Supert nynorskkurs

Wohoo! Det var enormt bra. For litt sidan skipa me i Målsiddisane til eit nynorskkurs; me hadde plass til ca 40 stk trur eg. Hang opp plakatar (som me ikkje fekk stor respons på, beste er visst berre å taka kontakt med folk direkte). Det var Ingar Arnøy som hadde kurset – han ville ha fire timar. Eg synest det høyrdest litt mykje ut, men wow – som dei flaug! På kurset møtte eg Thomas frå Forus M&K som visste urovekkjande mykje om meg…

Han snakka mykje om oppbygginga og språket – mykje om historia og kvifor nynorsk var så enormt bra. Det var kjempemoro å høyra på! Eg trur alle som var der inne fekk lyst å byta hovudmål sjølv. Det er eigentleg ikkje rart, for det er nemleg supersmart! Vil du ha god karakter i båe bokmål og nynorsk? Vel, kva anna er det å gjera enn å byta hovudmål til nynorsk? Bokmål får ein i samfunnet rundt ein heile tida, det lærer alle lett. Nynorsk får du ikkje med mindre du skriv det sjølv og les ein del av det. Som alle veit gjekk det utruleg raskt for meg å leggja over; tok ikkje langje tida før eg var god nok til å dra ein femmer i hovudmål (nynorsk) lett i land.

Me hadde 20 påmelde, berre 10 kom. Men til gjengjeld blei me 25 totalt, for 15 ikkje-påmelde kom! :D Hyhy. Eg dro med meg 6 stk frå Randaberg, sjølv om Yvonne var super og melde seg på sjølv. Ho er dritkul ;D

Thomas frå Forus Media & kommunikasjon

Men, nok om det. Gidd ikkje skriva om det nett no. Men Thomas, derimot! Hehe. Det var ganske sjukt.

Hei, du er Odin, du?
Eeeehh. Ja. Korleis vis…?
Bilete på internett. :-)

Hum. Ok. Så han har sett bilete av meg på NMU sine sider eller noko. Morosamt. Så hadde me meir kursing. Prata med Thomas etterpå óg, – han hadde bokmål som hovudmål, men var veldig lik meg i det at han likte nynorsk godt. Det såg nærast ut til at han kunne byta mål ganske snart. Virka som om han hadde lyst, var berre litt engsteleg for skulen og om det ville få negative konsekvensar. Men det kan eg seia raskt; byter du mål til nynorsk hovudmål hev du ingenting å tapa på det. Men etter ei tid med nynorsk hovudmål vil du gjera det mykje betre i norsk. Dét lovar eg.

Me snakka om eitt eller anna då han sa «Ja, eg veit» til noko obskur informasjon om meg. Då eg denne gangen såg utruleg rart på han, forklåra Thomas at han hev fulgt med på heimesida mi. Han såg meg på hw.no-forumet, han er interessera i Linux o.l, men driv jo óg med media. Var óg litt innom det flotte kreative Store Dyret. Frå der hadde han kome til sida mi og lese. Utruleg morosamt. Lurer på om det finst andre som han.

Han var ikkje så interessera i nynorsk for ei tid tilbake (eg veit ikkje kor lengje), men slik eg forsto det hadde mi skriving littebitt med det å gjera! Wohoo! Det er jo berre supertøft! Eg må taka opp skrivinga mi igjen, det hev vore så stille i det seinare. Eg hev gjort så mykje moro og kult; men ikkje gidda skriva om det. Mykje av grunnen til at eg byta til nynorsk var jo flinke Linux-folk som skreiv målet. Eg fekk stor respekt for dei og digga at dei skreiv nynorsk. Etter endå litt meir eksponering for nynorsken byta eg hovudmål og hev levd lukkeleg etter.

Men no går toget til Bryne snart! Skal på endå meir moro ;-)

Meld deg inn i Målsiddisane! :D

Forresten, Thomas melde seg inn i NMU/Målsiddisane! Wohoo! :D Det kan du óg gjera, me tek inn alle som synest nynorsk er litt tøft og som klårar riva opp 30kr for medlemskapen. Vel, eg skal betala kontigenten din om du sender meg ein epost med namn, adresse, epost-adresse (doh!), telefon og om du vil vera med på epostlista vår. Det hadde vore dritkult å få nokon til å melda seg inn i Målsiddisane berre med å skriva noko på heimesida. (>_<)

Du får Norsk Tidend (Noregs Mållag si avis) og Motmæle (vår avis) pluss tilbod om masse kult som medlem. Dessutan får du ei gratis veke på sumarleiren vår (sponsa av Målsiddisane, gjeld berre nye Målsiddisar) :D Wohoo. (Kjenner meg som ein seljar :P). Vel eg må gå, og eg skal skriva meir frametter!

5 tankar om “Supert nynorskkurs

  1. nux

    Egentlig så visste eg ikkje urovekkjande mykje om deg. Det eg visste var jo basert på publiserte opplysninger av og om deg sjølv på internett. Du får det til å høyrast ut som eg har fått tilgang til konfidensielle opplysningar om deg. Som om eg sko ha vore CIA eller noko sånt :) Men det er jo ikkje så mange innbyggjare i Noreg. Og derfor er det ikkje så mange store forum. Dermed er det ofte man finn lokale folk på fleire forum man er aktiv på.

    Men eg reagerte litt på denne setningen: «Me snakka om eitt eller anna då han sa «Ja, eg veit»Då eg denne gangen såg utruleg rart på han.

    Poenget er at eg ikkje vet mer om deg en det ein kan trekka ut frå det du har skreve på diverse fora og i din blogg.

    Eg meiner det er ein av fordelane med ein blogg. Då kan ein presentere sine meiningar og holdningar, så slepp man å bruka lika lang tid å presentera desse interessane, meiningane og holdningane ein har for kver nye person ein blir kjend med. Då kreves det jo at begge personar er til stade. Men eg forstår korleis kjendisar og folk som har ytra seg i det offentlige har det når folk på gata kom bort til dei og prate med dei akkurat som om dei kjenne dem. Fordi inntrykk ein får gjennom media er nødvendigvis ikkje dei same som ein for når man møte privatpersonen, ikkje kjendisen. Også åpna jo skriftspråket for en anna kommikasjon enn den muntlege. Kordan ein person snakkar, samsvare ikkje med kordan personer skriv. Lyd gjer andre inntrykk ein teikn.

    Men det var litt rart å lese om den hendinga i bloggen din. Eg kom inn her, og oppdaga at hendelsen er foreviggjort og tilgjengelig for offenligheita. Det føltes litt rart på grunn av at det er nytt for meg. :)

    (Svært ukorrekt nynorsk er brukt. Babysteps.)

  2. Odin

    nux: Hehe. Kult :-) Fyrst; eg plar overdramatisera/spissformulera hendingar for å få det litt meir interessant. Det kjem ann på humøret og i det siste har det ikkje vore slik at eg hev skrive noko på heimesida. Dette var faktisk òg eit tvinga innlegg (eg skreiv det av di eg kjende eg burde, ikkje av di – WOHOO INNLEGG). Eg var faktisk veldig gira på å skriva den dagen, men så drog eg heller til Rebecca.

    bq. Egentlig så visste eg ikkje urovekkjande mykje om deg. Det eg visste var jo basert på publiserte opplysninger av og om deg sjølv på internett.

    Det var aldri urovekkjande på den måten; men eg er ikkje van med at folk eg aldri hev sett før kjenner namnet mitt; iallfall ikkje at dei veit noko anna (som f.eks at eg er i sivilteneste). Det kunne ein jo óg ha fått vita av ein felles ven f.eks, men det kjem uventa på ein. Difor var det «urovekkjande», men ikkje i eit negativt ljos; eg syntest nemleg det var dritkult. :]

    bq. Då kan ein presentere sine meiningar og holdningar, så slepp man å bruka lika lang tid å presentera desse interessane, meiningane og holdningane ein har for kver nye person ein blir kjend med.

    Eg har skrive eit par slike i det siste; men eg synest dei blir så dårlege at eg aldri publiserar dei. Eg skriv om typiske blogg-sakar, som f.eks då The Pirate Bay blei take ned i dag kl 1200. Så skreiv eg litt om programvarepatentar og store, stygge firma. Men så kjem eg på; folk er vel ikkje på mi side for å lesa om slikt? Nei, det kan dei gjera andre plassar. Så ser eg kor dårleg det er skrive: «nei, eg lét det heller liggja…»

    bq. (Svært ukorrekt nynorsk er brukt. Babysteps.)

    Ja, men som somme seier i NMU; «ukorrekt» nynorsk er betre enn ingen! Tingen er at slikt plar fiksa seg sjølv meir eller mindre ;-) Du hev faktisk eit ganske godt språk, med visse feil inni mellom. Så, bra! :D

    Eg skreiv jo (horribel!) nynorsk på heimesida mi då eg gjekk på GK!

  3. Monique

    Rebecca finds the important points in life;D

    Va det ein sak me faktisk måtte melda oss på? Nifty. Therese og meg bare snike oss inn diverse plasser me ikkje e velkomne. Og som de yngste(?) på kurset, va det svært einsamt. Nå har eg masse av ting eg kan bruka mot min kjære norsklærer. Han har ein tendens t å snakka svært ukorrekt nynorsk (i den grad eg e i stand t å klara det sjøl) >.

  4. Odin

    Monique: Dette innlegget er gamalt. Eitt år gamalt altso… Du visste det? Var ingen påmelding på det nynorskkurset du var på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.