Vis respekt, betal for heimturen din!

Eg har eit problem med deg. Du som ikkje forstår bil. Du som ikkje betalar når du blir køyrd. Du er ein utruleg kjekk person elles, men viser ei total mangel på takksemd og eit digert FUCK YOU når du skal heim frå fest. No skal eg svara spørsmålet du aldri har spurd; «Korleis skal eg té meg når eg blir køyrd heim og har spurd om det?»

Javel, så du er på byen/på ein fest og er drita full. Eg ser allereie litt ned på deg sidan du er det, men så krever du nærast at eg skal køyra deg heim/til byen. Eg seier raskt nei, sjølvsagt. Drittsekk. Den personen er ikkje noko problem, men dei som er litt meir brisne og venlege er verre;

Etter mykje om og men er eg så snill at eg køyrer deg heim. Du slepper å taka den hekkans bussen, du kjem trygt og utruleg raskt heim til sengja. Nattbussen kostar ofte 50kr, desse pengane slapp du betala der. Når du går ut av døra mi smiler du pent og seier «takk, det var kjempesnilt». MEN DET ER IKKJE NOK DIN HEKKANS SLAKKING! Eg smiler og seier takk heile jævla dagen. Det kostar meg ingenting personleg, det er overfladisk snikksnakk. Eg blir ikkje stort glad av eit enkelt utvaska drittakk.

Det er fakta at det er kjempesnilt, forresten. Det er supersnilt, faktisk. Eg har bruka masse tid på noko så keitt som å køyra ein diger omveg for å få deg heim. Du kan leggja deg med ein gong, medan eg må køyra tilbake. Og som om ikkje turen i seg sjølv er kei nok, så må eg betala ein god slant pengar for han. Du får alt dette gratis. Hadde du take buss måtte du betalt 50kr, stått ute i kaldt v^er og venta på driten. Hadde du take taxi måtte du ut med iallfall 200kr. Men å betala for endå betre service frå ein som personleg må betala for tenesta vil du ikkje.

Du ser faktisk på meg som grådig og kjip om eg krev pengar for turen! Kor baklengs inn i mongoland er ikkje dèt!? Eg blir den slemme, sjølv om det heilt klårt er motsett. Tingen er at dette ikkje er så mykje om pengar som det er om respekt og takksemd. Din tid er viktigare enn min, eg skal betala for å få deg heim sidan du tydelegvis er viktigare enn meg, dessutan er det jo min plikt å køyra deg heim sidan du er så dum at du drikk alkohol. Tulling.

Bil kostar forresten pengar, om du ikkje hadde forstått det. Ein typisk tur kostar meg 20kr i bensin, då er ikkje slitasje på bil o.a. medrekna. Staten reknar faktisk at bil kostar 3kr pr. kilometer! Med bilen min går det ca. 1L pr. mil, så det vil seia det koster ca. 11kr/mila i bensin. Hugs at eg skal heim igjen etter eg har køyrd deg heim! Eit godt estimat om du blir køyrd heim av nokon er 10kr i startpengar pluss 2kr pr. kilometer, sjå på odometeret om du ikkje veit kor langt ting er. Då er du relativt sikra at du er ein flink pasasjer.

Betal den søte sjåføren 10kr i startavgift, så 2kr pr. kilometer. Ein tur på 1 mil (Stavanger->Sandnes) kostar då 30kr (BILLIG for deg!). Om du synest det er mykje kan du fyrst skyta deg sjølv, så kan du taka offentleg transport som ofte er mykje dyrare.

Det stiller seg annleis med vener ein kan sleppa av på vegen. Det stiller seg annleis når sjåfør aktivt går inn for å hjelpa til. Det stiller seg annleis når du inviterer den superkjekke sjåføren inn på te og visar at du sèt pris på oss oversnille folk som er blitt utnytta litt for mange gongar. Men ærleg talt, skal du vera kjip er tilogmed 10kr betre enn ingenting! Å gje ingenting er som å spytta meg i fjeset for å så drita ned i tanken på bilen. TAKK!

10 tankar om “Vis respekt, betal for heimturen din!

  1. Rebecca

    Hvorfor ringer det noen bjeller oppi hodet mitt etsteds når jeg leser dette? Tihi:p

    Du har selvfølgelig helt rett da, kjærst’n min :)

  2. Odin

    Hehe. Det gjekk lang tid før han blei publisert då :] No tenkte eg det var såpass lengje sidan liknande hendingar at eg kunne publisera utan å trekkja lenkjer til spesielle hendingar.

    For dette er eigentleg noko eg skreiv i russetida, men det kom berre aldri ned på arket. Du minna meg berre på det for nokre veker sidan ;-)

  3. Odin

    …Og for dei som ikkje er i den indre sirkelen med meg og Rebecca, så handla ikkje dette om køyring heim av Rebecca. Men av nokon andre, berre så det er sagt. ;D

  4. Teirik

    hihi, åh, eg huske me har diskutert dette flerne ganger, når eg har såde på me deg odin :) og eg e heilt enige me deg :) du e snill og har kjørt meg hjem flerne ganger (sjøl om du kjøre hjem t deg, så går eg de siste metrene (og det har ingenting me at du ikkje «gidde» å kjøra meg hjem, eg seie nei uansett når du spør om du ska sleppa meg av någen plass, du bor jo sånn ca |—-| så langt fra meg :D )), og sjøl om eg bor «på veien» t deg, så like eg å gjørr opp for meg :) mye trivligere å bli kjørt hjem av ein odin i godt selskap, enn å sitte på buss… då slenge eg heller i ein 20-lapp, bare for å visa poenget mitt! :)

    Te har det blitt dårlig av hos meg derimot… beklage… men svinge du innom ein dag, så kan du nok få det, kakao eller kaffi viss du vil ;) pluss, der komme ein dag der eg og får lappen! :D

  5. Espen Aarhus Klausen

    Vettkje om eg burde føla meg troffen. Eg burde ikkje! Me sko alltid fram te den same plassen i russatiå. Ingen bensin gjekk tapt på transaksjoner iført varemerket Espen.

    Menneh. Alexander betalte jo for seg :)

  6. Karlsen

    Du begynner å bli hissig med dine gamle år, Odin.

    Hva blir estimat for en tur hjem for meg hvis det koster 30kr til Sandnes? Har ikke noe i mot å betale, er ikke mange pengene det er snakk om, og som du sier så er det 100000x bedre service enn på en buss med folk som synger og spyr. Tror nok ikke at det er aktuelt med en kopp te hvis det skulle hende at du kjørte meg hjem fra byen en natt, men tilbudet står åpent ellers….

    Ellers finnes den tingen med gjensidige avtaler, som jeg føler jeg har med vår felles venn, Espen. Jeg kjører han, og han kjører meg. Er nå slik jeg føler det, og derfor kan jeg med god samvittighet spørre Espen om han vil kjøre meg en plass, så kan han gjøre det samme med meg.

    Vet at du har kjørt meg noen ganger uten at jeg har betalt noe særlig, så jeg føler meg kanskje litt truffet. Men på en annen side føler jeg meg ikke truffet allikevel.

    Uansett, skal tenke meg om to ganger før jeg stiger ut av bilen din neste gang. Skal stjele penger av små barn slik at jeg får råd til å kjøre bil med Odin. :)

  7. Odin

    Næmmen, gode kamerat Jon, les kva eg skriv. Det kan vera teksten ikkje er særleg god sidan du ikkje forstår kva eg meiner. Du er ikkje del av desse folka i det heile; 1) eg tek som oftast initiativet til at du skal vera med. 2) Når du sit på, så SIT DU PÅ, eg køyrer deg ikkje. 3) Eg har vel ikkje køyrd deg heim utan å koma rett heim sjølv etterpå nokon gong, vel? 4) Du er ein god kamerat, ikkje typisk «kjend» ein møter på fest og som syner det er stilig at du har lappen.

    Dette gjeld korkje Espen eller deg. Dette gjeld folk som ikkje hev respekt og utnytter andre, utan at dei kanskje er klår over det sidan dei ikkje køyrer sjølv. Eit godt døme på gode betalarar er Pål og Audun, som vel er av dei få venene mine eg har køyrd ein plass utan å skulla der sjølv. Eg hev aldri vore i ein situasjon der eg har kjend at korkje du, Jon, eller Espen burde betala. I russetida køyrde eg mange, mange fleire enn dykk. Om du trur det er pga. den køyringa me gjorde i russetida er det feil. Eg kjende meg ikkje sat lite pris på då, eg hadde jo eige utbytte av det.

    Elles minst eg at me alle betala for bensinen då me køyrde til kongeparken. Det var ei god løysing. Litt lengre turar bør ein gjera slik, sjølv om alle skal til same plassen.

    Så eg er stadig like, om ikkje meir, glad i dykk alle saman! :D

  8. Skjalg

    Og hugs at dei som eigentleg betaler mest for denne kjøyringa er din far og mor, Odin. Det veit vel og dei fleste som kjøyrer foreldra sin bil….

  9. Odin

    Skjalg: Ja, sant. Men sjølve bensinen betalar eg når eg køyrer lengre turar. I russetida var det eg som holdt bilen med bensin for det meste. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.