På Kviteseidtur med Rebecca

I helga var meg og Rebecca på tur i Kviteseid. Der var det kufestival og kjempemoro! Eg storkoste meg – kjempeherleg å vera på tur åleine med Rebecca. Eg vonar me kan gjera det oftare.

Etter ein herleg køyretur over Suleskar til Kviteseid kom me til morfar sin hybel. Me helsa på han og fekk nøklane. Kom oss inn i det vannskada funkishuset og fann ut at det berre var eitt rom ledig. Det var fyllt opp av pappesker med ei lita dobbeltseng heilt på sida. Eigentleg er det ein sofa, men fungerer som båe.

Elles var det dritvarmt oppe i andreetasjen kor alt utanom badet er. Me måtte opp med vindauge overalt. Me sov gjennom natta og eg vakna i 5-tida – Rebecca var óg vaken, så me starta snakka og kosa oss. Det var heeerleg, kvit seng, fuglane song utanfor, ljoset frå sola skein inn og alt var kjempeherleg.

Rebecca et ostebrødRebecca i Kviteseid

Etter ein dusj sat Rebecca seg ned med pianoet. Det var kjempestilig ljos – så eg tok bilete. Det gjorde eg fleire gongar på turen. Tok ikkje bilete av stort anna. Sjå på galleriet. Eg hev ikkje tid til å skriva meir. Sjå på bileta :-)

2 tankar om “På Kviteseidtur med Rebecca

  1. Skjalg

    Dykk gløymte eit gråleg – grønt brød i brødboksen….. Det kan hentast hos meg i Schancheholsvegen nr. 9…….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.