Amandustur til Lillehammer

Eg starta på denne for lengje sidan; men så gadd eg aldri gjera han ferdig. Kan like godt leggja ut det lille det er og linkja vidare til ei flink jente som faktisk hev skrive noko; Rebecca. Eg skal prøva å redigera videodagboka frå turen og heller leggja den ut.

No sit me på toget på veg til Lillehammer. Flyet gjekk 1t15min etter det skulle, slik at me mista toget me hadde kjøpt til Lillehammer. Me mista óg kursa som starta i Lillehammer på same tid. Menmen, slik er det no ein gong med reising.

Me filma ein del videodagbok for å få tida til å gå på flyplassen. Me traff Glenn Andrè Kaada (skodespelar på Rogaland Teater) på flyplassen, han var med Silje Salomonsen (kjend skodespelar) og Arild Ommundsen (regissør av bl.a. Monstertorsdag). Eg har snakka med alle før, sjølv om eg ikkje ville vedde på at andre enn Glenn Andrè hugsa meg godt.

Turen har vore ganske mykje lengre enn originalt trudd, Rebecca ligg og søv – medan Espen ser ut vindauget. Eg kjenner eg er trøytt òg, når me kjem fram har me reist i ca. 8 timar. Då skal me på ein opningskonsert; eg vonar berre dei har mat. Ugh, eg er svolten.

Forresten åt eg pølse til frukost på flyplassen; det var heilt utruleg kor godt det smaka. Dette var ikkje ei ekkel gilde-pølse (hekkan, den driten smakar salt!), men av merke Franks. Rart, eg trudde ikkje eg lika nokon av dei masseproduserte norske pølsene. No er det ikkje slik at eg ikkje kan eta dei «normale» pølsene, det er berre det at dei ikkje akkurat er gode. Det fungerer jo når ein er svolten.

Eg skal prøva å skriva noko til skuleavisa om Amandus-turen her, får sjå korleis det går. Det må jo vera interessant og relevant til ein skuleavis. Jaja, den tid. Turen blir iallfall moro, vonar eg. :)

Tilbake i Stavanger

Det blei ikkje meir skriving medan eg var på tur; så eg får taka ei kort oppsummering no. Kan seia at det ikkje blei nokon pris, og at eg har take ca. to og ein halv DV­tape med råstoff til videodagboka. Tipper han blir 20 minutt. Eg får kanskje leggja han ut når han er ferdig. :­)

No hev det gått ekstra 2–3 veker…

…og eg er ein litan paragraf lengre. Om du er interessera i turen bør du kanskje heller lesa Rebecca si heimeside. Meir spesifikt desse innlegga:

Eg hadde lagt vekt på litt andre ting, sjølvsagt, det er ganske moro. Eg skreiv jo nærast ingenting. Usj. Eg skal i allefall prøva å få redigert Amandus­videodagboka. Hev framleis ikkje starta (!). Akk, eg gidd ei skriva meir. :-)

Framleis ikkje vist Amandus?

Eg hev ikkje sett at det hev gått på TV. No ser ikkje eg på TV då, men eg sjekker programguiden… Huuuummmmmm…

4 tankar om “Amandustur til Lillehammer

  1. Odin

    Trur ikkje turen blir interessant nok for skuleavisa. Eg veit ikkje heilt kva eg skal skriva om. Ahvel, eg kan jo laga ein reportasje ­- men eg tok ikkje noko særleg med kule bilete… Huuum. Tja.

  2. Teirik

    du kan…. vinkle det sånn at det blir stilig! :o koss du gjør det får du fundera på sjøl, men itts wørth a sjått ;)

  3. nux

    Der har eg og vore. Skrive dette for å testa om du må godkjenne meldingane før dei blir tilgjengelige.

    Ellers forsvann heile innlegget eg brukte lit ttid på å skrive ut i ingenting. Eg krysse fingrane.

  4. Odin

    nux: Der hev eg óg vore. Hihi :D Eg må berre godkjenna deg som brukar; så no kan du kommentera så mykje du vil. Det skal koma rett ut då.

    Eyh. 1. juni i dag! Jippi :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.