Aksjespekulanten Odin :-o

Ja, no har1 eg nett handla aksjer! Ja, tenk. Odin kjøpte 10 stk. aksjer i Statoil. Ikkje det at eg ikkje har aksjar frå før, men det er fyrste gong eg har handla på børs. Det kom ikkje på meir enn den nette sum av 1770kr, så det er ikkje særleg mykje. Er ikkje redd for å tapa dei; men no vonar eg Statoil går bra!

Graf, Statoil

Hehe, eg har ikkje tenkt å ha dei lengje. Tenkte kanskje om dei gjekk opp litt (slik at eg dekkjer inn tapet, eg har allereie tent 100kr eller noko, men eg må nok selja dei for noko litt lavare, og med kurtasjen (det eg betalar til Skandiabanken) vil eg tapa på å selja no) så fekk eg selja dei. Eg kjøpte dei for å testa aksjekjøp. Når Trolltech kjem på børs, tenkjer eg nemleg å kjøpa eit par aksjar av dei. Som du kanskje veit så lagar Trolltech rammeverket (QT) som ligg under eit av dei store Linux-brukargrensesnitta, KDE.

Trolltech gjev QT ut med GPL-lisensen, dette er ein open kjeldekodelisens – den same som Linux-kjerna brukar. Ideelt og godt altså. Difor vil eg gjerne få eit par aksjar i Trolltech sidan eg er ein dedikert Linux-brukar. Eg likar ikkje QT noko større, men eg trur det er fordommar. QT er visstnok eit fantastisk godt rammeverk, men eg likar enkle GTK/Gnome-program betre. Det virker som om QT og GTK nærmar seg einannan no, då. I så fall er alt bra.

Men, altså. Eg har vore på børsen og handla! Tenkjer det blir litt meir av det i komande tid. Eg skal tapa masse pengar på børsen, wohoo!!! :D

1 Eg trur eg byrjer skriva «har» i staden for «hev» igjen. Eg må forska meir på skilnaden på «hev» og «har». Må sjå kven som er best, sjå kva Aasen helst bruka. Dessutan er jo diverre «hev» utanfor normalen, noko som er leit (spesielt om det er rettare å bruka enn «har»!)

15 tankar om “Aksjespekulanten Odin :-o

  1. Jarle

    Dette skreiv han Ivar i Norsk Grammatik (last ned på http://www.aasentunet.no):

    ||Præsens:|hever.|have.|hav!|hava.|havd, havt.| |Fleert.:|hava.|have.|have!| . |Fl. havde.| |Imperfekt.:|hadde.|(hedde.)| . | . |Sup. havt.| |Fleert.:|hadde.|(hedde.)| . | . |

    Anm. Paa Grund af megen Brug er dette Ord udsat for mange Forkortninger, saasom: ha’ (hava), he (hever), hae for ‘hadde’, som egentlig skulde hedde: havde (G. N. hafdi). — Konjunktivet ‘have’ bruges mest som en ønskeform, f. Ex. ‘Gud have Saali’ (d. v. s. Sjælen). Det andet Konj. ‘hedde’ (G. N. hefdi) bruges i Hardanger og flere Steder i Formen ‘hædde’; f. Ex. ‘hædde eg vilja’ (d. v. s. dersom jeg havde villet). Jf. Tydsk hätte.

    Aasen skreiv altso helst «hever». -er av di «å hava» er eit lint segneord med ljodbrigde (vokalskifte), ikkje sterkt. Men det vart langt og tungt med tvo stavingar når mest alle segjer anten he», hev, ha» elder har, og «hever» var vel ein av skrivemåtane som fall fyrst.

    Tilhøvet «har» og «hev» er vel på lag som «tar» og «tek». Eg tykkjer det er vænast å taka vare på dei ljodbrigdi me hev.

  2. Vebjørn

    Og så Statoil-aksjar, då. Du får ha meg orsaka, Odin, men eg kan ikkje seia eg vonar du tener pengar på dette … Tvert om. :o)

    Men for å ta dette med «har» og «hev», så er ikkje det noka enkel sak. Eg hev grubla ei stund på om eg skal hoppa attende til «har», eg òg, men eg finn aldri heilt ut av det. For eg klarar ikkje å finna ut av om dette skal vera eit vanleg sterkt verb (hava – hev er jo byrjinga på det som kan sjå ut som bøyinga av eit sterkt verb), eller om det skal vera eit nå-verb (ha – har- hadde – hatt fylgjer jo mynsteret til nå-verba?). Eller om det er noko anna igjen. :o)

  3. Odin

    Hehe, her kjem målrørsla med ein gong! Moro. :-)

    Ja, men eg er overtydd igjen, Jarle. Då skriv eg hev — det passar godt saman med tek, som du seier. Frå no av hev eg sjokolade på buksa.

    Vebjørn: Hum. Ja, du seier noko der – eg tenkte ikkje at det var eit stort stygt oljefirma. Det er stort, stabilt og er lett å få aksjar i (stor omsetjing) – difor valde eg Statoil. Men tenkte eg kanskje heller burde kjøpa aksjar i Opera, men då hev du saka med lite firma igjen.

  4. Vebjørn

    Oioioi, sjå der. Forklaringa kom minuttet før eg fekk posta kommentaren min. :o)

    Men eitt spørsmål … Kan tilhøvet mellom «har» og «hev» vera tilsvarande «tar» og «tek», når «taka»/«ta» vert bøygt med «tok» og «teke» i preteritum og prefektum, medan å «hava»/«ha» vert bøygt med «hadde» og «hatt», etter nå-verb-mynsteret? Greitt nok, på høgnorsk vert det vel kanskje «havde» og «havt» (på vevsidene åt Aasen-sambandet står det «hadde» og «havt», forresten. Den slit eg med å skjøna. :o) ), men der hev ein ikkje den same omljoden … Huff … Eg vert berre forvirra av dette. :o)

  5. Odin

    Vebjørn: Eg er sikker på at det hadde vore enklare om me alle heller hadde skrive høgnorsk — eller hatt eit system i språket. Burde kanskje heller endra på systemet enn å laga feil i det.

    Alt dette hadde jo sjølvsagt vore sjølvsagt for oss om me hadde bruka det. Hum. Men eg hev meldt meg litt ut or diskusjonen, det er vanskelege greier. Eg bør skriva eit par tekstar kor eg legg mykje vekt på godt språk igjen; kjenner eg skriv dårleg for tida.

    Forresten; de veit eg hev ein eigen RSS-straum for kommentarar? Han ligg på http://www.velmont.net/comments/feed/ om eg hugsar rett.

  6. Vebjørn

    Det hadde naturlegvis vore enklare med høgnorsk, sidan det er så sabla systematisk, men eg veit ikkje … Klarar ikkje heilt å finna ut kor eg står, så inntil vidare held eg fram med å vera kranglete og innta rolla som den konservative når eg ordskiftar med målblandarar (usakleg hersketeknikk, eg veit, jfr. «kranglete»), og valfridomsfantast når eg ordskiftar med høgnorskingar. Då vert det i alle fall moro, sjølv om eg ikkje kjem nokon veg. :o)

    Forresten, ja, no veit eg du hev ein eigen RSS-straum for kommentarar, men eg hev framleis til gode å finna ut kva RSS eigentleg er. Og nei, ikkje sei det, eg hev bestemt meg for at det er noko eg ikkje vil læra. (Ja, litt vrang i kveld. :o))

  7. Odin

    Vebjørn: Les her: «Korleis lasta Triplet-episodane ned automatisk»:http://www.velmont.net/2006/03/12/juicerecorder-howto/ – der finn du ut kva RSS kan brukast til. Sjølv om Juice er laga for podcasts o.l. då. Eg driv faktisk på og koder min eigen RSS-lesar nett no!

    Men ingen treng det, finst jo flust av dei. No hev eg ikkje forklåra det, — men om du vil finna ut kva det er så er det godt. Det er særs nyttig. Eg brukar «Netvibes»:http://netvibes.com til å sjekka nyhende-straumane (RSS) eg tingar. Hev ho som startside.

  8. Jarle

    Vebjørn: «Å hava» er eit lint segneord med ljodbrigde, i andre klassa (-er-klassa). Det same gjeld «å gjera». Aasen skreiv soleides både «hever» og «gjerer». Grunnen til at han skreiv «hadde», når han sjølv skriv «som egentlig skulde hedde: havde (G. N. hafdi)», er vel at den formi ikkje fanst i levande bruk. «Havt», derimot, lever som me veit godt enno, til dømes i Inntrøndelag.

  9. Jarle

    Når det gjeld dømet tek-tar/hev-har, er det reint for klangen at eg tykkjer dei lyt fylgjast åt, ikkje av di å taka (sterkt) og å hava (lint) er i same bøygjingsklassa. Men det finst nokre andre linne segneord med ljodbrigde i notid: å turva – tarv – turvte – hev turvt; å vita – veit – visste – visst; å kunna – kann – kunde – hev kunna; å skula – skal – skulde – hev skulla.

    Kvifor er ikkje former som turver, viter, kunner, skuler vortne påbodne i nynorsken? Me fær segja det saman med Ingar Arnøy: det er ikkje slik på bokmål!

  10. Odin

    Jarle: Så «Eg skuler taka maten» (for eg skal taka maten) er å føretrekkja i Aasen-normalen? Eg må seie det høyrest rart ut, – men akk, tenk om det hadde vore slik. Då hadde det vore god logikk i språket ;-)

  11. Jarle

    Nei, Aasen skreiv tarv, veit, kann, skal. At han samstundes skreiv gjerer og heve/hever er av di det på norrønt heitte gerir og hefir. Desse ordi er knapt regelrette 8-x)!

  12. Odin

    h3. Oppdatering på aksjane

    Trolltech er gått på børs, eg hev ikkje kjøpt endå – men lagt inn ei tinging på kr. 18 eller noko. Dei blei originalt selde for kr. 16, men no er dei opp. Dei hev vore heilt oppe i 30, trur eg. jaja, får fiksa det seinare.

  13. Skjalg

    Jysses, her blei det mange kommentarar… Er det aksjespekulasjon som dreg med seg interessa… ikkje så mykje som eg hadde trudd. Skal ein fyrst gå inn i aksjemarknaden så må ein prøva REC. Det er eit selskap som lagar solceller. Framtidsretta og miljøretta. Eg har vore inn og tent mange pengar på dette selskapet… Kursen er nå låg, så her kan «miljøbevisste spekulantar» (sanneleg eit tankevekkande uttrykk) gjere pengar på børs….

  14. Robert Olaf

    Hei, Vil nokon gjeva meg ei upplysning um uttali til ordet «gjerer» som er den konservative formi av gjerningsordi «aa gjera» (eintal notid)? Er da daa [jæ:rer] ? [jæ:'rer] eller [je:rer] ? [je:’rer] Og med kvat for eit tonelag: I eller II?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.