Osloinnvandrarar og språkforståing

Eg forsto det var lengje sidan eg hadde ete då eg reiste meg opp. Lengje sidan eg drakk vatn òg. Eg svimla lett ut på golvet og fann ut eg måtte eta før eg drog på pub-runde. Greitt nok, eg kjende til ein kebab-plass rett før Grønland T-banestasjon. Stod og såg inn på prisane eit par minutt, 80 kr, det var ikkje særleg billig. Akk – tenkte eg, eg treng jo mat – dessutan treng eg ikkje kjøpa brus.

Eg studerte menyen utan å eigentleg sjå noko. Mannen bak disken stod og venta på meg, tja, får vel berre gå. «Uhm, », ymtar eg frampå. «Eeeg skal haa, mmmm». Pakistanaren seier eitt eller anna, eg forstår ikkje og set opp eit rart tryne. «Kebab?», spør han. «Kebab», svarar eg. Han studerer meg litt, så spør han «small?». Uuh. Han kan då snakka norsk, eg forstår ikkje kvifor han snakkar engelsk til meg. Jaja, eg svarar og set meg ned.

Han forsto visst ikkje Stavanger-dialekta mi. Haha. Forsto ikkje språket mitt, og han trudde eg ikkje forsto han. Greitt nok, eg høyrde ikkje kva han sa – men eg hadde sikkert forstått han. Eg sit og ser på dei, eh, rare indisk/pakistanske musikkvideoane på TV. Skikkeleg Bollywood. Heilt enormt, haha. Etter litt sa han noko uforståeleg til meg igjen. Eg gjekk bort og såg at han stod over tillegget – svara «Yes». Eg fekk den lille kebaben. «Lille». Hekkan så svær han var! Eg gafla i meg, gafla, gafla. Men akk, det var stadig meir igjen. Eg tok små pausar og såg på Bollywood-MTV, stadig fast på å få ned heile skiten. Til slutt var det gjort. Eg hadde tenkt å gjeva kompliment til fyren (på engelsk sjølvsagt, flaut å snakka norskt til han no!) – men han var opptake på bakrommet. Synd, det var godt, jaja. Eg gjekk iallfall frå plassen med god, full mage. Ahh. Osloinnvandrarar og språkforståing.

4 tankar om “Osloinnvandrarar og språkforståing

  1. Skjalg

    Det er dette eg meinar med små kvardagslege hendingar…. Dette er kjekkt å lese og så godt skrive og. Men «skiten» – er det nynorsk?

  2. Egil

    Hmm, eg har aldri hatt problemer på ein einaste kebabsjappe, og eg har prøvd ud einden av de som e i sentrum. :p

  3. Rebecca

    Haha! Artig, det der. Lolly fortalte meg noe morsomt som skjedde da hun var på jobb. Det kom en utlending og spurte henne om hun hadde dusj. Hun syntes det var litt rart at han spurte om det, så hun ba ham om å gjenta det. «Do ha dusj?!» «Om eg har dusj?» «Ja, do ha dusj! Vanskelig å forstå?» Til slutt viste det seg at det var en tusj fyren ville ha. Tihi, skal ikke være så enkelt.

  4. tiril

    Hvorfor må alt skje til samme tid? Skole, fritid, forelskelser og venner. Alle likte henne han men ingen viste hvem alle likte. Alle kastet en ball men ikke alle traff mål. Noen hadde venner her mens andre der. Og lekser, det verste oppi alt dette.

    Likte noen meg? Likte jeg noen spesielle? Var det lekse denne uken? Skulle jeg vert der?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.