Ugh! MAT1100? Neitakk, trur eg.

Ooh. Eg er så usikker på alt, det hev vore ein flott start mtp. INF-faga. Dei er nemleg utruleg enkle. Men eg fekk vita at eg trong MAT1100 (vanskeleg Kalkulus-matte) for å taka Digital Bileteanalyse seinare. Dimed måtte eg byta frå MAT1000 (som er enklare) til MAT1100. Det var ingen enkel sak. I dag var eg på fyrste forelesing i MAT1100 (etter eg hadde mista 4 stk), og woow. Kva skal eg seia? Det forsto eg ikkje mykje av, dei er allereie fleire månadar forbi det eg kan.

No skal det seiast at det var få andre i salen som forsto kva mannen prata om, men eg kjende meg bra dum der eg sat. Heldigvis snakka han om noko litt enklare mot slutten, men eg gjekk derifrå med dårleg mot. Jadå; eg hev ikkje lese noko på MAT1100, sidan eg nett gjekk over til det, men eg burde jo iallfall ha littebitt peiling frå før. Når sant skal seiast kjende eg igjen utrykka godt, eg kjende igjen nokon av dei vanskelege orda som «faktoriserte reelle tall». Men samanhengane, og alle dei logiske «difor gjer me det på denne måten» lot meg sitjande igjen med eit digert WTF (kva i h….) i andletet. Neinei, eg blei heilt satt ut av den timen.

Eg gjekk på INF1040-forelesinga etter det, for å få opp moralen igjen. Det gjekk bra, han steig godt i vêret. Me hadde om teiknkodar, som ASCII, Unicode osb. Det var ganske kjekt, men eg trur ikkje det var så mange i salen som blei kloke. Ein skal jo lesa boka før ein dreg på forlesing då, så kanskje dei som hadde gjort det forsto meir.

No hev det seg slik at eg er båe meld opp i MAT1000 og MAT1100. Som tredje forelesing på rad tok eg MAT1000, då gjekk alt så mykje betre. Det var kjempemoro (sidan eg forsto kva han prata om) og me lærte tilogmed noko nyttig! Eg tenkte med ein gong på plassar eg kunne bruka formelen han beviste i programmeringa mi! Kanskje mest for spel eller modellar, men det er vel der ein brukar mest matte lell.

Sååå. Sjølv om eg stressa fælt med å få MAT1100, ser eg no kva det er for noko. Eg veit eg kan klara det om eg vil, og det skal eg òg. Berre ikkje i dette semesteret. Det blei ein for dårleg start, og eg skal heller prøva å taka det seinare som ein ekstra-sak. Det kan godt henda det ikkje blir noko av. I så fall må eg berre innsjå at eg ikkje får taka Digital Bileteanalyse. Det blir trist, men slik kan det gå. Eg får kjøpa MAT1000-bøkene, og konsentrera meg om å få brukbar karakter i det (D eller meir ;-) ).

Hybel! (??)

Etter desse timene hev eg sitte her på O.P.-bygget og skrive ferdig den obligatoriske oppgåva i INF1000. Det var veldig lett, men eg gjorde han mykje meir avansert enn det me skulle. Eg blei så skuffa då eg blei ferdig på usle 5 min. Kvifor ha ei vekeoppgåve som ein gjer ferdig på 5 min? Det er jo rett sagt superduperkeitt! Då eg var ferdig, og i ferd med å gå – tenkte eg at sjekking av epost er bra. Tjohei! Der låg ein epost frå SiO – og emnet var: Restplasser ledig (!!!). Wohoo. Genialt. Eg sende epost tilbake på dei eg ville ha:

  1. Sogn studentby: Møblert hybel, 12–18 kvm, pris 1866 – 3634 kroner (9 ledige).
  2. Bjerke studenthus: Hybel møblert, 11–15 kvm, pris er 2226 – 3020 kroner (8 ledige).
  3. Bjølsen studentby: Hybel møblert, 12–14 kvm, pris 2838 – 3445 kroner (to ledige).

Ingen av dei hev internett, men dei gjer jo eit stort nummer utav så enkelt det er å flytta når ein er inne i systemet. Dimed skal eg søkja om flytting med ein gong eg hev fått ein av desse. Eg skal ikkje sitja i ein hybel utan nett! Eller, kanskje om folka i gangen er dritkule. Kan jo alltids hacka på universitetet, ping (nerdeforening på informatikk – skal melda meg inn) eller skrivarstova.

Eg kom frå Stavanger i dag

Det er litt moro å tenkja på, men eg kom til Oslo igjen i dag. Eg hev vore i Stavanger ei ganske lang tid no, frå laurdag til tysdag. Eg gjekk glipp av ein skokk ting her (berre matte, eigentleg – går jo eigentleg ikkje glipp av INF, sidan eg hev lese (og forstår) pensum allereie), men eg fekk vera saman med min kjære. Denne gongen var eg på vitjing hos mamma og pappa som, ja, vitjande. Eg bur jo ikkje der lengre. :/ Synd, ja. Hugsar det var tungt då eg forsto det. Eg forsto ikkje at det var slutten på ei diger epoke i mitt liv før eg sat på toget mot Oslo. Då gret eg. Var tungt. Reisa frå mamma og pappa som eg er så glad i. Rebecca gler eg meg på den andre sida over, no hev eg flytta vekk – det er steg 1 mot at me flytter saman :D Ho kjem kanskje til Oslo neste år, då kan me bu saman. Det hadde vore dritmoro. Gler meg til det.

Akk, no må eg gjera noko anna

Vel, eg tenkte eg kanskje kunne stikka innom Skrivarstova (kontoret til NMU) – der ligg jo kofferten min og alt. Er greitt å få lada mobilen, og å få innlosjert meg hjå Synnøve. Kan henda eg berre bur der til fyrste september no, dvs. til imorgon. :| Wow, det blir liten butid. Men får sjå om eg får tilslag på hybelen, kryss fingrane alle saman! :D

Fred ut, Odin. (Mohahahhwhawhawhawhhwahwa)

5 tankar om “Ugh! MAT1100? Neitakk, trur eg.

  1. Egil

    Tar du med boka imorgen da? Eg blir å finne på ping imorgen fra kl 10. Tror faktisk eindel av hyblene på sogn har internett, d står bare ikkje.d du får undersøga videre.Bjølsen ska definitivt ha. Om d bare ikkje gjelde de hyblene då. Bjølsen e digg, men d e som du ser ganske dyrt. Der eg sko ha bodd. Bjerke e 200 meter fra huset her, så d hadde vært kult om du hadde bodd der, samtidig som eg har hørt relativt mye negativt om forholdene der. krysse fingre

    Ser deg på ping imorgen?

    return 0;

  2. Odin

    Jepp, eg sit på Abel no. Imorgon startar MAT1000-forelesing kl 10, så hev eg INF1000-øving frå 12. Den dreg eg sjølvsagt ikkje på. Det treng eg ikkje. Så eg kan koma innom ping imorgon kl 12.

    Kan du melda meg inn då? Eg får invitasjon av deg? :]

  3. Egil

    Eg ska ta ein kopp kaffi me Martine kl 12 så eg e sikkårt tebage på ping 12.30-45. Seff får du invitasjon av meg,men eg kan ikkje melda deg inn for eg e ikkje i drift. Morten eller ein aen fra drift har sikkert komt bort innen du komme uansett. Eg trenge ikkje å ver deg for at du ska konne melda deg inn ;)

  4. Karlsen

    Odin, tar du ikke MAT1100? :( Det hadde isåfall vært greit, da jeg har boken og er øvingslærer i det stoffet. Hadde du Tom Lindstrøm som foreleser, kanskje?

  5. Odin

    Karlsen: Eg kan ikkje la deg få bruka for mykje tid på meg, — og eg forsto verkeleg ikkje kva han snakka om, forelesaren. No kunne eg sikkert ha gjort det om eg hadde lest stoffet – men sidan eg allereie låg 4 forelesingar bak så blei det for mykje. Eg tek den lette utvegen no og så får eg sjå om eg tek MAT1100 neste semester.

    Eg såg for meg deg som øvingslærar i MAT1100. Eg tek eit lett fyrstesemester no, og så får eg sjå. Hadde eg teke MAT1100 på NTNU hadde nok ting vore annleis! (Då hadde eg jo hatt god tilgang til deg, enkelt og greitt!)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.