Inne her på IFI, heile natta og meir

Det er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.

Hum. No hev eg sitte her utruleg lengje. Lat meg sjå.

odinho console Sep 3 14:14

Tja. Sidan det no er 4. september, og klokka er 07:14, vil det gje: 17 timar. Hum. Sjølvsagt hev eg vore vaken heile tida. Eg hev lagt inn SDL, pygame og pyOpenGL. Eg hev nemleg fulgt med på PyWeek. Snakka masse med dei som er med òg. Gjeve litt tips mellom anna. Tja. Og så hev eg koda på Stavanger Casting. Ganske lengje og mykje faktisk. Lengje i tid ihvertfall. Rart med det, eg koder nokre liner – ser på klokka. 4. Koder bittelitt til. 5. Wow. Heilt utruleg kor raskt tida går. Eg hev sikkert gjort 3 timer effektivt arbeid på 17. Men så hev eg gjort masse anna i tillegg då. Eller, noko iallfall.

Det hev vore ganske einsamt her på terminalstova i natt. Eg hev jo vore åleine, hadde nokon andre vore her kunne dei jo ha sluppe meg ut. Men det kan eg ikkje sjølv. Nei, for dørene er låst frå båe sidar her. Ein må ha kort for å koma ut. Eg hev ikkje kort. Midt på natta, sånn ca (er ikkje så farleg med tida) var eg særs svolten. Tingen er/var/whatever at eg ikkje hadde ete anna enn frukost. Har ikkje ete anna enn frukost. I går. Så, eg var litt svolten.

Litt tidligare på dagen så kjøpte eg faktisk ein chai-te på Deli de Luca. Den var enormt god! Eg hadde ikkje peiling på at du kunne få så god te ut av ein automatisk te-lagings-boks. Så tok eg trikken til UiO, blei søkkvåt. Regna kattar. Eg gjekk rundt på mange av bygningane og blei våtare og våtare. Fann ingen opne. Til slutt gjekk eg til SV (samfunnsvitskapleg). Der fann eg ei pc-stove. Men eg fekk ikkje logga inn, visstnok. Eg fann ei gamal maskin i kroken, den kunne eg logga inn på (av di den køyrde terminaltenar, i staden for å vera lokal – for dei som forstår slikt). Den var gamal og drit. Pissepc, var umogleg å arbeida på (backspace fungerte ikkje i PuTTY). Til slutt høyre eg Morten var på IFI. Ah. Eg drog opp, stadig meir blaut, og kom inn på IFI. Kl 14 ca, visstnok. Då hadde eg allereie hengt rundt på det sundagsstengde universitetsområdet lengje.

Same kva, eg var svolten og eg ville ha sjokolade. Men som du allereie veit; det gjekk dårleg. Det er ein hekkans glassdør med ein stygg kortlesar, som ein kan sjå ut på fellesarealet. Det fellesarealet kor det er mange sjokoladeboksar. Der du hev fleire val enn Coca Cola. Ahh. Skulle ha vore der. Men, nei. Så var eg jo kjempesvolten då, og tørst. Jaja.

Det var ikkje lett å trykkja på maskinen for å kjøpa den fyrste cola-flaska eg hev kjøpt på, hm, 3–4 år. Velvel, vanskeleg var det jo ikkje akkurat. Eg tenkte «Helvette heller» pluss ei liste assorterte (men velvalde) bannord og hadde det litt psykisk vanskeleg. Menmen, så kom driten ut og eg opna opp. Typisk at halve driten bruser over og kjem på golvet. Kliss. Så kjem det, ja. Det smakar jo seriøst ikkje godt? Eg forstår ikkje meg sjølv, eg pla elska denne drikken. Eg pla drikkja det dag ut og dag inn. Opptil fleire liter. Akk. Vonar berre ikkje eg blir hekta igjen av ei heil flaske.

Var ikkje noko problem, heldigvis. Smakte ikkje stort betre mot slutten. Altså, eg meiner ikkje at det smakar vondt – men det smakar ikkje akkurat godt heller. Eg foretrekk mjølk foran cola kvar dag (som er rart, om ein tenkjer på at før, då eg lika cola, lika eg ikkje mjølk). Jaja. Eg sat meg no ned og fortsatte så smått med dei små tinga. Byrja bli kaldt. Hm. Gjekk vel ein time, og så måtte eg på do. Hm. Meir på do, og endå meir. Eg hev det med å berre sitja og pressa på blæra når eg må på do. Gidd ikkje reisa meg. Men til slutt måtte eg. Vil heller reisa meg enn å få blaut bukse. Med blaut bukse hadde eg sikkert blitt endå kaldare enn eg allereie var. Jaja, kanskje litt varm i byrja – men det plar dabbe fort av. Kjenner til det.

Nåvel, så var eg på jakt etter do. Eg hadde ikkje gløymd den lille verda eg hadde tilgang til. Eg gjekk bort til glassdøra og rista i ho for n-te gang. Neida, ho gav ikkje etter. Ugh. Er det ingen do her? Eg lurte på kva eg skulle gjera. Måtte vel bruka cola-flaska til å halda meir enn berre cola. Hm. Men så gjekk eg inn ein plass eg ikkje trudde det var noko, og det var det handicap-dass. Som passa meg bra, sidan mobilliteten min er eit ganske stort handicap for tida. Det blei ikkje mykje jobbing. No går klokka stadig mot 0800. Då opnar dørene seg. Eg skal vel eigentleg ha plenumsrekning i matte – men. Hm. Eg veit ikkje heilt. Det er ikkje slutt før 14. Då er eg sikkert heilt utkøyrd. Får nok ikkje med meg noko heller. Like greitt å stikkja heim og sova.

Jaja. Eg høyrer folk utanfor. Eg kan sikkert snika meg ut no om eg vil. Men eg vil heller prøva å koda litt vidare. Bør få ein fungerande versjon av skodespelar-innlegginga no som eg allereie hev bruka så lang tid på det. Hehe, eg er slik herleg svimmel i kroppen. Det er ganske deilig. Hm. Mat, ja. Kanskje eg skal eta frukost når eg kjem ut. Er ikkje svolten no, eigentleg – så eg let det heller venta. Får eta når eg ikkje treng stressa for å få tak i det. Ja, men no skal eg ikkje skriva meir piss. Stakkar du som måtte lesa dette. Men. Jaja.

Djuuuupt pust. Ahh. Ja, då går eg vel om ein time, då. Kjenner eg byrjer bli trøytt no…

7 tankar om “Inne her på IFI, heile natta og meir

  1. Odin

    Ah. Ironien. Eg klarar ikkje reisa meg frå stolen. No er det ein halvtime til det er plenumsrekning i matte. Eg får vel like greitt berre gå… Men no kjenner eg trøyttskapen sit i magen… Ugh.

    Eg hev iallfall eit ganske godt fungerande frontend til skodespelar-databasen no. Dimed kan eg slappa av litt. Må berre senda ein epost til oppdragsgjevar – så kan eg prøva å fjerna meg frå datamaskina. Hev vore oppe i 26 timar no, 24 timar utan mat. Hihih :D

  2. Egil

    Litt kjedeligt d greiane der ja. Eg har greid å låsa meg inne på PO, men då va d bare å gå gjennom «broen» te bio og gåut der. alltid ein vakt der når eg e stengt inne. :p D hende jo at folk blir stengt mellom to dører i utgangspartiene, slik at du verken komme deg den eine eller andre veien, så du har ikkje opplevd d kjedeligste ennuh. :p

    Ps, om du e på skolen og må ta deg ein kvil så e d ein diger sofa bak glassmonteret på ping.

  3. Rebecca

    Du er bra gærn. Sitter oppe i 26 timer, med bare en usselig liten frokost på et helt døgn!! Ja, jeg veit at mennesket kan klare seg i evigheter uten mat, men det er da ingen vits i å utsette seg for det når det ganske enkelt ikke er noen vits! Det er i hvert fall min mening.

    Likevel synes jeg du er utrolig flink, jeg kunne aldri jobba så mye så lenge! Kjempestolt av deg, Odin! Vil bare ikke at det skal gå utover helsa di, vettu ;)

    Forresten, forsto jeg riktig? Drakk du virkelig Cola? Oh, ye is a weak, weak man! Tsk-tsk. Til og med jeg har b’ynt å miste sansen for cola. Men jeg kan forstå deg asså, i en desperat situasjon som det der ;) Trodde bare aldri at Odin Hørthe Omdal ville gå så langt!

  4. Skjalg

    Nei det trudde ikkje eg heller, Rebecca…. Odin, det var ein interessant skildring av dette. Men hadde du kome deg ut med eit semesterkort??? Eg sende det til skrivarstova på laurdag.

  5. Egil

    Skjalg: Ikkje direkte, men for å få studentkort (som også er adgangskort) må ein ha semesterkort. Problemet er dog at det er litt kaos på Ifi siden det er byggeplass like utenfor døren. Derfor hadde det faktisk ikkje vore til hjelp om Odin hadde hatt adgangskort. Laveregradstudenter som oss har bare tilgang til ein brøkdel av Ifi utenfor åpningstidene, og inngangn/utgangen me kan bruke er per idag stengt grunnet byggeplassen. Men! Hadde han hatt studentkort hadde han nok ikkje vore på Ifi i utgangspunktet.

  6. Odin

    Rebecca: Eg la meg kl. 1600, så det blei meir enn 26 timar. Eg hang på Blindern og litt i byen før eg gadd dra heim. Sov til 21, då Synnøve kom heim. Me åt og såg på ein film, så sov eg fra 0:00 til 10:00.

    Eg måtte ha noko energi, den einaste energien i min rekkjevidde var Cola… Så, ja. Men eg likte det som sagt ikkje noko betre av den gunn – noko som er bra. Eg åt jo ikkje, kjære deg, av di eg ikkje hadde tilgang til mat. Men eigentleg var det ikkje noko stort problem, eg blei ikkje supersvolten nokon gong.

    Egil: Eg hev låst meg inne på PO eg òg, men der var det jo vakt…

    Skjalg: Bra, ok. Då vonar eg det kom fram no, så kan eg skaffa meg kort. Det hadde vore greier! :D

  7. Tilbakeping: Eg hev fått tildelt hybel! - Velmont

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.