Eg tek informatikk!(?)
Gløym alt eg hev sagt om nordisk. Eg kjem ikkje til å taka det, eg fann ut eg var ferdig med den tradisjonelle skulebenken. Nordisk er stort og vanskeleg. Pensumet er digert og eg interesserer meg berre for litt av det. Hadde lika det reint praktisk filologiske, men resten hadde sikkert vore eit stress. Difor fekk eg sletta nordisk, så no ser det ut til at neste år blir Informatikk i Oslo!
Oppdatering: Det blir det! Eg flyttar til Oslo 11. august.
12 innspel
iPod meg her, og iPod meg der. I artikkelen “«Kunstmuseet satser på iPod»”:http://aftenbladet.no/kultur/article320081.ece kunne ein for nokre dagar sidan lesa korleis reklamen hev storma inn i Aftenbladet. Det er trist å lesa så unyanserte og heilt klart «hippe» artiklar. Greitt nok at Apple klarar penetrera ungdom på min alder, dei er jo ofte særs mottagelege for reklame, men kor tid meldte resten av verden seg inn i saueflokken?






