Hekkans bundling!

På desse hekkans Windows-maskinene må ein jo installera altslags dritt for å få ting til å fungera. Det er jo typisk. Ekkelt, men typisk. No måtte eg f.eks installera QuickTime for å få spelt av ei video-fil eg ville sjå; det hadde eg aldri trengt i Linux, der alle avspelingsprogram speler alt.

Men det store problemet med å installera slikt dritt er den HEKKANS BUNDLINGA. SATAN INNI HELVETTE; eg vil ikkje ha nokon STYGG iTunes! Det er eit pisseprogram og eg har absolutt 0 interesse av det! Sjølv om eg sit på den styggaste Windows XP-maskina så vil eg ikkje ha ekkelt iTunes i tillegg til den ekle, stygge, forferdelige Windows Media Player (som eg faktisk ikkje kan avinstallera (WTF!?)). Sataaaaaaaaan! Eg blir så SINT av å bruka Windows. Aaargh.

Eg kunne ikkje berre installera QuickTime utan iTunes, nei. No skal eg sjå om det går an å avinstallera iTunes utan QT… Best det går!

!!!

Det… GÅR IKKJE! Nei, hekkan kor glad eg er som har fridd meg sjølv frå helvette. Eg forstår sørenmegikkje kvifor folk framleis slit med det jævla operativsystemet som har så mange useriøse firma som lagar ekte drittpakkar til det. OFF.

…eg ser igjen ned på alle som brukar Windows.

5 tankar om “Hekkans bundling!

  1. Teirik

    Viss du hadde lest det nøye unna nerlastingå, så kunne du valgt å lasta ner QT uten iTunes, sist eg sjekka iallefall.. Og det går an å un-install’a iTunes og.. du har hengt for mye på linux, odin ;) og takk for at du ser ner på meg, men eg lese iallefall den nødvendige informasjonen, sånn at eg sleppe unødvendig dritt, SÅ DET SÅ! :P

    http://www.apple.com/quicktime/download/standalone.html

  2. Odin

    Det går ikkje an å avinstallera det når ein har brukt den pakka dei gjer deg når du ikkje hev QT installera.

    Den adressa der fann eg ikkje i det heile take; – men eg ville jo tru ein kunne «slå av» iTunes under installeringa slik ein normalt sett kan. Om du ser på «nedlastingssida til QT»:http://www.apple.com/quicktime/download/win.html vil du sjå at det ikkje finst ein einaste lenkje til standalone-versjonen.

    Og, nei. Det går ikkje an å avinstallera berre iTunes utan QT… Iallfall ikkje på den vanlege måten ein gjer i Windows.

    Poenget mitt står like støtt framleis; Windows og alt med det er her for å RAUKØYRA BRUKAREN MEST MOGLEG.

    Ah, eg såg standalone no. Men den var plassert slik at ingen skulle sjå han; under QT Pro og all pisspreiken om «korleis Pro er så utruleg bra». Nei, OFF. Eg har brukt eit overlegent OS i lang tid, – då blir ein frustrert når ein må tilbake å bruka det «alle føretrekk» (for ingen spes. grunn).

    Ein annan ting. Kvifor hev eg ein stygg QT-klokke nede i applikasjonsfeltet no? Kvifor skal QT køyra i bakgrunnen? ARGH!

  3. Teirik

    avinstaller heile skjiten då, og last ner fra linken eg ga deg!

    øupen øpp jør eyz! an står der vel! viss du ser på den siå du linka t nå (den eg og brukte for å finna den linken eg fant), og flytte øynene dine t senter av siå, fantasidele skjermen inn i 4 firkanter, velge den nere i høyre, ser senter i den delen, dele an i 4 firkanter igjen, ser i den øvre venstre av de og ser senter, så ser du faen rett på linken, mann! an hette så mye som «QuickTime Standalone Installer».. Finne du an ikkje me den høyst sofistikerte metoden min, så søk på siå! ctrl+f e meget hjelpsom t sånne områder!

    hmm, då bajsa eg på leggen når d komme t det, men eg laste ner standalone-versjonen, så eg vett ikkje sånn hint hint

    ne-ei, apple går inn for å raukjøre windowsbrukere mest mulig.. det e sånn det e! eg leve fint ennå eg, e ikkej raukjørt sist eg sjekka, og eg bruke XP..

    haHAha! så det så, der fant du an ja din knall! viss du bruke øyene dine, så ««lo and behold», du FINNE faktisk ting då! og viss ikkje så har me ein veeeeldig kjekk sia som hette google.com. Sjøl om du har brukt det «overlegne Os’et», så må du ikkje ver så arrogant at du glemme ka den vanlige mann bruke, og koss det foregår! nei, ser ut som du må ta deg ein tur tbake t win95, og begynna derifra! når du har brukt det i 3 år, kan du få lov t å oppgradera ett trinn, og så kan me snakkas om 10 år :P foretrekke og foretrekke, den vanlige mann vett ikkje at ein faktisk har ett valg, og det du hørre av linux t vanlig, så skremme jo konsoll vannet av de fleste!

    eg vett ikkje koffor det skjer, personlig har eg eliminert det fra oppstartssekvensen, og det kan jo bare prøva seg å kjøra i bakgrunnen.. ctrl+alt+del -> taskmanager FTW!

  4. Odin

    Ja, men kvifor skal eg sitja å konfa ting vekk heile tida?

    Linux (med SuSe i denne testen) er enklare å bruka enn Windows. Dei sat ein haug eldre som aldri hadde bruka datamaskinar før med dei to systema og eit sett oppgåver dei skulle utføra; dei blei raskare ferdig i SuSe enn i Windows. Så Linux er enklare å bruka enn Windows.

    Eg er arrogant med dette av di det er omtrent same grunn til at folk hev Windows på PC-ane sine. Arroganse. Forresten kan eg XP ganske godt, mykje betre enn sikkert 95% av dei som brukar det. Men med det hev eg berre endå betre grunn til å kritisera dei dårlege delene av OS-et.

    Hadde det vore eit reelt val, hadde eg forstått kvifor nokon hadde valt Windows. Det èr ganske godt, kernelen er betre fleire hakk – mange av dei tidlige problemene med Windows er vekk; men det er likevel mange dårlege designval. Mange dårlege måtar å gjera ting på.

    Men, som sagt; det største problemet med Windows er monopolet – eg går ikkje for Linux som einaste OS; det passar ikkje til alt. Men nett slik stoda er no så passar det mange fleir enn det Windows gjer. Windows burde vore nisje-OS-et som nokon rare BI-folk med kunne ha bruka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.