Eg hev fått tildelt hybel!

Bjerke, stundenthybelJepp, då var ventetida over. Eg fekk epost frå SiO (studentsamskipnaden) for litt sidan om at det var ~30 ledige hyblar. Eg svara med ein gong, men fekk ikkje hybel. Men så, fire dagar seinare fekk eg tilbod på Bjerke studentby. Eg kjem truleg ikkje til å bli buande der (ingen internett), men no er det mykje enklare for meg å byta buplass sidan eg er inne i systemet!

Det var ganske moro, – etter eg hadde vore heile natta på IFI dro eg ned til Blindern. Der fann eg SiO, tenkte eg endeleg kunne stille dei opp til veggen på at eg ikkje hadde fått svar, trass kor rask eg var med å svara. Ho beklaga, men visste ikkje kvifor. Kan jo like godt sjekka deg, eg sa eg Omdal på etternamn, men ho fann meg ikkje. Ho søkte på bursdag, og fann ut at eg heitte Odin Omdal Hørthe. Hadde gløymd at eg gjorde det den vegen – eg lurer nemleg på om eg skal byta namn til Odin O. Hørthe. Eg hev tilogmed skaffa meg epostadresse til det. Problemet er at eg mistar alle folka som automatisk kjenner meg av di eg er søn til Skjalg Omdal. Og det er ganske mange – iallfall i filmmiljøet. Men kan jo alltids ikkje vera giddalaus og seia heile namnet mitt når eg møter slike folk ;-) Nett no seier eg ofte Odin Omdal, når eg pratar med folk eg ikkje møter igjen.

Ho fann meg og såg undrane på skjermen – «men du hev jo fått tilbod!», sa ho. Å? Eg var heilt fortumla, men veldig glad. Ho fann fram kontrakten og eg skreiv under. Eg hev ikkje betala endå, tenkte eg kunne venta til fristen som er imorgon. Det er då eg får hybelen og, onsdag 6. september. Eg stakk og gjekk på matteforelesing. Det var veldig basic, han gjekk berre gjennom oppgåvene i boka! Vel, dei klarar eg fint sjølv, takk! (Utanom ei oppgåve, eg hev endå ikkje fått rett på han—eg må få nokon til å hjelpa meg). Eg var ganske trøytt etter natta på IFI, men blei meir vaken då eg gjekk til Ping. Der sjekka eg eposten, og lo’ behold: eg hadde fått tilbod om hybel! (w00t?)

Bjerke, stundenthybel

Ganske god timing, – medan eg gjekk bort for å snakka med SiO, så hadde eg fått tilbod frå dei. Så når ho sjekka meg opp – så fann ho dette tilbodet! Hadde eg vore fem minutt før – så hadde eg ikkje fått vita at eg hadde fått tilbod av ho. Hahah. Så moro. Jaja, – men no ventar eg på å flytta. Det blir moro. Hev vore bra og budd med Synnøve, men no er eg klar for å rota i eigen hybel. Wohoo! :D

2 tankar om “Eg hev fått tildelt hybel!

  1. Skjalg

    Gratulera Odin. Det var kjekkt. Nå kan me besøka deg og overnatta alle saman….(he,he). Dette – bilete er det ein lik denne du får? Du må legge ut nokre andre frå same staden… Eg synes forresten du ikkje må byte etternamn bare for at du tykkjer Hørthe er meir sjeldan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.