Dagens kortsynte avskum hev sitjeplass på toget

Ei gamal dame med ei superljos, nasal stemme kjem inn i matvogna og proklamerer høgt og betrevitande til trailersjåførmannen sin: «Å, fysj! Her sit dei som ikkje vil betala plassbillett». Ho kjøper ein øl til maten og stadfester på ny kor überharry dette paret er. Vebjørn mumlar nokon overraska toner om å sjå den type folk på toget.

Stemma hennar skjer i øyra trass dei lange metrane mellom oss. Ho snakkar med konstant full intesitet i stemma. Eg roer av litt då eg plutseleg høyrer den anklagande stemma skingrande mot meg «Nei, før hadde dei skild det det stod “kun for spisende”!».

Nokre folk er berre teite. Me hadde betalt ordinær plassbillett, men toget var fullt. Me hadde altså ikkje fått sitjeplass. Å sitja på nåde i dei dårlege stolane i kafèvogna er drit; ekstra drit når ein må høyra på idiotiske FrP-veljarar som liksom ser ned på deg i tillegg. Det er nærast tragikomisk at dei ikkje veit kor håplaust teite dei er sjølv. Men det er jo ikkje stort å taka alvorleg frå slike folk. Dei kan jo ikkje sjå ned på oss før dei får sitt eige hovud ut av rennesteinen. Smaklaust!

3 tankar om “Dagens kortsynte avskum hev sitjeplass på toget

  1. Vebjørn

    Eg klarar ikkje å hissa meg opp over slike fjols. Eg meiner, ho dama kan jo ikkje for at ho er dum som eit brød.

  2. Odin

    Eg hissa meg forsåvidt ikkje opp; eg blei litt oppgjeve. Hihi. Men eg må jo få plassfyll på heimesida mi! :D Eg må tillata meg å lata som om eg blir litt sint innimellom; eg burde skriva ting oftare i boka mi. Då får eg sikkert oppdatert oftare (og då med små tekstar som sjølv far kan lesa (politisk korrekte Odin)).

  3. Vebjørn

    Ja, nei, for all del. Det er berre å spela sint. Spesielt når ein får eit så fantastisk høve til å slengja or deg det verste du hev av stygge ord og anna verbal drit. Det er eigentleg ganske moro. :o)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.