Månadens video: Videodagbok frå Amandus

Eg skall prøva starta noko nytt. Kvar månad rundt den femte skall eg leggja ut ein video. Fyrst ut er videodagboka frå Amandus. Meg, kamerat Espen og kjærasten min Rebecca drog til Amandusfestivalen i Lillehammer for å representera ein film. Eg laga ein 6 minutters lang versjon av turen; sjølv om eg hev 2 timar og 30 minutt med råstoff.

Eg hev tenkt å laga ein podcast (ein RSS-feed) av videoane, men hev ikkje gidda finna ut korleis endå. Trur eg lagar dei for hand, gidd ikkje stressa med å finna eigna program til det. Er jo XML, enkelt. Eg veit ikkje heilt kva eg skall skriva til desse videoane, kanskje ikkje for mykje. Kom med forslag. Men før den tid; her er videoen:

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan lasta Amandus-dagboka ned, men må ha ein avspelar som VLC eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a Flumotion Cortado Java applet.

Om eg får tilsaman 10 fornuftige kommentarar på dette, skal eg leggja ut heile Mmmmmbop-songen til meg og Espen. Eg fekk over 10 gode kommentarar, så her er heile songen: Odin og Espen syng Mmmbop (Ogg Vorbis).

19 tankar om “Månadens video: Videodagbok frå Amandus

  1. Jg.a

    SYns den filmen va rett og slett geniale. Alle de småklippene som dere kom med mellom alle hendelsene dere skulle på/var på. Greit å få noe annet enn bare tekst her på siden din.

  2. Egil

    Koffor ikkje bare la innebygde spelere som mplayer plugin ta seg av avspelingen? Forøvrig e d jo greit å bruga java-applets te någe aent enn stygge buttons :p

  3. Odin

    Jg.a: Vel, takk! :D Synest du det er for mykje tekst? :-) Eg synest det er for lite av båe eg. Meir aktivitet, meir [bra] tekst. Tulleskriving blir fort keitt, ja. Kjekt at det falt i smak.

    Egil: Diverre brukar ikkje alle GNU/Linux, eller hev Ogg Theora-kodeken installert. Hadde verden vore så nydeleg hadde alt vore greitt. Men eg vil at alle skal kunna sjå videoen, difor brukar eg Cortado (som er GPL den óg, drittøft!).

    Elles vil eg gjerne at han IKKJE byrjer starta videoen før ein trykkjer på «play» eller noko. Sikkert ein del som berre vil lesa/skriva kommentarar.

    Espen: Ja, då treng me til saman 10 fornuftige kommentarar. Då blir det meir Mmmmboping. Så langt hev me 4 no. ;D

  4. Teirik

    Odin: Pen film :D digga an, kjekkt og humoristisk, og samtidig informativt! E det eg savne fra NRK 97,5% av tiå! Thumbs up t dette prosjektet her asså, fortsette det sånn, så kan det bli ufattelig stilig :P hihi .laste ner. Forresten, du kan spara deg mmmmpop, der e ein grunn t at dåkkår ikkje akkurat har vunne idol ;) Og nei, det e ikkje pga Milde bruke kokain! :P

  5. Monique

    Artig med film!:)Syns der va imformatimt og kjekk eg.

    Eg har forresten heilt lik ringetone som den så spelte når dokk va på et eller annet rom, det e litt skummelt i og med at eg lagde den sjøl..;)

    Mmmbop FTW!

  6. Odin

    Teirik: NRK er jo bra. Mykje betre enn TVNorge og (ofte) TV2 iallfall. :-) Takk for det, eg skal prøva å halda det gåande. Ein gong i månaden skal ikkje vera for stress.

    Monique: Hehe. :-) Koseleg, lengje sidan du hev skrive kommentar her. Den songen hev Espen laga sjølv, det er mykje meir av songen (og Espen) i den lange versjonen av videodagboka. Den er 40 min lang :P

    No er det 7 kommentarar. Ser ut til at det faktisk blir ein Mmmmbop-song. :P

  7. Teirik

    enige, espen burde tekstas på stavangersk! e jo tross alt det som e språket! :P Sjøl om du meine nynorsk e det skriftspråket som ligge tettast opp t dialekten, men hadde passa bedre me stavangersk :)

  8. Odin

    Egil: Nynorsk er eit skriftsspråk (og eit jysla bra eit i tillegg!), noko «Stavangårrskk» ikkje er. Når eg les nynorsk les eg ganske enkelt Stavangersk. Det er slik nynorsk er meint til å brukast.

    Ukens podkast? Vel, – eg skall ikkje laga noko radio, og eg gidd ikkje gjera noko kver månad. Ikkje endå iallfall ;D

    Teirik: Nei, hadde ei. Stavangersk er til å høyrast, noko me òg gjer i videoen. Det er faktisk store skil på eit skriftsspråk og eit talemål.

  9. Vebjørn

    Eg gjer framlegg om at du frå no av tekstar Espen på «stavangårrrrskskksrksrksrkskrskrkrk», på vilkår om at i alle filmane der Espen vert teksta skal hovudpoenget knytast opp til kommentarane frå ein noko perifér same – som er teksta på samisk, naturlegvis. Då vert vel alle nøgde?

    Ja, det får vel telja som dagens fornuftige kommentar frå mi side. Ein smule grinebitande, kan henda, men likevel. Eg er då trass alt målmann på min hals, det er liksom forventa at eg skal vera spydig. :o)

    Elles, bra film. Spesielt byrjinga. Ingenting slår litt god, gamaldags hetsing av Sjå-og-Høyr-kopiane frå Akersgata.

  10. Odin

    Vebjørn: Ai, flaut. Ein kamerat av meg hev skrive «skall» lengje, eg trudde det var lov. – Sjekka det no; er ikkje lov i følgje ordboknormalen iallfall.

    Veldig moro å få kommentar frå deg Vebjørn på noko som ikkje var NMU-relatert, det tydde masse. :D No må eg stressa meg klår til filming og togreise imorgon! Så videomaraton i overimorgon! Aaaargh, døgnet hev for få timar :|

  11. Vebjørn

    «Skall» er fullt lovleg, det, men ikkje i presensforma av å skulla. :) Byrja å lura på om det var noko nytt i «Odin-normalen», eller noko slikt. :)

    Og kommentar? Vel, eg postar då når eg trur (merk: trur) eg hev noko fornuftig å koma med. Nei, herregud, kva er det eg seier!? Aaah! Fattar ikkje korfor eg tek slike omsyn her. Det gjer eg då aldri elles.

  12. Skjalg

    Eg har Firefox og får ikjje aent enn ei grå ruta med Adblock. Eg vil gjerne skriva faglege komentarar – men fyrst må eg få sett han på datamaskinen min….. Ikkje vil han spela av i Totem heller….Og ikkje får eg installert Real Player heller. Nokon som kan hjelpe meg?

  13. Odin

    Skjalg: Hum. Tja. Totem skal visa denne videoen, sidan det er Ogg Theora, alt opent og bra. Eg skal sjå til at Acona klårar det seinare. Forstår at han ikkje ser Java-appleten (den bugger lell!), men du skal kunna lasta ned og sjå filmen slik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.