Silje Salomonsen helsa nett på meg

Eg må vera utruleg påverka av kamerat Espen. Silje Salomonsen helsa nett på meg (1 min sidan) og eg fekk ei Wow­-kjensle. Det er jo veldig ulikt meg eigentleg; men tingen er vel kanskje at eg har sett ho så utruleg mykje i det siste, pluss det at eg ikkje trudde ho hugsa meg igjen frå teateret…

Då eg spelte i barnestykker på Rogaland Teater i gamledagar spelte eg saman med Silje eit par gonger. Eg var jo lille dritungen den gongen, men ho hugsar meg lell. Då meg, Espen og Rebecca skulle til Lillehammer såg me ho, Glenn Andrè Kaada og Arild Østhus Ommundsen på flyplassen. Eg helsa på Glenn Andrè då, han er eg sikker på hugser meg nemlig (eg hev truffe alle saman før).

For nokre dagar sidan såg eg Silje på Cementen. Espen blei sjølvsagt veldig interessera og ville bli med meg på konsert på Cementen seinare i veka… Oh, hekkan, det er jo i dag! Jaja, og i dag såg eg ho på skulen her. Eg bar eit par maskinar fram og tilbake; og den siste gongen tilbake her såg ho meg og sa «Å, heei!» + eit smil. Det var utruleg moro sidan eg ikkje trudde ho hugsa meg. Jaja, det var nok kjendiseri for eit halvt år. Eg vonar eg blei glad av di ho helsa på meg, ikkje av di ho er kjend. Eigentleg er eg ganske sikker på at det er av di eg likar når folk helser på meg; same kva. Spesielt når det er folk som gjer det uoppfordra og før meg :-D

Stress :|

Elles hev eg heilt utruleg mykje å gjera for tida. Eg må skriva ein rapport til Landsstyremøtet i NMU òg. Må faktisk skaffa togbillett til i natt. Hum. Eg hev masse jobb å gjera; dessutan er det ei rekkje film- og videoprosjekt som heng i lufta. Uuuughhh. Så mykje å gjera, så lita tid. Ah, eg bør kanskje heller bli meir effektiv.

Eg hev ikkje skrive noko stort på sida mi i det siste av di eg har vore så opptake. Det skjer mykje bra for tida; og eg gjer mitt beste for å hengja best mogleg med. Skulle gjerne skriva om mange fleire emne og ting som hev skjedd sidan sist; men tida manglar! No må eg raska på vidare. :-)

Oppdatera ca 10. timar seinare: Eg var i byen, tenkte eg skulle tinge ei billett til teaterstykket Pinnochios Aske. Gjett kven eg såg… Silje. Haha. Eg sa «Hei!», og ho svara «Eg ser jo deg overalt, jo!». Rett nok, berre det er motsett ;-) Då eg kom heim såg eg nemleg eit velkjend fjes på NRK1: Silje… Alle saman må sjå Edderkoppfestivalen i dag, eg prøvde å bli produksjonsassistent på han; men dei valde vel ein annan fyr. Diverre.

Ein tanke om “Silje Salomonsen helsa nett på meg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>