Kollektiv iPod-runking (hypealarm!)

Øydelagd iPod, ekkel hipp trendiPod meg her, og iPod meg der. I artikkelen ««Kunstmuseet satser på iPod»»:http://aftenbladet.no/kultur/article320081.ece kunne ein for nokre dagar sidan lesa korleis reklamen hev storma inn i Aftenbladet. Det er trist å lesa så unyanserte og heilt klart «hippe» artiklar. Greitt nok at Apple klarar penetrera ungdom på min alder, dei er jo ofte særs mottagelege for reklame, men kor tid meldte resten av verden seg inn i saueflokken?

Apple sin iPod er ein av mange MP3-spelarar, men i staden for å snakka om MP3-spelarar generelt, trekk Aftenbladet stadig fram eitt produkt. For å ha ein samanlikning kan me seia «Imsdal» i staden for «vatn». Lat oss no tenkja museet «låner vekk» vatn i plassen for MP3-spelarar. Eit utdrag frå artikkelen kunne då ha sett slik ut:

– Jeg har ikke sett så mange som har kommet med medbrakt Imsdal, så tallene er muligens lave. … Imsdal er framtiden for museene, sier hun.

Greitt nok at nett museumet låner ut Imsdal og meiner det er godt for kroppen, men avisa bør ikkje fungere som ein marknadsføringsdrone for museet. I artikkelen blir det òg oppmoda om å taka med sin eigen «Imsdal», – men kvifor kan eg ikkje taka med meg IVAR-vatn (eigentleg er mykje betre, berre ikkje like «hippt»)? Desse setningane i artikkelen høver berre til å reklamera for eit gjeve produkt: «å, eg må ha ein Imsdal». Eg trur fleire hadde reagert om artikkelen hadde nemnt Imsdal (i staden for vatn) like mykje som iPod er nemnt her.

Dette er ikkje fyrste gong Aftenbladet idoliserer og skapar blest dette produktet, det er garantert nemnd ein gong kvar veke. Eitt selskap sin (heilt normale) dingseboms er blitt ei hype blant folket med stor hjelp av Aftenbladet og liknande lite kritiske mediekjelder.

Det er gjerne demokratisering av kunsten, som det blir sagt i artikkelen, men på same tid er monopolisering av MP3-spelarmarknaden. Ein kunne gjort alt så mykje enklare med å kalla ein MP3-spelar for ein MP3-spelar og latt det bli med det.

Nei, så ekstrem reklame i vanleg redaksjonelt stoff? Skjerp dykk Stavanger Aftenblad!

Illustrasjonsbilete med løyve frå http://brainfire.co.uk/.

10 tankar om “Kollektiv iPod-runking (hypealarm!)

  1. Odin

    Det blei sensurert! Fjerna! Det kom aldri ut på nettsidene deira. Jomen sa eg smør! Dei vil ikkje lata meg få syna meininga mi! OFF!

    Eg sende det til debatt-sidene i Aftenbladet, men trur neppe dei trykkjer det når dei sensurerer det frå nettsida si!

  2. Teirik

    hehehe, dette brinne minner t ein veldig «livlig diskusjon» på #con .. men eg e enig, og har lenge sagt meg enig i dette, men du har glemt ein viss del! For iPod bler nemlig ikkje alltid nevnt i artikler! Ja, de bler nevnt vel og ofte, men det e bare når positive ting om MP3-spelere bler nevnt! Huske någen hu som fekk MP3-speleren mot TV’en og grunnet ein statisk «discharge» mista hørselen pga et smell? Huske ikkje heilt kafforei avis som publiserte denne nyheten, men kan du gjetta ka der va bilde av? Ein iPod? ikkje sjangs, dette e jo yndlingen t media! nei, her va der bilde av ein Creative! Wohoo seie bare eg… Nei, neste MP3-speleren min bler nok Creative, viss eg ikkje vil prøva ut MS sin nye duppedings då… ikkje sant, odin? ;)

  3. Odin

    Neinei. Du må kjøpa frå gode firma. Ikkje Apple eller Microsoft. Dei er slemme. Creative, iRiver, SanDisk eller noko anna. :-) SanDisk sine er utruleg fine, iRiver sine utruleg gode – men dyre. Creative hev eg aldri kjøpt. Verkar litt dårleg kvalitet for meg…

    h4. Endra innlegget

    No står den versjonen eg sendte til Aftenbladet debatt, men som aldri blei trykkja. Slemmingane. Den er litt enklere, trur eg. :-)

  4. jurg

    Odin: Du kan ikke mene at folk skal slutte å kjøpe produkter de synes er bra bare fordi enkelte mener at firmaene er «slemme». Du liker ikke fanboys, men dæven om du ikke er en selv ;) Bare på en «anti-corporate»-måte. (forøvrig vil nå jeg plassere Creative i samme bås som Microsoft og Apple i denne sammenhengen)

    Men men, jeg er enig i det du sier her, og det er bra at du klarte å (for en gangs skyld :P) ikke hevde at alt er Apples feil :)

  5. Odin

    jurg: Kvifor kan eg ikkje meina det? Sjølvsagt kan eg unngå å kjøpa iPod av den grunn, og det tilrår eg alle andre å gjera òg. Det gjeld i stor grad Microsoft, Coca Cola, Wal Mart og andre skikkeleg pissestygge selskap.

    Eigentleg likar eg ikkje store firma i det heile take; eg synest alltid at mange små gjer ein betre jobb enn få store. Eg er for fri programvare, og små firma.

    Elles plar eg ikkje seia at dette er Apple sin feil – men eg seier at dei ikkje stør Ogg Vorbis, og at det er det Einaste Formatet For Meg™.

    Det verste er at ingen av dei andre kan bruka hjulet til Apple lovleg; av di det er patentert. Eg er no av den oppfatting at er noko kult og bra, så må me bruka det. Ikkje gjeva folk monopol for lengje. Det hemmar konkurranse.

    Er ingen fanboi [sic], eg er kritisk til kva eg kjøper – og ser godt på produkta og produsent før eg kjøper noko. Men saka si kjerne er noko heilt anna enn det du skriv om no; eg meiner å skriva iPod i staden for mp3-spelar i ei seriøs avis er seriøst forkasteleg.

  6. jurg

    Først, litt OT: Jeg er helt enig. Å bruke det mest kjente merket innen en gitt type vare istedet for navnet på gruppen varer er forkastelig.

    Off topic:

    Odin: Å prøve å tvinge denne mentaliteten på andre gjør deg i mine øyne til en fanboy, ikke ulik en misjonær ;) Hva er det egentlig som gjør disse firmaene så store og stygge som de mindre firmaene ikke gjør? vet du at de mindre firmaene ikke opererer på samme måten, eller velger du bare å se vekk fra det?

    Det finnes dessverre få fullstendig ærlige mennesker her i verden, så å finne et firma som både lager gode produkter og opererer stuerent kan bli vanskelig.

    (visste du forøvrig at iRiver byttet ut den vanlige UMS-supporten i flere modeller mot Microsofts MTP som er skreddersydd mot DRM-beskyttede filer? etter mye kritikk gav tilslutt iRiver ut en firmware-update som gav modellene UMS-støtte igjen)

    Kommentaren min var kanskje feilplassert; jeg tenkte mer på diskusjonen vi hadde for en stund tilbake på #con.

  7. Odin

    Jurg: Men eg prøvar ikkje tvinge mentaliteten over på andre, – når folk spør meg om råd, snakkar eg for min person – ikkje for ein anna «Ola Nordmann» som ikkje hev satt seg inn i slike ting. Eg snakkar heller ikkje for Unge Høgre når eg til dømes snakkar om alkohol, kvifor skal eg? Eg meiner noko heilt anna sjølv – nemleg.

    Elles likar eg å seia kva eg meiner, av di eg tenkjer ein del på det. Men, altså, Apple hev ingen store ting som gjer det styggare enn dei fleste andre. Men det er meir mitt intense hat til å høyra ordet iPod misbrukt som gjer at eg blir litt ekstra krass og set ting verkeleg på spissen når eg ordskiftast om dette.

    Akk. Må gå. jaja. Same det. Eg drit i det :p Du får ha di meining ;)

  8. Vebjørn

    For meir bensin på «Aftenbladet-er-ein-gjeng-med-knehøner»-bålet, sjå debattsidene i dag. Makan til dårleg skjult tekstreklame hev eg knapt sett.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.