Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Monthly Archives: August 2006
Ugh! MAT1100? Neitakk, trur eg.
Ooh. Eg er så usikker på alt, det hev vore ein flott start mtp. INF-faga. Dei er nemleg utruleg enkle. Men eg fekk vita at eg trong MAT1100 (vanskeleg Kalkulus-matte) for å taka Digital Bileteanalyse seinare. Dimed måtte eg byta frå MAT1000 (som er enklare) til MAT1100. Det var ingen enkel sak. I dag var eg på fyrste forelesing i MAT1100 (etter eg hadde mista 4 stk), og woow. Kva skal eg seia? Det forsto eg ikkje mykje av, dei er allereie fleire månadar forbi det eg kan.
Continue readingOsloinnvandrarar og språkforståing
Eg forsto det var lengje sidan eg hadde ete då eg reiste meg opp. Lengje sidan eg drakk vatn òg. Eg svimla lett ut på golvet og fann ut eg måtte eta før eg drog på pub-runde. Greitt nok, eg kjende til ein kebab-plass rett før Grønland T-banestasjon. Stod og såg inn på prisane eit par minutt, 80 kr, det var ikkje særleg billig. Akk – tenkte eg, eg treng jo mat – dessutan treng eg ikkje kjøpa brus.
Continue readingSkyting på Aker Brygge
Eg var med Maria og Øystein og solgte nynorsk, økologisk supergod is på Aker Brygge. Me stod i fleire timar. Då meg og Maria endeleg satt på veg heim gjekk me rett i nokre politi-sperringar. Det var menn i kvite frakkar og masse utstyr, kamera og anna politi-greier. Her hadde det visst vore skyting på Aker Brygge, rett bortfor oss medan me solgte is. Kanskje difor det plutseleg blei så få kundar?
Eg hev flytta til Oslo
Ugh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.
Continue readingNei! Låst ute av bilen!
To nyklar til bilen, éin til bagasjerommet – det er alle nøklane som finst til Toyotaen. Alle desse tri låg og gassa seg i bagasjerommet på Toyotaen inntil ein halvtime sidan. Phew. Eg er svett og sit deilig og naken foran datamaskina etter ein fantastisk dusj. Det var ein slitsom operasjon å få nøklane ut igjen.
Dubrovnik, Kroatia dag 1-4
Det er ei mørk, mørk line heilt ytterst på horisonten. Ho er på veg hit. Me hadde slått tidleg opp til overskya vêr, skulle på båttur i dag. Den mørke lina tref ein seglbåt uti havgapet. Me sit paralysera. Båten hev fulle segl – mamma ryddar opp maten. Masta til båten ligg omtrent horisontalt – ser ut som om han hev kantra. «Kanskje me skulle gå inn», mumlar mamma.
Continue reading