Dubrovnik, Kroatia dag 1-4

No hev me vore 4 dagar i Dubrovnik. Eg hev skrive litt av det som me hev drive med. (Dette er faktisk den sjette dagen, då, men eg har ikkje skrive så langt. Spørst om eg gidd, blei så drit lell :p)

Den mørke lina

Det er ei mørk, mørk line heilt ytterst på horisonten. Ho er på veg hit. Me hadde slått tidleg opp til overskya vêr, skulle på båttur i dag. Den mørke lina tref ein seglbåt uti havgapet. Me sit paralysera. Båten hev fulle segl – mamma ryddar opp maten. Masta til båten ligg omtrent horisontalt – ser ut som om han hev kantra. «Kanskje me skulle gå inn», mumlar mamma.

Fyrste dag

Tri dagar tidligare landa flyget hardt på rullebanen med eit ekstra adrenalin-hopp. Me kom til denne vakre plassen der Kitty Karina straks ville bada. Etter ein god del lesing frå mi side var me på plass nede i gamlebyen. Denne fantastiske staden med tjukke murar rundt. Alt er så middelaldersk. Utruleg herleg. Kjempetynne gatar splitter dei elles særs så kompakte hustaka frå einannan. Det er som om ein dobbelt så stor by er pressa inn mellom murane. Denne byen, Dubrovnik, er starta på i 1200 og er på UNESCO si liste over Ting Verdt Å Taka Vare På ™. Det er ikkje vanskeleg å forstå.

«Han var iallfall mykje betre enn den eg fekk tidlegare i dag», vitra Unni om kaffien sin. Eg kunne ikkje forstå at det framleis var same dagen i Kroatia. Ei utruleg god kjensle. Det varme og unormalt klamme vêret var slitsom, medan kjensla at det ikkje var lengje sidan eg var her berre var rar. meg og Falke blei igjen for å prata og sjå på livet. med store isar og stolane vend mot det store klokketårnet, såg me at klakka blei XII 0. Rebecca 18 år! :D Fyrste dag over, eg la meg klokka eitt.

Inn i mørkret

Den mørke lina med dei sinte skyene traff kysten hardt. Trea lener seg over. Me ser ho koma nørare. Havet frådar, det blir kvitt seier pappa. En vind tek tak i det me hev igjen på bordet. Det er eit merkeleg vêr, slik varm vind.Me går inn, set oss ut på ballkongen, kjenner ei dråpe vatn. Det byrjer snart hølja. Me putter i oss dei siste brødskivene medan me ser stormen leggja Dubrovnik under digre vasskuler. Regn. Slik sit me i fleire timar og ser på dei få uheldige båtane der ute. Eller kanskje heldige – slike enorme bølgar ser kult ut. Båtane forsvinn omtrent i dei før dei plutseleg flyg over vatnet igjen. Moro.

Andre dag

Neste morgon blei særs roleg, masse bading i badebasenget etter frukost under parasollen. Me humpa nedover dei akkurat 495 trappane mot gamlebyen med sterk sol på magen. toppa på eit bakeri på vegen. Dette var dagen me skulle taka turen rundt bymuren. Etter ein treig start (eg skuldar på deg, Kitty Karina!) gjekk det endeleg framover. Eg er interessera i å l;ra om historia til Dubrovnik og muren – men ikkje i å sjå på kitsch1 som av ein eller anna stygg grunn måtte finna seg på bymuren. Heldigvis hadde eg med den flotte boka mi2, så det var ikkje noko stort problem.

Råning i Dubrovnik

Me åt middag (vegetar for meg igjen) og hadde is til dessert. Isen åt me vend mot hovudgata i Dubrovnik. Ei gate like brei som ein bilveg, utan bilar sjølvsagt. Fråvêret av bilar tydar ikkje at ho er utraffikera dorimot. Det er ho, i aller høgaste grad. Her fartar nemleg hundrevis av menneskje om kvelden. Gata er skokkfull3. Mamma og pappa kosa seg med å sjå på desse ustanselege folka medan resten av oss gafla i meir is. Det var då pappa høgt undra seg kvifor han såg så mange folk på ny. Opp til båe tredje og fjerde gong. Mamma, som den bygdejenta ho er4, forsto teikninga raskt. «Dei rånar!» utbraut ho med eit digert glis.

Fleire av dubrovnik sine lokale vandra langs denne gata – det var dei som verkeleg hadde teknikken og vilja. Langs hovudvegen er det fleire kaféar og isplassar, det var langt frå éin gong dei såg nokon kjende og veksla klemmer og løynde5 kroatsiske ord. Me sat og såg på den fint kledde kroatsiske ungdommen pluss turistane litt lengre før me starta på turen opp igjen i skråningen over byen der me bur.

Eg hadde ikkje mykje igjen av boka, og ho var særs spanande – difor måtte eg berre lesa ferdig. Etter mykje om og men fann eg ljos rett med badebassenget; det kom frå eit rom. Heldigvis hadde dei ikkje lagt seg, så eg fekk lesa boka ferdig. Eg er sikker på at ho var slutt fleire gongar – det var ekstremt spanande! Eg las med full innleving, då eg var ferdig sat eg igjen med å sakna Rebecca. Eg var så hoppande glad og ville skrika ut; men alle sov. Eg starta på ei lang, flott melding til kjærasten min. Skreiv lengje og langt, heeilt til batteriet gjekk. Så låg eg hyper og ute av stand til å sova til eg hadde roa meg ned og gjorde nett det. Sov.

Alle mørke liner vekk

Det er høgt utpå dagen. Eg hev sove lengje ekstra. Båtturen ut på dei ymse øyene er utsett til imorgon. Vêret er særs myke lettare og Kitty Karina masar om at me må bada. Mamma les elendig kiosklitteratur, medan pappa les Time, sidan han er ferdig med Dag og Tid og Ny Tid. Moro korleis alt han les hev «tid» i tittilen. Når eg las opp dei to siste setningane, protesterte mamma; «eg las nett glasslottet!». Ho er tydeleg krenka, men så ler ho «du heng meg ut på bloggen din, du får meg til å sjå ut som ein idiot!». Me høyrer tvo dunk. Eg som hev kræsja tvo gongor, kjende ljoden godt igjen. Bilkræsj. Men tvo? Oppe på vegen står ei rad bilar, tri av dei på enden. Folk går ut – ei dame set seg ned og grin6.

Dag tri

Utruleg hett i solsteiken. Me stod på ein busshaldeplass og såg den eine etter den andre turistbussn køyra forbi. Sjølv venta me på lokalbussen. I den steikande sola var ventetida horribel. «Ofte er det betre å berre gå», fortalde mamma med ei spørjande tone. «Ja, me går», sa eg og så gjekk me.

Me ville finna nye plasser, så denne dagen drog me vest. Skulle nedom den meir moderne sentrumskjerna og sjå på eit par kjøpesenter og anna. eg og pappa kjøpte sko. Nede ved havet igjen (no på ein turistplass – ei herleg små-rund-stein-strand) bada me. Eg hadde kjøpt noko7 til Rebecca (ho blei nett 18) og samla stein til ho. På vegen oppover igjen var eg lengje innom ei bod og såg på noko anna til ho. Eg hadde eit par alternativ – men til slutt måtte eg berre velja noko. :)

I gamlebyen litt seinare snakka ein servitør norsk til oss. Han var særs søt og sjarmerande. Eg er glad Rebecca ikkje var med8. «Om du ikkje likar maten, betalar eg», sa han. Javel, det såg ut som ein in plass, så me sat oss ned. Eg tinga vegetar og wopah! Det var godt! Me åt dessert før mamma, pappa og Kitty Karina byrja gå til bussen. Meg og Falke blei igjen i byen og såg så smått på nattlivet og byen generelt. Etter ei god stund starta me på turen opp att. Då me kom fram, hadde resten av familien nett kome. Viser igjen kor treigt det er å taka buss. Heime venta ei gladmelding frå kjærasten min. Rebecca og Miriam hev fått statiskroller i «Mannen som elsket Yngve»! Kjempekult! Eg gler meg stort til å speida etter dei søte Solheim-søstrene på kino! Eg var litt trøytt og sliten då eg les det. ikkje i aller beste humør. difor sende eg ei litt halvsur(!?) melding tilbake. Eg var vel eigentleg berre sjalu, dumme meg, haha. :D Eg sende ei ny melding etter dusj – endå ikkje med energi i kroppen – men eg forsto godt kor teit eg ar. I dag er eg dritstolt av det og synest det er kjempemoro!

Fjerde dag, notid

falke og Kitty karina er vekk, dei gjekk for å bada. Eg følgjer etter. Det er kaldt. falke seier det same. Me symjer under vatn, fram og tilbake. Falke klarar 8 gongar, eg 6. Han er båe sterkare, betre i vatnet og betre trena lunger enn meg. Vasspoloen som gjer det. Sola skin gjennom. Med ein gong blir det mykje varmare – stormen er heilt forbi no.

Vegetarretten er dynka i eddik. æsj. Djevelen sitt verk. Nokre vonde munnfullar seinare sit me på ein milkshakeplass. Falsk rista mjølk då, kunstig smak. Usj. Ved sidan av oss sit ei søt jente9 og far/kjærasten hennar. Mannen sit og held på med ein Sony Vaio-PDA, medan jenta keier livet av seg. Eg merkjer det til pappa som ler; «for litt sidan rista ho i PDA-en hans og lo. Medan han berre sat like utrykkslaust». Dei hev te. Ho keier seg skikkeleg, stakkar. Gå ut med fyren – så sit han berre å ser inn i ein skjerm. Totalt usosialt. Jenta held ein digital speilrefleks. Ho tek eit bilete av fyren. Med blitz. Endå eit. Ho smiler. Ho blitzer han, ein gong i sekundet – heile tida. Folk ser på dei. Han ser ikkje på ho, men gjer noko med PDA-en – reiser han opp – og tek bilete av ho med han. Dei sit og tek bilete av einannan. Ho smiler, medan han sit utan eit utrykk i andletet. Etter lang tid slutter dei. Hahahah. Så utruleg rart. Så går me heim.

Hum. Og så var det ferdig.

Fotnoter

1 Kitsch er masseprodusera «kunst», eller iallfall wannabekunst.

2 The Shadow of the Winds. Heilt fantastisk bok!

3 Skokkfull, heilt ful. Eg er ikkje sikker på tydinga.

4 Mamma vaks opp i Kviteseid i Telemark. Noko eg vil kalla, om eg får lov, ein av råninga sine høgborgar. Trass råninga, brukar likevel Kvitseidbuen den meir framtidsretta og moderne målforma; nynorsk. Moro!

5 Eg høyrde ikkje kva dei sa, ei heller forsto eg det – difor meiner eg det må vera skjult.

6 Her sa eg «Hah! Tvo kvinnfolk! Kunne ikkje vera nokon andre!» til mamma slik at ho skulle bli sur. Ho gjennomskua meg.

7 Eg kan ikkje seia kva, ho les bloggen min.

8 Då pappa var på reise i Kroatia med kjærasten han frå gymnaset forelska ho seg i kelneren på hotellet. Ho forlot pappa midt i den fyrste ferien deira.

9 Langt i frå like søt som Rebecca, men det veit de jo! :D

11 tankar om “Dubrovnik, Kroatia dag 1-4

  1. Jarle

    Skokk: av lågtysk schock = seksti. Tyder stor flokk, hop. (Nynorskordboka)

    Og ja, til lukke med vegetarmaten!

  2. jurg

    Fysj! Du skriver med minuskel! Virker som om dere har det kjekt ihvertfall :D Hvis du har tid til å skrive et slikt innlegg på ferie bør du virkelig ha tid til å oppdatere «Om meg» siden din! Når er det du kommer hjem? Er maten veldig god der nede? Hvem drepte egentlig JFK? Er det sant at Espen spiser hundevalper til frokost i Garden?

  3. Rebecca

    Höres ut som dere har det fint der borte! :) Skulle gjerne värt der.

    Har du kjöpt no til meg??? Pourquoi??? Et quoi??? Jeg har kjöpt no til deg ogsaa, heheheh! Haaper du blir glad, syntes den passa bra til deg:)Gleder meg til vi ses! xxxxxxxxxx

  4. Odin

    Jarle: Eg er ikkje, og hev ikkje tenkt til å bli vegetarianar – men eg prøvar å leva litt meir etter «me et for mykje kjøt»-meiningane mine. Eg vil ikkje drepe dyr sjølv heller, difor prøvar eg ut vegetarmat når det er eitt alternativ for tida. Eg veit at du veit dette, men er sikkert mange andre som ikkje veit kvifor eg åt så mykje vegetar på turen :-)

    jurg: Kva skriv eg med minuskel? Ein skrivefeil? Kan du visa han til meg?

    Innlegget er skrive på papir, så er det skrive over på datamaskina raskt då eg hadde tvo fulle A4-sider (litan skrift). Eg er heime no. Maten var grei, Dubrovnik hev keie turist-restaurantar. Turist-restaurantar syg.

    Espen et hundevalpar ja, stakkar dei. Eg reiser snart til Oslo, og då skal eg prøva å halda han frå det.

    Rebecca: Kvifor? Vel, du veit du hev hatt bursdag? Eg skreiv det jo òg. Det blei ikkje særleg romatisk, som du sa du ynskja deg – men no hev eg iallfall noko :D Wohoo.

    Hum. Du hev noko til meg? Oooo. Heh, vonar det er noko eg kan leva med ;-) Glad i deg! :D (kva er det med alle x-ane?)

  5. jurg

    what? Jeg mobber ikke kjæresten din, jeg mobber deg ;) Jeg sitter her hjemme for n’te dag uten noe å gjøre så du får bare unnskylde meg om jeg til tider kommer med unødvendige / unyttige / frekke / slemme / grisete / røde kommentarer.

    (Kommentaren var forøvrig ikke ment som et angrep på noen som helst, men heller et resultat av en dag fylt med irritasjon over bortsjemte drittunger. Jeg beklager hvis innlegget førte til mental sykdom og beklager på forhånd om dette gjør det samme.)

  6. Odin

    jurg: Det var på grunn av «lixm» og «skjønner’u». Lixm er mongo — medan skjønner’u er noko Rebecca faktisk seier (og inni mellom skriv), difor er det jo lett å trekkja saman ­«mongo» + «Rebecca», og dimed blei eg provosera. :-)

    Ingen problem. Så lengje det ikkje var retta mot Rebecca, så.

  7. jurg

    Hvordan skulle jeg vite at rebecca sier «skjønner’u»? Du har tross alt aldri introdusert oss :)

  8. Hege

    DDenne bloggen litke eg :D du skreiv på ein veldig fin måte, någe eg bare kan drømma om! Eg har nok någe å lera av deg i det å skriva blogger ;) Det va kjekt hørra dokk hadde ein fiin tur:D Kleem ;D

  9. Rebecca

    Odin: Jeg er ikke saa glemsk at jeg glemmer min egen bursdag (although I wouldnt put it past me, it sounds like something I could do). Blei bare overraska over at du hadde kjöpt no´,siden jeg var under den oppfatning at du ikke skulle kjöpe noe, men gjöre noe. Skjönner’u? ;)

    Og jeg blei ikke fornärma i det hele tatt, jeg syns ogsaa det saa ut som om Jurg mobba deg;):P

    Jurg: Yeah, it’s a shame :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.