Eg hev flytta til Oslo

Ugh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.

Fadderane mine er stilige, eg hugsar eg tenkte eg var heldig då eg fekk dei. Han eine går fjerde året, Master i Informatikk, Kristoffer. Den andre fadderen er kjærasten hans, Linda som går andre året Informatikk Bachelor. Ganske kult når jenter går Informatikk. Eg trur iallfall ho er kjærasten, det virker veldig slik – det hadde iallfall vore koseleg. Ein ting som er litt rart, er når dei kallar oss fadder-barna deira. Det høyrest berre rart ut for meg. Minner meg om gamledagar i barnehagen, då me skulle leika «far», «mor», og «barn». Ugh, eg er for stor til slikt (:p).

Eg er utruleg gira på å starta faga mine. Eg vil jobba med oppgåvene (obligane) i programmering. Ser fram til det. Hum. Men nett no er eg stryken. Vondt i hovudet. Masse snørr, lite søvn (i natt, svett som f*), kjensle av oppumpa hovud, nakkesmerter, generell trøyttskap i heile kroppen osb, osb. Då eg gjekk rundt i regnet på UiO fekk eg ikkje den store «oh, dette er nytt og spanande»-kjensla. Eg blei litt meir skuffa eigentleg. Eg kjenner meg lite opprømt. Er kanskje difor eg gler meg slik til å taka igang med jobbinga.

Nett no jobber eg med Cecilie Wien, – lagar database til det nye firmaet hennar. Men sjukdomen hev gjort meg til ein dårleg arbeidar. Eg hev heller ikkje funne noko godt database-modelleringsprogram i Linux – dimed blir det til at eg gjer alt manuelt igjen. Hadde eg gjort det frå byrja hadde eg vore ferdig for lengje sidan. Akk.

Ingen hybel dei neste vekene

Eg var på Studentsamskipnaden og snakka med ei hyggeleg jente. Eg høyrde det skulle vera ein kjekk gut der òg, men han fekk eg ikkje. Ho fortalde meg eg var nr 43 på ventelista, og tippa det ville taka ein-tvo månedar før eg fekk tilbod om hybel. Eg ville ikkje opna heile søknaden opp, gadd ikkje det. Kan henda eg får ein diger, dyr leilegheit utan møbler då. Greitt nok at eg kjem fyrst i køen når eg allereie er innanfor systemet – men kan jo godt taka eit par veker før eg får noko nytt. Etter eg hev vore heime i Stavanger 26–27. august (eg skal på lokallagskurs med NMU, blir dritkult ;D)

No sit eg på skrivarstova og et graut. Grauteting i grautmålshovudkvarteret i Noreg. Jodå. Er åleine, dei andre hev sentralstyremøte. Der er eg ikkje med, difor er det hemmeleg for meg. Eller, eg får iallfall ikkje snusa rundt. No hev eg vore i tigerstaden ei lita stund, men det er stadig ikkje noko stort og gripande å skriva om. Anna enn at eg hev truffe faddergruppa mi og bur hjå Ola H.H. for tida.

Fyrste dag

Dette blir utruleg ustrukturert, så eg avslutter det. Eg vil likevel poste det, av di eg ikkje hev oppdatert på lengje. Dette er eit typisk innlegg eg normalt ikkje publiserer, så det er vel moro for nokon å sjå kor kvalitetsgrensa mi plar gå. Eg gidd ikkje skriva lengre på denne, anna enn at i dag er måndag og fyrste skuledag for mange. Sidan eg går på Universitet (som er slakkt med tanke på obligatorisk frammøte osb) så er det ingenting i dag. Eg er litt skuffa, eg er veldig gira på å starta på utdanninga. Få det i gang. Eg gler meg, trur eg. Hihi.

Jaja, eg får venta med å skriva noko nytt på heimesida når eg hev noko å seia! Nett no blir det berre tull, takk. :-) (Dette innlegget er skrive over fleire dagar)

5 tankar om “Eg hev flytta til Oslo

  1. Vebjørn

    Hybel fiksar seg sikkert etter ein tur til det fantastiske lokallagskurset med null kroner i deltakaravgift og høve til å koma allereie på fredagen for dei som er litt ekstra kule. Det gjer det vel alltid.

    I mellomtida – kos deg i Oslo. Det er då trass alt litt artig å bu på gulvet hjå Ola. :o)

  2. Vebjørn

    «Gulvet», for ¤#*@!!? Her hev eg ikkje skrive eit kløyva ord bokmål på over to år, og så skriv eg «gulvet»? Guuuud … Nei, uff, «golvet» skal det sjølvsagt stå. Trykkfeil.

    Ha meg orsaka ei lita stund, eg skal berre vaska nevane mine.

  3. Odin

    Hahah. Jaja, om det ikkje fiksar seg får eg bu på sofaen til Synnøve og hjelpa ho med husleiga til eg får noko.

    Men togturen kostar pengar då. :-) Kurset blir digg iallfall – Ingar kjem òg! Wohoo.

  4. Skjalg

    Det var kjekt å sjå nokre nye linjer. Du veit at me som bur på den andre kanten av landet vil jo lese om kva som skjer med deg i houvudstaden. Me høyrer mest om skyting i gatene der borte. Sjølv om det er berre småting så må du gjerne skriva – det er ofte dei små kvardalslege hendingane som er interssante for oss å lesa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.