Oppskrift for møyre føter

Etter eitt minutt får eg sting. Det er absolutt ingenting å stoppa for; det er jo komisk tidleg. Eg las ei programmeringsbok – ikkje spesielt spanande, men ho kravde tidvis konsentrasjon. Den lange sletta går eigentleg raskt, eg tenkjer på haiking og slikt. Framleis lang veg.

Eg såg ikkje bussen før han var rett framfor stoppet. Var irritert før eg fann ut det var min feil. Beina kjennast utruleg tunge mot asfalten. På busshaldeplassen tenkte eg på Oxford. Der hadde det vore ein utfordring; eg hadde handla med ein gong. Det gjorde eg no. Jogga heim frå Røyneberg/Sola skulle vera fullt mogleg, det er berre å vilja.

Ein halvtime seinare slit eg opp Ullandhaugsbakkane. Er over halvvegs, men er òg på den vanskelegaste etappa. Eg fokuserer på musikken. Miksen. Lever meg inn i det rike ljodbiletet. Så herleg å høyra på detaljane, stereo-effekten og dybda. Elvira Nikolaisen er flott å høyra på slik. Eg gløymer kor trøytt eg er – det er òg vitsen; fokusera på noko anna.

Med ein viss triumf glir eg over toppen på Ullandhaug. Eg hev jogga heilt hit utan pause. Eit storfelt utsyn1. Resten av turen humpar eg ned i vegbanen. Endeleg innanfor dørene slappar eg av og tek meg fleire kalde glas mjølk og farris.

Joggeturen tok 45 minutt.

Fotnotar

1 Storslege utsikt over Ullandhaug, ein ser heile Stavanger. Eg ville bruka litt mindre bruka ord.

4 tankar om “Oppskrift for møyre føter

  1. Egil

    D som tar tid e å gå hjem fra Kongeparken. Då ska du kjenna møre føtter. Gåturen tog 4 timer inklusive pølsepause i sandnes.

    men d va gøy :p

  2. Teirik

    …og jeg blir sliten av en tur rundt mosvannet.. :P Men ja, utsikten på toppen av bakken er helt sinnsyk.. På den ene siden ser du ut over sola, og i morgensola er det ganske pent, tro det eller ei ;) Og på den andre siden har vi byen i vårt hjerte, Stavanger ;) Samt utsikt over gandsfjorden og rundtliggende fjell.. Absolutt til å anbefale :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.