Forseintkoming til fly, normalt sett ikkje lurt

Faen, faen, faen! Eg sit og ventar på T-banen og er alt for seint ute til å nå flyet mitt til Stavanger. Faen! Eg fekk eit sjokk tidligare på kvelden og trudde eg var for sein. Det var eg slett ikkje og tenkte eg måtte gjera meg ferdig med matte-obligen i staden. Det er jo forsåvidt litt lurt, i og med at eg stryk om han ikkje leverast imorgon. Sidan eg dreg, iallfall teoretisk, i dag må han dimed vera fordig no. Aaaargh. Faenskap.

Ei vonlaus ferd

Ein halvtime til flyget tek av. Og eg er på Majorstua (kom på T-banen nett)!? Argh. Kvifor syg eg så i å halda styr på klokka!? Ingen sjangs at eg rekk det. Likevel prøvar eg. Off-off. Fyrste gong eg fekk ah-flyet-sjokk var faktisk ganske bisarr og morosam. Om eg får bruka slike fæle ord i denne forferdeleg vonde og triste stund. Oi! Jernbanetorget! Spring!

Neeei! Neei! Nei!! Satan i helvette satan! Klokka: 21:16. Neste flytog: 21:25. Eg spurde NSB-mannen kor lang tid det tok… 20 minutt! Eitt minutt tidligare og eg ville kome fram 21:35. Altså 15 minutt før, i god tid. Med dette kjem eg fem minutt etter flyget hev gått! Ingen sjangs. Ikkje i havet. Akk. Eg er ikkje lei meg, men sterkt irritert. Ruteheftet eg sprang og henta viser at lokaltog er inga redning.

Skjermane på flytogsplassen viser flytider

Går ned til flyttoget. Veit ikkje kvifor, men det er min siste sjangs, så eg må sjekka. Der står toget. Timetabellen. Faen. Argh. Eg snur meg og les flygetabellen på skjermen der. Stavanger… ny tid 2230. HÆ!!? Kva!? Ja!! Ja! D-dddd… SK? Neei! Det er jo SAS!! Eg ser nedover på tabellen til mitt fly. Stavanger 2150… Ny tid… Ny tid? … Ny tid! Wow!!! Ny tid! Ny tid 00:20! W00t! Wow! Supergildt! :D

Trur eg aldri hev vore glad for ein tri timar lang forseinking. Eg gliser som ein unge i eit skip av bringebær. Nei. Endå meir! Heilt sjukt. Heilt bak mål. Heilt utruleg. Heilt typisk min flaks med min faste «Det ordnar seg og leier alltid til noko betre»-haldning. Det er sørenmeg utruleg. Eg hadd etenkt å vinkla denne teksten inn positivt i slutten – for sjølv i djupaste mørkret kjende eg dei positive undertonene syngja i sjela. Ganske fantastisk. Men det tyder ikkje at eg ikkje hadde det ganske jævlig medan det stod på. Det var kanskje difor eg blei så usannsynleg superglad då eg såg ei von i flytidene. Eg smilte med heile andletet og sa nokon flotte ord høgt.

«Neei!??», med eit digert smil og ymse anna. Lukkerus, total lukkerus. Eg var heilt fjern. Heilt svevande. Eg ante ikkje det kunne vera så fantastisk. Men det var vel berre ikkje slik som hender i røynda. Eg såg på skjermen, gjekk i sirkel. Gliste til alle eg såg. Eg ville fortelja dei om det. Eg fann ut eg skulle det. Endra meining då eg såg kor opptake dei var. MEN, eg måtte seia det til nokon. Eg sjekka skjermen ti gonger til før eg gjekk mot sitjeområdet. Der måtte det vera folk. Eg sat meg ned med tvo militærgutar som snakka. Utruleg kor opptake alle var. Etter ei stund kunne eg ikkje dy meg og fortalde om lukka mi. Trur det var godt eg gjorde det etter dei mystiske glisa eg gav. Eg blei sitjande og drøsa med dei ganske lengje. Ein og ein halv time. Kjempekos.

Toget til gardermoen

Noko rart hende – eg sit på toget no og plutseleg gjekk alt ljoset. Det var heilt utruleg. Blei totalt svart i og med at klokka er 23:30. Nokon sa «Hva skjer`a?». «Nattog», svara eg. Hehe. Eit par i vogna lo. Åhh. Eg hev frameleis den mjuke, kosekjensla inni meg. Er skikkeleg nøgd med å koma unna denne knipa.

Toget kunne bli littebitt forseinka, men med heile 20 minutt margin er eg sikra. Er jo innanlands fly. Hmmm. Bryjar bli trøytt – men er vel likevel betre skikka til å fortelja historia om fyrste gong eg trudde eg miste flyget i dag. Eg var innelåst.

Innelåst ein obskur plass på PO, denne gongen

Nei, _me_ var innelåst denne gongen. Så ikkje åleine, nei. Heller ikkje på IFI, eller ein annan plass der folk normalt er. Nei, dette var ein totalt gløymd plass. Det var ein _liten_, totalt gløymd plass der normalt ingen ville vore. Pluss eit klasserom som det tydelegvis ikkje hadde vore folk i på over ti år. Det var heilt surrealistisk. Korleis kan ein ha slike bygningar? Også _den_ sentrale plassen. Eg var der med tri andre frå Ping. Data-geek-laget på UiO. Men kvifor i alle dagar var me der og foreslo å mekka klasserommet til husvære? (som take ut av Brødrene Dahl!)

Jo, me hadde gått på oppdagingsferd etter switchen me får internett fra (typisk Ping, hæ?) av di me hev problem med pakketap og anna ondskap. Me tok vareheisen opp til tredje, medan den siste oppdagaren blei igjen. Hamsterlukta blei for sterk. Ping hev nemlig eit problem med at det luktar daud hamster om kvelden når ventilasjonsanlegget går av. «No kan me finna kjelda til lukta», sa Morten då me kjende lukta blei sterkare.

Ok. Seriøst. Eg synest me kan vera framme snart no når klokka går mot 0010! Stygge forseinking på toget!

Me tok den treige, skumle og sterkt klaustrofobiske vareheisen oppover mot tredje, der me hadde høyrd at switchen var. Det var ein liten rektangulær gang som møtte oss. Veldig skitten og veldig rotete. Til venstre var ei glassdør – gjennom den såg me det me leitte etter; nettverksskåpet. Men døra var låst. Til venstre var ei dør med mange stolar, pultar og anna rot foran. Siste døra var òg låst. Me opna døra til venstre og skyvde rotet vekk. Der fann me den forlatte kjemisalen. Med nauddusj og vask.

Då me kom ut igjen var heisen gått ned. …og ville ikkje opp igjen! Knappen fungerte ikkje og me var innelåst på ein liten, gløymd plass! Men ein hadde jo blitt igjen. Me ringde. Ingen svar… Meg og Morten gjekk for å leita etter kniv eller skruhjern i klasserommet. For å kunna opna døra. Då me bittelitt etter ikkje fann noko, gjekk me ut igjen og var åleine. Dei andre var vekk. Etter litt konkluderte Morten med at dei måtte ha teleportert.

Plutseleg kom eg på noko. Flyget! Eg burde vore på veg no! Men! Innelåst! Nett då starta heisen opp. Dei andre kom(alle) med skruhjern for å få opp glasdøra. Eg hoppa inn i heisen og reiste ned saman med spiff. Eg var stressa til tusen, stod foran PC-en vel nedefor å finna rutetider og kor tid flyget drog. Phew! Eg var letta då det viste seg det var lengje tid.

Det er likevel ikkje heile historia (haha, så slem eg er. Du må lida deg gjennom meir!) for etter ti minutt kom spiff inn igjen. Dei hadde satt seg fast i heisen! På ein eller anna måte hadde dei klart å koma seg ut igjen, men no ville ikkje heisen flytta seg eitt hakk. Dei var verkeleg stengd inne. Akk. Eg fortsatte på matte-obligen medan spiff og gus stakk for å sjå om dei kunne finna ein alternativ veg opp til den gudsforlatte staden. Det fann dei på naude nippet og kom seg ut, fekk eg høyra. Døra vedsidan av nettverksskåpet stod det forresten: «Forsøksdyr. INGEN ADGANG». No visste me iallfall kor stanken kjem frå. Sikkert gjengløymde daude dyr som ligg der. Morten kontakta vakten på staden og blei med for å sjekka romet. Der var boks på boks på boks med rotter og andre forsøksdyr. Levande i dei små boksane. Off. Slemme universitet. Stakkar dyra + me må leva med lukta. Det blei foreslått å taka heisen opp og sleppa dei ut. (:P)

Eg gjorde obligen ferdig nett då eg fann ut eg var sein. Nokon andre måtte levera han. Eg måtte springja. Vel nede på T-banen starta eg skriva.

No landa me nett i Stavanger. Eg er heime. Eg skal spara dykk for fleire detaljar og den hektiske turen gjennom sikkerheitskontrollen. (Eg rakk nesten ikkje det forseinka flyget! Sprang som ein helt).Men phew! Eg blei visst sjuk på flyget. Var framme 01:25, ikkje 00:45 som eg sa til pappa. La meg 02:00.

Dette er ei stund sidan, men eg hev ikkje gidda skriva det over frå avtaleboka mi til datamaskin. Men her er det. :-)

8 tankar om “Forseintkoming til fly, normalt sett ikkje lurt

  1. Rebecca

    Du asså! Jeg har aldri hørt noen ha større flaks!! Hadde nesten vært bedre om det ikke var ny flytid, for da hadde du ENDELIG lært at du må bli litt mer PUNKTLIG. Men det er litt ondt å si. Mwoahahahah :P Jeg er glad det beli ny flytid, jeg :)

  2. Odin

    Rebecca: Heh. Velvel. Eg hev jo mista flyget heilt óg… Då eg var i England blant anna. Då måtte eg hengja i London i tvo-tri dagar. Men det var jo tøft ;D

    Jarle: Godt å sjå deg tilbake med kommentar, kamerat :D Nattog, ja. Då eg reiste frå Stavanger til Oslo sist gong fekk eg faktisk sova. Eg fekk tvo seter og hadde pute med meg. Det var superherleg! Men. For ikkje så lengje sidan skulle eg taka nattoget heim frå Oslo, då klåra eg mista det òg! Så det er ikkje noko problem…

  3. Egil

    Tydeligvis mye rart som skjer på Ping når eg ikkje e der. Når du først skrive Morten me navn burde du vel kanskje skriva Håvard og Anders og? :p Forresten vil eg ha max credz for å ha levert obligen. E min godhet din deltakelse i faget står på, så nå må du ikkje forsømma tilliten min me ikkje å øva på midttermeksamenet. :p

  4. Monique

    Ah, endelig kan eg kommentera igjen!!

    Våre borti det å mysta et fly ein gang før. Det va særs ukjekt, i og med at eg stresse eindel når sånne ting skjer, någe du sikkert la litt merke t. Menne, du kom deg då heimatt tslutt då!:D

  5. Odin

    Egil: Nei, Morten er liksom Morten. Spiff og gus kjenner eg ikkje med namn :P

    Ære til Egil for å hacka obligen opp i innleveringsboksen. Imorgon må eg gjera INF1040-obligen. Skal få sjå om eg får øvd litt matte òg ;-)

    Monique: Ikkje bra å vera stressa. Må vera som meg. c00l as a banana! :D Hyhy. :P

  6. Skjalg

    Odin, nå kom du deg til Stavanger og tilbake og. Denne gongen med tog. Veit ikkje om du måtte springe etter toget i Oslo, men det gjekk i likaste laget frå Stavanger i går. Men nå skal du alereie gjere deg mentalt klar for å reise til STAVANGER KL. 14.10 PÅ FREDAG DEN 20. OKTOBER. Begynne å planlegge reisa til Gardermoen nå… Så kan du gløyme alt stress seinare…

  7. Tilbakeping: D70-kamera og linse er vekk - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.