Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Monthly Archives: November 2006
Norsk esperantoungdom på TV, Odin på TV?
Safari skal gå imorgon tysdag 28.nov, dei var der under fotograferinga av meg, då eg var modell for Bård Ask (hoho). Blir moro å sjå bileta til Bård Ask, han var ein kul fyr. Om dei viser og seier noko om NJE, so er det visstnok jomfruferda på TV. Om du vil sjå meg i sexy singlet, med vifte i håret og rå «pose», kann du sjå på NRK1 kl. 2230 (Safari).
Eg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger
Eg lurar på kvifor flyvertinna ler so hjarteleg til mannen som sit på fyrste rad i flyget. Ho sit ganske nært òg. Eg tenkjer det er broren. Det var noko litt rart med han, så eg trudde ikkje det var kjærasten. Rar denne dømminga på førehand. Mannen snakkar. Han hev ei heilt utruleg flott stemme. Mørk, stavangersk, seriøs. Interessant. Hmmm. Diggar stemma.
Continue readingPappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva
Eg oppfordrar alle til å skriva under på “oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforening”:http://www.opprop.no/opprop.php?id=støyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]
Continue readingEtevanar, nei -uvanar
Eteuvanane mine når nye botnpunkt. For det er det det er (sic); eteuvanar.Etevanar hev eg ikkje. Nada. Finst ikkje. Det einaste ein kanskje kann kalla ei vane er det å ikkje eta. Off-off. Uvanar.
Continue readingIngar Arnøy. Helt.
Wow! Berre, wow! Eg kan ikkje ordleggja meg betre enn dei som ikkje kan ordleggja seg. Byter det ut med store augo, måpande munn og stadig gjentakande positive, enkle og overraska ord. Ingar Arnøy er så helt. No er han ikkje den store altoppslukande helten, men når det kjem til målsak, å hava dritgode foredrag og ikkje minst det å engasjera, så er han superhelt.
Continue readingNokon hev visst fritidsproblem
I går natt fekk eg vita at det faktisk bur nokon ved sidan av hybelen min. Eg la meg kl. 3 (sat oppe og hacka på Stavanger Casting, starta på botn. No med mitt eige rammeverk!) og då høyrde eg høgt og klårt stemmar i det andre rommet. Dei snakka høgt, og smalt med dørene, men i natt var det verre.
Continue readingFolk går ikkje ut utan musikk på øyro
Alle på busstoppet høyrer på musikk. Då kan eg gå fram og tilbake og syngja utan at dei tri med-ungdomane mine trur eg eg gal. Inne på bussen er det endå fleire som sit med hovudtelefonar, eg er einaste som ikkje gjer. Mista jo MP3-spelaren min for ei tid sidan. Og helvete som eg missar å skriva i boka mi…