Innlegg tvohundre, fly til Stavanger

Phew! Jammen bra eg fann ut eg skulle koma tidleg åt flyplassen i dag! Ikkje berre tidleg, men ekstremt tidleg. Ein time før avreise. Då eg kom opp i reise-hallen var eg møtt av eit horribelt syn; endelause køar foran sikringssjekken. Sjølv med mi ekstremt gode tid vart eg forferda. Tenk om eg berre hadde hatt mi normale, dårlege tid!

Dette vart skrive 20. oktober

Forresten er dette innlegg 200, om dette er det fyrste eg skriv over (det er 200, ja, eg hev unngått å skriva eitt innlegg til av di eg ville hava dette over som nr. 200, av ein eller anna teit grunn). Eigentleg skreiv eg nr. 200 i går (no lengje sidan) – om at boka mi var full – men eg hadde hastverk med å rekkja siste t-bane og gløymde dimed å lagra. Det handla ganske enkelt om at boka mi var full, pluss utruleg mange digresjonar og småhistoriar. Grunna den fulle boka skreiv eg innlegget rett på nett – ganske annleis enn slik det hev vore i det siste. Eg kjenner små historier er enklare å skriva i den lille boka. Hev ofte skrivekick og historia ferskt i minnet då. Plar verta betre historier enn elles. Hadde eg ikkje hatt boka, ville eg ikkje gidda å skriva historiene då eg endeleg kom til ein datamaskin.

Dei siste tvo dagane, då boka hev vore full, hev tri forskjellege småhistoriar surra kort i hovudet. Ferdige med full tekst, men no er alt gløymd. I dag til morgonen hugsar eg (tilnærma) ei kort line eg hadde i hovudet; «Inne i blokka manglar me vatn, men utanfor høljar det ned». Noko slik. Litt seinare var eg på ein pinlig enkel matteforelesing. Ærleg talt, me hadde det same for tvo dagar sidan. Då bruka me tvo timar på noko me burde ha bruka maks èin på. Så kjem eg på ny forelesing med tvo nye timar til med derivasjon! Nyhende til verda; derivasjon er sørenmeg dritlett! Likevel brukar foreleserane usakleg mykje tid på det. Eg blei irritert og stakk frå forelesinga.

Så tok eg toget til Gardemoen og vart overraska. Etter ei lang tid i kø kom eg fram til sjekken, ut med datamaskina og alt metall i jakka. Ei dame ville «bodysjekke» meg, noko eg gav ho løyve til å gjera medan eg fortalde ho det strengt take heitte «kroppsvisitt» på norsk. Dette tok lang tid. Ho var særs nøye for å seia det slik, med ein fing ned i bokseren og rundt strikken. Visste ikkje dei pla vera so nøye. Skorne mine peip. Eg måtte tilbake og senda dei òg gjennom maskina. Så etter endå lengre tid var eg klarert. Ikkje rart det var ein enorm kø dobbelt so lang som køsystemet deira eigentleg taklar.

No landar snart flyget og eg startar ei jobbhelg i Stavanger. Forresten omsatte eg (retta ;)) Norwegianreklamen på flyget. Mohahahahawhawhaw. Eg var i Stavanger og fekk jobba mykje. Det var moro. Men no er eg attende i Oslo.

Forresten hev eg skrive lite på sida av di eg ville at dette skulle verta #200. Eg hev eit par tøffe innlegg i boka.

17 tankar om “Innlegg tvohundre, fly til Stavanger

  1. Skjalg

    Gratulera Odin! Du er ein flink skrivar, men eg ynskjer det var meir enn det har vore i den siste tia. Eg ser me glede fram til fleire innlegg og kan hende nokre fleire kvardagshendingar! SKriv i veg!

  2. Odin

    Skjalg: Eg skal byrja lasta over frå boka mi ;-)

    Egil: Det er mekka. Kan prøva å gjera det for alt det er viktig at eg hev skrive for ei stund sidan.

  3. Rebecca

    «Ei dama ville «bodysjekke» meg, noko eg gav ho løyve til å gjera medan eg fortalde ho det strengt take heitte «kroppsvisitt» på norsk. Dette tok lang tid. Ho var særs nøye for å seia det slik, med ein fing ned i bokseren og rundt strikken.»

    OH MY GOD!!! Hva er adressen hennes? Arrrggghhh!! Åssen våger’a!

    :P

  4. Odin

    Rebecca: Haha, det var berre morsomt :] Men blei overraska over kor nøye det var. Eg skulle jo berre til Stavanger!

  5. Egil

    Å fly nå te dags har blitt altfor stress. Snart ende d vel me at alt må sjekkas inn og at me må sitte på flyet me spesiallagde kondomdrakter.

  6. nado

    Har isje reist med fly på någen år så eg har ikkje opplevd kroppsvisitt ennå. Bler nesten litt ekstremt :P

  7. nado

    Eg syns det blir drøyt, e jo sje någe kjekt iallefall. For hverken av partene.

  8. Egil

    Alt i kampen mot terror vett du! Eg forstår egentlig ikkje alt dette hysteriet. OK, terror e skummelt og trist og leit for de det går utover, men ka hjelpe d me stadig flerne idiotiske krav mod sivilbefolkningen? D e jo ikkje som om disse angrepene e impulshandlinger kor de bare håpe på å komma seg gjennom systemet. De e jo nøye planlagt og vil alltid finna smutthull å utnytta, mens me sitte igjen me et dårligere tilbud pga såkalte «tiltak for vår egen sikkerhet». Eg e overbevist om at gjennom lagsiktig planlegging kan de fleste terrorgrupper på ein eller aen måde smugla hyperbolske væsker inn på et fly, gjennom korrupte bakke-ansatte osv, mens me vanlige borgere ikkje eingang kan ta me oss någe å drikka gjennom sikkerhetskontrollen. Nei, d e kapitalisme og økonomisk vekst d e snakk om her, ikkje prevantive tiltak,

  9. Odin

    Egil: Det er sant. Og dessutan er jo terror ein utruleg overhypa ting, redselen me fær servert av media er ekstremt overdrive. Ærleg talt, det er ingenting mot reint daglege hendingar og ikkje minst krigar i gamle dagar. Neinei, terrorfrykt er ein måte å kontrollera innbyggjarane på.

  10. Karlsen

    “Ei dama ville «bodysjekke» meg, noko eg gav ho løyve til å gjera medan eg fortalde ho det strengt take heitte «kroppsvisitt» på norsk. Dette tok lang tid. Ho var særs nøye for å seia det slik, med ein fing ned i bokseren og rundt strikken.”

    Hva ville skjedd med meg som går kommando?

  11. Synnove

    Endå ein grunn til å ta tog i staden for fly: Du slepp å verta tafsa på, i alle fall av personar som har lov til det.

  12. Odin

    Synnøve: Hehe, vel. Det er ikkje so mange som vil tafsa på meg – so eg tykkja det var ganske greitt. Men, ja. Jo fleire argument me hev mot fly, jo betre!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.