Eg la til Kortnytt i nyhendestraumane (RSS) no. Tenkte dei som abonnerer på nyhendestraumen vil at det skal vera noko nytt litt oftare, då er jo dei små fillesakene i Kortnytt greitt å ha med.
Forresten, vil de at eg skal leggja heile innlegga mine ut i straumen? Om eg får eit par ønskje om dette, skal eg gjera det.
I mangel av dei store sakene, så kan du jo legge dine mindre ambisiøse skriverier her Odin!
Ikkje så veldig relevant te kortnytt, men fins det ein straum for kommentarer? Hadde vore kos å hatt på «nettvibbar»
Egil: Ja, sjølvsagt. Eg hev jo kommentarstraum på alle bloggane eg fylgjer med på sjølv. Du kan finna den ålmenne straumen på http://velmont.net/comments/feed/