Eg tek informatikk!(?)

Universitetet i Oslo sin logoGløym alt eg hev sagt om nordisk. Eg kjem ikkje til å taka det, eg fann ut eg var ferdig med den tradisjonelle skulebenken. Nordisk er stort og vanskeleg. Pensumet er digert og eg interesserer meg berre for litt av det. Hadde lika det reint praktisk filologiske, men resten hadde sikkert vore eit stress. Difor fekk eg sletta nordisk, så no ser det ut til at neste år blir Informatikk i Oslo!

Oppdatering: Det blir det! Eg flyttar til Oslo 11. august.

Om eg ikkje tek alt for feil er det nett denne lina Egil tek no. Eg skulle gjerne ha snakka med han, men finn at han ikkje er inne til alle tider av døgnet. Ser han les heimesida mi då, så du ser dette, Egil. Mohaw. Eg blei overtydd (igjen, eigentleg) av ein dritkul målungdom som heiter Leif Arne. Han startar tredje året på Informatikk no og hadde ikkje noko vondt å seia. Så lengje ein er ein nerd skulle det gå greitt ;-)

Den eigentlege lista

Når sant skal seiast så hev eg faktisk tvo mediafag før informatikk. Dei plar vera vanskelege å koma inn på då, og eg er meir eller mindre innstilt på informatikk. Så lista ser eigentleg slik ut:

  1. UiS – Fjernsyns- og multimedieproduksjon
  2. NTNU – Medieproduksjon
  3. UiO – Informatikk

På sumarleiren trudde eg det blei eitt jobbår til

Trine, på sumarleiren fortalde meg korleis opptak fungerte. Du sat opp prioriteringsliste (den fristen var gått ut), og du måtte gå på det øvste du kom inn på. Om ikkje blei det ingen skule det året. Eg blei særs overraska, jammen godt Trine sa ifrå! Eg var sikker på at eg fekk nordisk, og då måtte eg ha gjort noko anna det året.

Eg fortalde det til Jens, som med ein gong fekk store augo. «Men, du veit, me hev jo ein jobb ledig som studentmållagsskrivar!». Heh, eg meinte eg ikkje passa jobben, så han snudde seg entusiastisk til sidejenta (og snakka veldig høgt).

- Det er jo ein jobb der me treng ein aktiv person som ikkje er redd for å dytta rundt på andre. Ein glad person som likar å reisa rundt og hjelpa til. Me hadde jo ikkje spurd kven som helst

Haha, det var så opplagt at han berre snakka for at eg skulle høyra etter og taka jobben.

- Ein får jo bestemma veldig mykje kva ein vil jobba med sjølv, då. Det er ein veldig fri jobb.

Verste var at eg blei veldig interessera. Jens fortalde at han gjerne ville ha jobben sjølv, men ikkje kunne. Meg og Jens hev forresten siviltenestesamhald, difor stoler eg stort på det Jens fortel. Då eg dro frå leiren, heimatt på toget – var eg veldig satt på å taka den jobben. Eg får raskt ein betre nynorsk. Eg finn fort ut kva jobben går ut på og då er eg plutseleg godt kvalifisera i jobben.

Men så kom eg inn i Oslo!

Eg kjem til å bu i Oslo neste år! Wohoo!!! Det blir Informatikk på UiO. Eg hev søkt om hybel via Studentsamskipnaden. Fyrsteval er Kringsjå. Ola H. Havrevoll, kjærasten til Elisabeth Skatvedt bur der – og eg vil gjerne bu på same plass som denne geniale guten. Han er kjempekos. Hihi. Eg dreg til Oslo 11. august. 14. august er oppmøtedato. Hoho. Eg likar jo ikkje Oslo spesielt, men det er spanande lell!

Så då møter eg deg i Oslo neste gong du er på vitjing i tigerstaden då? :D

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Personleg and tagged . Bookmark the permalink.

12 Responses to Eg tek informatikk!(?)

  1. Egil says:

    JAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA! DU får kjøba bøgene billigt av meg ;)

  2. Egil says:

    Forøvrig Odin, sjekk ud http://www.ping.uio.no Regne me at du skjønne at medlemskapet ditt e obligatorisk.

  3. Odin says:

    Egil: Med mindre det finnest nynorske utgåver, då skal eg ha dei :] Men finst truleg ikkje det – sidan dette er universitet og ikkje videregåande :-/

    Eg ser meg sjølv som medlem i Ping snart ja. Eg skal bli medlem av “Studentenes Esperantoforening”:http://www.uio.no/studentliv/studentforeninger/hobby/esperanto.html óg. :]

  4. Monique says:

    Så koselig! Oslo e ein flott plass. Hvis det tar gyselig lang tid å studera informatikk så kan det ver eg støtte på deg når eg ska der om någen år for å studera;)

  5. Odin says:

    Monique: Om alt går bra, fem år. Men det kan bli alt ned til eitt! Eller opp til x, – eg veit ikkje. :-)

    Så moro at du endeleg skreiv ein kommentar igjen! :D Eg hev samna dei små kommentarane dine. Treng ikkje vera så mykje innhald, berre det er ein kommenar, så :D

  6. Egil says:

    Tar du bachelor eller 5-årig master?

  7. Odin says:

    Egil: Det veit eg jo ikkje. Trur eg. Du kan vel velja? Tek fyrst bachelor, så kan du byggja på til master?

  8. Egil says:

    Jepp, men UiO tilbyr 5-årig master (alt i ett) i tillegg te 3+2 år. Du skreiv jo bare ‘uio – informatikk’ i blogposten ;)

  9. Egil says:

    menneh, koss ska d gå me kjærleiken?

  10. remiss says:

    Gratulerer, Velmont! Da sees vi til høsten :)

  11. Odin says:

    Egil: Skal nok gå bra men kjærleiken ;)

    remiss: Takktakk, ja, det gjer me :]

  12. Skjalg says:

    Odin må skaffe seg ein stad å bu. Det er en mange som kjøper. Det er mykje meir praktisk og billigare enn å leige. Dette spesiellt visst ein kan få med seg ein eller to medleigarar som kan ver med å betala. Egil: kva for eit område i Oslo bur du? Er det dyrt å kjøpe ein 2-3 roms (40-50m2) der?

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>