på den store grøne knappen for å oppdatera.
Trykk på «last ned»…
…og Juice startar laste ned filene!
Filene legger seg der du valde at dei skulle leggje seg. Om du ikkje valde dette finn du det i properties.
Eg kan ikkje sjå filene som er lasta ned!
Ånei. Så synd. Bruk eit skikkeleg operativsystem. Hmm. Men om du ikkje vil bruka Ubuntu (supert OS!! :D) kan du alltids lasta ned VLC for å sjå filene. Lukke til!
Synd at folk ikkje vil lasta ner någe me mer kvalitet/substans.
Espen: Eg synest Triplet er kult eg ;-) Likar å sjå det, er moro.