Månadens video: Telefonpimpin»

Dette er ein særs gamal video (frå 2001). Mange av dykk hev sett han allereie, men då i ein litt stiligare innpakking med musikk. Musikken er take vekk litt på grunn av at eg ikkje gadd å finna han fram igjen (+ ikkje hadde tid) og litt på grunn av rettighetsdrit. Eg lot teipen gå litt lengre på denne videoen, så det er «ekstramateriale» av kva me gjorde rett etter me hadde laga Telefonpimpin’. Det er ein grunn til at eg aldri hev vist det før…

Det er nemleg superkeitt og -dumt. Eg trur ikkje Espen vil bli overglad av å sjå etterhenget. Og eg veit Jon ikkje likar Telefonpimpin’ i seg sjølv, men det er ein klassikar – og han må visast!

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan lasta Telefonpimpin’ ned her, men må ha ein avspelar som VLC eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a Flumotion Cortado Java applet.

8 tankar om “Månadens video: Telefonpimpin»

  1. Odin

    Karlsen: Hehe. :-)

    Egil: Einig med deg. Kva synest du om ekstramaterialet?

    Espen: Såg at du ikkje lika det, ja. Eller? Du hev ein smiley der :p Forresten er det meir der du rapper. Og det er endå verre – eg tok det vekk. Synest det var grovt nok allereie :p

  2. Egil

    Litt seint å komma me dette nuh men Odin: Harkje sett ekstramaterialet, fant heller bare filå på pcen istedenfor å leecha bw av deg ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.