Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!

Av kule ting kan eg nemna auka stønad til open kjeldekode og opne standardar, ganske enkelt fantastisk! Som eg skreiv på digi sine sider:

Superbra! Dette her hev me venta på. No vonar me berre dei standardiserer på ODF (OASIS OpenDocument) og ikkje det «tulle-opne» dokumentformatet til Microsoft (det nye XML-formatet). Me må koma oss vekk frå at staten låser seg sjølv inn i eit Microsoft-hjørne – og gjer livet vanskeleg for alle rundt i same slengen. Det lyt ikkje vera naudsynt å hava Windows for å vera del av samfunnet lengre. Forresten var det vel Høgre som starta dette her, – bra jobba Høgre! Og godt gjort raud-grøne regjering som endeleg løyva pengar til å kunne gjera det. Eg hev von om ei ljos framtid :-)

Elles, av andre kule ting, kjem auka løyvingar til breibandsutbyggjing. Dette er godt, sidan eg kan tenkja meg å flytta ut på landet om eg tek ein IT-jobb seinare. Kan starta mitt eige føretak på landet. Hadde vore dritkult. Dei hev gjeve skattelette for dei med lite pengar, og auka skattar for dei med mykje. Kjempebra! Slik vil me hava det i Noreg. Masse bra altså, men eg mista interessa for det litt no. Fri programvare-delen var det som eg likte best!

LoveIT og Høgre, open kjeldekode fram!

Med det: i går sat eg og surfa litt. Kommune-noreg hev fått ei ny nettsideløysing som hev open kjeldekode. Superbra, det ser tøft ut òg. Frå der surfa eg vidare, og kom til Høgre sine sider. Eg må seia dei er utruleg flotte, og veldig godt laga. Dei brukar Emnekart som er ein ISO-standard for det meste utvikla i Noreg. Den gjer nettstadene meir oversiktlige og betre å bruka. Eg såg litt meir på det og fann ut Høgre hev bygd sidene sine på den opne kjeldekodeplatformen Zope. Som dei seier det sjølv:

Høyres Hovedorganisasjon benytter i stor grad Linux som serverplattform, samt alternativ programvare. Vårt publiseringssystem er også basert på åpen kildekode og driftes på Linux-servere.

Du kan lesa meir om Høgre og open kjeldekode på heimesida deira. Dei er mot Microsoft sitt monopol, meiner det ikkje er bra for fridommen og konkurransen. Eg må seia eg er røynleg glad i Høgre på dette feltet. SV og venstresidepartiene meiner det same, men SV hev ei ekkel, propitær løysing og køyrer nettsidene sine på Windows-tenarar. Æsj! RV brukar BSD… Typisk RV, hæ, skal alltid bruka raraste ;-) Men det er jo ope!

Så, ja, det var ei positiv politisk vitamininnsprøyting i kvardagen.

9 tankar om “Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

  1. Odin

    Vebjørn: Eg høyrde òg auka løyvingar til jernbanen. Eg hadde lite svevn, ja, men kan du forklåra meg kva som er dumt med det?

  2. Vebjørn

    Auka løyvingar til jarnbanen er ikkje dumt. Det som er dumt er at løyvingane, trass i at det er ein enorm auke i forhold til utgangspunktet, er so forbanna små. Samstundes får vegane so vidt eg har fått med meg minst like mykje i auka løyvingar. Det er altso samferdsle generelt som får eit lite lyft, og jarnbanen får ikkje det som skal til for å verta konkurransedyktig med vegtransporten. For at det skal skje, må det veldig mykje meir pengar til jarnbanen.

    For all del, dobbeltspor mellom Stavanger og Sandnes, samt ny godsterminal på Ganddal (som til saman utgjer store delar av ekstraløyvinga til jarnbanen) er svært gode tiltak, men det er so uendeleg mykje som manglar. Kvar er Haukelibanen? Kvifor ligg det so mange nedlagte lokalbanar der trafikken står og stampar i kø rett på bilvegen på sida av (til dømes Ålgårdbanen …)? Kvifor skal me pøsa ut like mykje/meir pengar på vegnettet som me gjer på jarnbanen, når vegstandarden ligg milevis føre jarnbanestandarden, og når me veit so inderleg godt at ein ikkje kan asfaltera seg ut av køproblema i biltrafikken?

    Eg er glad for at jarnbanen får meir stønad. Tvil ikkje på det. Men eg kjem aldri til å tykkja at eit norsk statsbudsjett der satsinga på bilveg er like stor som satsinga på jarnbane fører ein serleg god samferdslepolitikk.

    Men no er det ikkje samferdslepolitikken isolert sett som gjer at eg ikkje tykkjer dette er eit serleg godt budsjett. Det er heilskapen, målt opp mot kva det burde ha vore (på regjeringa sine eigne premiss. Hadde det vore mine eigne ville eg aldri vorte nøgd :)). Den store lovnaden før valet var nemleg at me skulle få ein «ny kurs», og dette budsjettet stakar ikkje ut nokon ny kurs. Nokre små kursjusteringar har dei gjort, men med unnatak av barnehagesatsinga og fleire frie midlar til kommunane er ikkje skilnaden akkurat som natt og dag. Det vil seia, dersom du er i Nord-Noreg midtvinters er skilnaden nokso tilsvarande. Mørkt døgnet rundt, sjølv om dagen ikkje er fullt so mørk som dagen.

  3. Egil

    (prøve meg på litt nynorsk) Satsing på open kildekode og opne standarder e veldig bra tiltak, men dei e jo ikkje så stort stykje?! av statens område. Eg hev jo vore i London (som du diverre har fått erfart :p) så har ikkje sett noko særleg på budsjettet enno. Ellers har eg fått utvia oppgåven på jobb og ska no gjer det databasesystemet me allerede har laga om te client-server me MySQL som backend. Inn med FOSS i næringslivet!

    Vebjørn: Kvifor denne fokusen på jernbane? berrer lurar siden eg ikkje veit kvem du er.

  4. Vebjørn

    Egil: Fokuset på jarnbanen kjem av at Odin meinte løyvingane til jarnbanen var eit argument for at budsjettet er godt. Og då får han sjølvsagt svar. :o) Grunnen til at Odin valde å bruka jarnbanen som døme er nok kanskje at han veit eg er litt over middels tilhengar av jarnbanen(og litt over middels motstandar av flytrafikk).

  5. Odin

    Egil: Flottflott. Men «stykkje» er feil ord å bruka, del er betre. Ikkje stor del av området til staten. Vel, jo, staten gjev mykje informasjon – dessutan lyt all kommunikasjon med staten vera open og tilgjengeleg. At staten går over til opne format tyder at næringslivet sin veg blir brauta; dimed kan dei enklare gå over til dei himmelske formata og bli frelsa i FOSS-himmelen! :D

    Vebjørn: Eg er òg stor tilhengar av jarnbane! Eg tykkjer flytrafikken lyt få ein sterk fiende i jarnbanen. Mohahahahahawawahawahah. Ja, – me er gutar for Haukelibanen!

  6. Egil

    Eg er stor tilhengar av valuta for pengane, og nsb sove har blitt altfor dyrt, så fiend = void gitt at ein ikkje lev under fattigdomsgrensa på lange strekningar.

  7. Odin

    Egil: Meg og Vebjørn meiner sjølvsagt at me vil hava Haukelibanen (Stvg-Oslo 3 timar, Stvg-Bergen 3 timar) og auka stønad og satsing på jarnbane. Det tyder billigare (gjerne statseigd) reiser, som er hugnadsame og raske. Me vil at det ikkje skal takast pengar frå togtrafikken for å byggja vegar og lata bilane få styra; me vil hava det motsett. Styrk jarnbanen!

    Nett no tek jo òg eg fly, det er raskare og billigare! Men eg misliker slik flyging då. Det er ei stor byrde for miljøet. Så, jarnbanen opp og fram! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.