Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Monthly Archives: June 2006
Aksjespekulanten Odin :-o
Ja, no har eg nett handla aksjer! Ja, tenk. Odin kjøpte 10 stk. aksjer i Statoil. Ikkje det at eg ikkje har aksjar frå før, men det er fyrste gong eg har handla på børs. Det kom ikkje på meir enn den nette sum av 1770kr, så det er ikkje særleg mykje. Er ikkje redd for å tapa dei; men no vonar eg Statoil går bra!
På Kviteseidtur med Rebecca
I helga var meg og Rebecca på tur i Kviteseid. Der var det kufestival og kjempemoro! Eg storkoste meg – kjempeherleg å vera på tur åleine med Rebecca. Eg vonar me kan gjera det oftare.
Meg og Lab til Kviteseid!
Endeleg skal me på ein skikkeleg tur, meg og kjærasten min Rebecca. Me var jo på Amandus-tur, men det var jo ikkje tur-tur. Det var festival. Det er rett før eg set meg inn i bilen for å starta på den lange turen til Kviteseid. Me skal klippa plenen og helsa på morfar utanom å sitja lengje i bilen, sjølvsagt. Vonar det blir moro.
Continue readingMånadens video: Videodagbok frå Amandus
Eg skall prøva starta noko nytt. Kvar månad rundt den femte skall eg leggja ut ein video. Fyrst ut er videodagboka frå Amandus. Meg, kamerat Espen og kjærasten min Rebecca drog til Amandusfestivalen i Lillehammer for å representera ein film. Eg laga ein 6 minutters lang versjon av turen; sjølv om eg hev 2 timar og 30 minutt med råstoff.
Oppskrift for møyre føter
Etter eitt minutt får eg sting. Det er absolutt ingenting å stoppa for; det er jo komisk tidleg. Eg las ei programmeringsbok – ikkje spesielt spanande, men ho kravde tidvis konsentrasjon. Den lange sletta går eigentleg raskt, eg tenkjer på haiking og slikt. Framleis lang veg.
Continue reading