Grünerløkka til Blindern

Når eg skal til Blindern tek eg buss fyrste etappe. Etter det trikk og så beina. Eg brukar beina på veg opp til bussen óg – slik eg nett gjorde for nokon minutt sidan. Det er ein herleg dag i dag. Sola skin og eg såg ei lita jente som absolutt skulle over gjerdet til bedet mdan foreldra hennar absolutt ville gå vidare og babla til ho på arabisk eller noko. Det fekk meg til å smila. Bredt.

Eg tenkte framleis på det då eg såg bussen køyrde forbi og stoppa på vegen som krysser gata eg gjekk i. «Hekkan». Eg gjekk i stadig same tempo. Ville ikkje rekkja han lell. Då eg kom nær nok krysset, såg eg han stod der framleis. No er det vel rett før han køyrer ut, tenkte eg. Men det gjorde han ikkje. Eg skynta meg over vegen og såg han blinka ut. Bakre dør var stadig open, men 10 meter vekk. Eg tok tvo raske skritt framover, før eg såg at slaget var tapt.

Eg trippa framover litt skuffa då døra heilt framme plutseleg opna seg. Haha, då blei eg glad :-D «Tusen takk», sa eg då eg hoppa inn og reiv opp busskortet. Det der satte ein ekstra koseleg spiss på dagen. Eg likar verkeleg det kollektive tilbodet her i Oslo.

Dette var frå då eg budde hjå Synnøve

Ein tanke om “Grünerløkka til Blindern

  1. Skjalg

    Ein fin kvardagsleg skildring Odin. Skriv gjerne fleir av dei. Du kan det og er flink til det. Kollektiv transport er alltid best når ein skal reise over lange avstander i ein by. Stavanger er ein by som ein kan nå alle plasser med sykkel. Flatt er det og. Og nå syklar eg 3 dagar i veka til og frå Randaberg vgs. I det siste så har det vore ein naturoppleving av dei sjeldne – eg trør gjennom Mosvatnparken, kring Little Stokkavatn og det store, opp te Gabbas og vegbommen – der eg kryssar vegen med dei illeluktane, brautande, stygge bilane, før et glir ner te skulen i behagelig tempo. Det tek mellem 21 og 25 minuttar. I går brukte eg bil (eg hadde så mykje utstyr med meg) og det tok nøyaktig 25 minuttar. 9 kilometer.

    I Oslo trur eg det kanskje ikkje er så lurt å sykla meir en små avstandar. Trafikken er så tett og eg trur nok Buss og T-bane er den beste løysinga for lengre avstandar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.