Produktiv filmdag på «Ukjent fortid»

No er eg nett kome heim frå andre skytedag på filmen «Ukjent fortid». Førre gong me skaut, fekk me omtrent ikkje gjort ein ting. Det gjorde me heldigvis i dag! Dei fleste innescenene er take i dag på hytta til Idunn. Eg var ljosmeister (igjen? :P) og fekk ein meir kreativ jobb enn sist gong. Eg vonar opptaka blei gode!

Eigentleg hadde eg ikkje tenkt skriva dette innlegget; men det slår aldri feil – når eg kan trekkja eit par nye midlertidige lesarar til heimesida mi, plar eg skriva om spesielle høve. Hadde eg skrive om bilkræsjet (som eg held på med, tek berre utruleg tid) ville ikkje folk spesifikt gjeve lenkja vidare. Når fleire i film-staben i dag hev snakka om «kva eg kjem til å skriva på heimesida mi» om turen, vil eg naudsynt skuffa og gje glipp på eit par dagar med nye lesarar på sida. Men, no har eg skrive for mykje av tema allereie; tilbake til turen!

Kven er kven i gruppa?

Jo, gruppa skal de kjenna (meir eller mindre) frå forrige innlegg. Men eg forklåra kanskje ikkje nok om kva dei gjorde (anna enn namna). Ole Magnus er fotograf på filmen, han filmar altså. Trond er regissør. Fredrik er ljodmann og verkar litt praktisk andsvarleg òg (eg hugsar ikkje produsent-rolla osb). Børge. Veit eg ikkje. Elles er eg ljosmeister, sjølv om eg eigentleg ikkje er med i gruppa. Helene er heller ikkje med, men ho er sminkør og underhaldning (synest iallfall eg :-D ). Av skodespelerane i filmen speler Bjørn gutehovudrolla. Eg kjenner han frå ungdomsteateret. Idunn speler jentehovudrolla, ho går 10. klasse på Ullandhaug (parallellklassa til lillebror Falke)). Denne dagen var det to nye med på «settet»; Tor G. Norås og Turid, dei speler Gisle og Aud – som er det gamle paret i filmen. Eg må seia det var stilig å hava skodespelarar som passa så bra i rollene.

5 minutt til!!!

Båten til Heng skulle gå 0730; så eg måtte taka bussen 0700. Heldigvis vakna pappa tidleg og køyrde meg ned. Då eg kom var me der alle; utanom Bjørn… Klokka sneik stadig mot båtreise, medan katastrofekjensla raste i vêret. Neste båt gjekk ikkje før 1400, dagen ville vera øydelagd om Bjørn ikkje kom med.

  • 0726*: «ÆÆææ! Me må gå no! Me rekk ikkje båten, Bjørn kjem ikkje med!»
  • 0727: Ole Magnus ringjer Bjørn. Han seier han spring for full maskin, 5 minutt vekk. Eg plar seia eg er 5 min vekk når eg eigentleg er 10 min vekk…
  • 0728: «Sniiiille, kule kaptein; kan du venta 5 minutt på ein fyr som må med?» ∗smilepent∗
  • 0729: Kaptein: «Aaaaahh, naaai, det går ikkje – blir alltid 5 minutt, så 2 minutt til – heilt til me er over 7 minutt forsinka»
  • 0730: «Kva om me seier 5 minutt, og går då same kva; sjølv om me ser han springjande på kaia?». «Huuuummm… TjaOK», svarar han.
  • 0731, 0732, 0733: Ingen Bjørn… Ingen, ingen. Helene får heller vera veninna til Idunn i filmen.
  • 0734: «Nei, dette går ikkje – me må finna ei anna løysing». «Ja, då dreg me», seier kapteinen. «DER ER HAN; DER!!! PÅ KAIA!», kjem Ole Magnus ropande.
  • 0735: Bjørn spring langs kaia. 40m. Kapteinen smiler og heiser brua medan Bjørn kjem stadig nærare. 10m. Kapteinen tek ned brua igjen og Bjørn kjem på. Båten går.

Phew.

Vassproblem…

«Ååånei, me hev ikkje vatn!», sa nokon. Ah. Kva er no dèt? Me hadde ikkje vatn i over eit døgn i Sirdalen. Same kva; Idunn stressa rundt med å fiksa det medan me byrja sjå på korleis me best kunne herpa hytta med orsakinga om å gjera det til ein betre location. Eg syntest denne filmen kunne fungera med krass ljossetting. Ole Magnus gjekk med på planen etter litt testing. I samråd med resten av gruppa fann eg ut at det var lurt å spikra sofateppene opp foran vindaugene. Då slepp me det ekle dagsljoset me ljosmeistarar ikkje alltid hugar like mykje. Då hadde me satt nye spikerhòl i veggen og som ein bieffekt fått eitt myrkt rom å plassera ljoskastarar i.

Idunn kom hoppande glad inn. Ho hadde skrudd på masse forskjelleg. Trudd at røyret var sprukke, men det viste seg å vera eit anna røyr som skulle vera slik. Men no fungerte vatnet, naboen skrudd litt på noko borte hos han – og vatnet kom. Alle var glade og tok ein trall, men gleden vara ikkje lengje i hytta. Plutseleg fullt kaos; eg høyrer vatnet fossa. Inne på badet hev eit røyr sprukke/blitt trukke frå slik at spruten står. Golvet er fort dekkja av 1 cm iskaldt vatn. Sidan ingen andre gjer det, tek eg av meg sokkane og vasser inn. Hum. Ja. Ikkje mykje å gjera her før hovudvasskrana er slått av. Men den var visst hos naboen i følgje Idunn.

Dei fortsatt å styra med dèt, medan me planla vidare på filmen. Naboen var på kaia, så dei måtte venta, men det gjekk bra til slutt (for å ikkje dra ut historia). So hugsar eg ikkje heilt kva me gjorde, men ein gong må me jo ha starta å taka opp video. Ja. Eg hugsar det fyrste me tok opp; men om eg skal forklåra alt det der så vil eg sitja til imorgon. Me ljossatte og gjorde oss klår. So filma me. I fem lange og breie. Hum. Plutseleg mista eg lysten til å skriva. Får hoppa til noko litt meir morosamt.

Eit nytt rom, ljossetting

Me skulle bruka eit gjesterom i filmen; Idunn skulle sjå etter eit teppe – då ho kjem opp står Turid der; ho som nett satt nede. Her blir Idunn skremt. I denne scena hadde me eit nytt, ljost gjesterom. Det var ikkje betre (eller verre standard, normalt sett) i hytta. Difor måtte me maskera så mykje av rommet som mogleg. Eg fann ein måte me kunne filma det på med eit minimum av rommet i fokus. Me starta finna tepper for å klina opp over vindaugene. Eg sat to ljoskastarar mot skråtaket over sengja, hang opp eit svart teppe over dette skråtaket og la meg med kamera enden av sengja.

På den måten så ville me ikkje sjå så alt for mykje av veggen bak skodespelarane (den er mørk, og eg hev dempa refleksjonen frå den andre veggen). Me ville ikkje sjå Turid/Aud sitt andlete berre siluetten hennar. Då Idunn kom inn reiste Turid seg opp, og du såg fjeset hennar. – Vel, det var iallfall litt moro og litt kreativt. Ikkje noko superbra akkurat; men det fungerte nok betre enn ei vanleg scene. Ahvel, eg vonar de får sjå filmen når han er ferdig. Er vanskeleg å forklåra utan å teikna.

Eg veit ikkje kva overskrift eg skal ha, for eg veit ikkje kva eg skal skriva om

Det der er den lengste overskriften eg har skrive på heimesida mi trur eg. Eh, ja. HEY! Eg kom på ein genial idè; istaden for å skriva kjempelangt kan eg avslutta no og få ein lesbar tekst! Wohoo! Lurt. Må ikkje alltid skriva ein stil.

Me fann ut at me hadde omtrent tak… Ah! Pizza! Eg fekk berre eitt stykke Grandiosa! Det er jo heilt enormt lite; normalt et eg iallfall ein heil pakke. Dei andre hadde ete opp resten :-( Hardt i filmbransjen. Jaja, same det. Me fann ut at me hadde omtrent take alle scenane inne i hytta. Om me berre kunne gjera resten ferdig kunne me skyta ute-scenene og seng-scenene ein anna plass nærare Stavanger.

Dessutan er det ikkje greitt å dra med seg skodespelarar seint på kvelden ut på hytter for å filma om kvelden. Store deler av filmen hender når det er mørkt; noko som har vore eit problem. Me tok dei siste scenene me måtte taka på hytta og hadde ca. ein time igjen utan noko større å gjera enn å rydda. Som forsåvidt var ein stor jobb, då.

Me tok hurtigbåten heim til Stavanger der korkje Helene eller Idunn hoppa uti vatnet. Eg gav dei fleire høve; men dei tok ikkje sjangsen. Diverre – hadde sikkert vore eit spanande bilete.

Slutt

Men no går kvaliteten på det eg skriv ned proposjonalt med kvart tastatrykk. Difor er det best å slta s tdlg sm mglg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.